Turneringa
DRØSET: Går det an å bli våt på innsida av regntøy? Ja.
Det var uvant med vekkarklokke på ein søndag. Det kjendest som ein tysdag.
Kor mykje utstyr skulle dei ha med seg? Kor mange skift? Han ante ikkje. Hadde aldri vore på fotballturnering før.
Fram til dei sette seg i bilen, draup det bare så vidt. Jo naermare dei kom turneringa, di meir auka regnet på. Temperaturmålaren på dashbordet viste ti grader. Då dei parkerte, var det ni.
Det hadde vore ein uvanleg varm og tørr sommar. Vannmagasina rundt om i landet låg langt under normalen. Denne dagen var det som om naturen ville kompensera for all den manglande nedbøren i juni, juli og august.
Gutungane var klissvåte allereie etter første omgang i første kamp.
Håret låg klistra inntil dei små hovuda, drakta hang tungt på dei tynne kroppane.
Reservane begynte å bli borte litt uti kamp nummer to. Somme stod og grein, med stive armar rett ned. Andre stira bare apatisk framfor seg mens dei oljehyrekledde foreldra prøvde å få dei til å røra på seg, springa litt rundt i landskapet av veksande pyttar.
– Er du klar, spurde trenaren ein av dei små kroppane.
– Nei, kom det kontant frå kroppen.
Foreldra kappast om å halda humøret oppe. Dei smilte stivt gjennom iskalde tenner. Sjølv kunne han ikkje skjøna korleis han hadde blitt våt til skinnet der blesten og striregnet stod på som verst. Han hadde jo på seg den fancy regnfrakken. Så oppdaga han at han hadde gløymt å lukka glidelåsen i lomma. Nå var det for seint. Han hadde ikkje med skift til seg sjølv.
Sonen hadde lurt på kor mange minutt det var igjen sidan det var 156 minutt igjen. Men nå var det kamp nummer tre og turneringa gjekk mot slutten. Sjølv om det virka umulig, hadde regnet auka på. Det same hadde vinden. Temperaturen måtte ha falle.
Så var det over. Sonen fekk sin første pokal. Han song lagsongen saman med åtte andre små, iskalde kroppar. Han var verdas lukkelegaste 6-åring.
Sjølv om det virka umulig, hadde regnet auka på.