Stavanger Aftenblad

Kapittel satsar på «samhald» i konfliktfy­lt tid

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

STAVANGER:

I morgon startar årets Kapittel-festival – som tidsriktig kunne valt «kamp», «splitting» eller «konflikt» som tema. I staden valde dei positive «Samhald».

– Me var inne på tanken om å velja «strid» eller «splitting». Men «Samhald» opnar opp meir. Det har gitt større kreativ kraft i å velja det positive framfor det negative omgrepet, seier Kapittel-sjef Espen Røsbak.

Onsdag til søndag går Stavanger internasjo­nale festival for litteratur og ytringsfri­dom - meir kjent som Kapittel - av stabelen. I fem dagar vil Sølvberget og mange av Stavangers kulturscen­er fyllast av forfattara­r og intellektu­elle frå inn- og utland. Og mens det som skaper overskrift­er over heile verda for tida ser ut til å handla om konflikt, splitting og polariseri­ng, valde altså Kapittel å laga festival rundt «samhald».

Dei naere ting

– Eg syns «samhald» er ein meir spennande inngang. Ein inngang som gir eit slags håp i ei urolig tid. Det har skapt ein del assosiasjo­nar eg kanskje ikkje hadde venta på førehand. Det er eit omgrep ein kan få mykje ut av.

– Og kva har de fått ut av det? – Bra oppfølging­sspørsmål. Ein skulle kanskje trudd det skulle blitt mest om politikk, men det temaet som har vist seg å bli størst i årets program, handlar om dei naere tinga. Om samhald i familien, om det private samhaldet - om det som har vist seg å vera ein trend i norsk litteratur denne hausten. Som i Janne Stigen Drangsholt­s skildringa­r av familieog arbeidsliv. Eller i dramaet Sigrid Rausing opplever når broren blir heroinist, svarer Røsbak.

Europeisk - og lokalt

På europeisk nivå ser han saerlig fram til tyske Simon Strauss sitt foredrag om europeisk fellesskap:

– Han leverer eit tydeleg, intellektu­elt forsvar for ein felles, europeisk kultur.

Men også det lokale samhaldet skal løftast fram, når Kapittel søndag flyttar alle arrangemen­t, bortsett frå filmane, til Finnøy og Rennesøy - som skal bli ein del av Stavanger kommune.

– Dit kjem ein annan av årets hovudgjest­er, nederlands­ke Geert Mak, som er i gang med eit nytt, europeisk prosjekt - grunna på Maks bekymring over det som foregår i Europa for tida.

«Oss» mot «dei andre»

– Det positivt ladde omgrepet «samhald» forutset eit «oss» men dermed også logisk ei avgrensing mot dei som ikkje er ein del av samhaldet, og som dermed er «dei andre». Slik kan samhald skapa konflikt også?

– Det er ei klassisk problemsti­lling. Som i måldebatte­n her til lands, seier Røsbak, som i år kommuniser­er på nynorsk i alt materielle­t frå Kapittel:

– I måldebatte­n har det vore steile frontar, og det skal Sylfest Lomheim snakka om. Og så er eg veldig nøgd med å ha fått inn ei mannjevnin­g mellom jubilantan­e André Bjerke og Aasmund Olavson Vinje, seier Røsbak, som også trekker fram danske Kaspar Colling Nielsen, som dreg «oss» mot «dei» ut i det ekstreme i skildringa av ein dansk borgarkrig. Eller kva med Hanne Eggen Riøsliens foredrag om det sterke samhaldet i det israelske militaeret?

Mange arenaer

Mesteparte­n av Kapittel foregår på Sølvberget, men det er også avstikkara­r til Kåkå, til Fargegata, til Tou Scene. Og så blir det bygdefest i Kunsthalle­n når svenske Bob Hund spelar opp fredag.

– Det er ganske tydeleg for oss at kvar arena har ulikt publikum. Lukkast me, klarer me å nå ut til nye og blanda litt publikumsg­rupper, seier Røsbak, som har sett ganske stabile publikumst­al på rundt 12.000 siste åra.

– Har du inntrykk av at det er buzz rundt årets festival, to dagar før de opnar?

– Det verkar som om det er bra interesse. Folk kjøper billettar på førehand, det gjorde dei ikkje før. Mitt inntrykk er at folk gler seg, at mange veit at det er Kapittel i september, at folk snakkar om festivalen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway