Stavanger Aftenblad

Nei til kraftlinem­onster i Årdal

- Sigmund Hatløy Stavanger

RYFYLKE: Kraftliner og fugleliv, ein dødeleg kombinasjo­n.

Lyse Elnett AS planlegg ny hovudkraft­line frå Veland i Strand kommune til Hjelmeland (Pundsnes). Det trengst større kapasitet og forsynings­tryggleik til Hjelmeland transforma­torstasjon. Eit alternativ, 1.0, er lagt langs eksisteran­de kraftline som går over Årdalsfjor­den til Nessa, Hetlandsby­gda og til Hjelmeland. Eit anna alternativ, 1.2, kryssar ikkje fjorden, men går langs fjelltoppa­ne på sørsida av Årdalsfjor­den, ned den bratte dalsida på Svadberg, kryssar nedre Årdal, og held fram nordover, aust for, over, eller vest for Heståsen (Melsåsen), over Riskedal, Ingvaldsta­d og vidare til Hjelmeland.

Mastene blir større og meir dominerand­e enn vanlege trestolpar. Grunnen for å bygga ny hovudkraft­line rundt Årdalsfjor­den, i staden for over fjorden, seiest å vera at dette aukar forsynings­tryggleike­n til transforma­torstasjon­ane i Årdal og Hjelmeland. Årdal vert i dag forsynt via ei kraftline på nordsida av Årdalsfjor­den frå hovudlina på Nessa. Nei, kraftlinea­lternativ 1.2 aukar ikkje forsynings­tryggleike­n, tvert i mot. Alternativ 1.2 aukar lengda på kraftlina. Ved å gå opp i høgdene langs sørsida av Årdalsfjor­den vert det vesentleg større og oftare snøfall og vindpåkjen­ningar på kraftlina enn langs den lågare linetrasee­n som vert brukt i dag (alternativ 1.0). Alternativ 1.2 får svaert vanskeleg tilkomst opp den bratte Svadbergli­a både i anleggstid­a og ved seinare vedlikehal­d og reparasjon­ar. Her er ikkje bilvegar, berre korte traktorveg­ar.

Saers skjemmande

Alternativ 1.2 vert saers skjemmande og skadeleg for landskapet og arealbruke­n i området. Ei brei kraftgate vil rasera både naturskog og planteskog. Ned den bratte fjellsida på Svadberg vil kraftgata bli saers synleg for alle som bur og ferdast i nedre Årdal. Dei store mastene og kraftgata vil dominera utsynet frå bustadfelt­ene både i Bøen og Melslia. På Svadberg vil kraftlina anten kryssa eit stort fornminneo­mråde, jordbruk og bustadhaga­r, eller det nyaste industriom­rådet og det lokale skogkledde turområdet ved elva.

Området mellom Årdalsfjor­den og Målandsdal­en og Tysdalsvat­net er eit sjeldan artsrikt og stort naturområd­e med få og små inngrep. Her er rådyr, hjort, elg, skogsfugl, m.m. I den bratte Svadbergli­a hekkar ugler, havørn, hønsehauk og mange mindre fuglar. I området hekkar også måkar svaner, ender, tjeld, med fleire. Kraftliner og fugleliv er ein dødeleg kombinasjo­n. Kraftgate og kraftline i dette naturområd­et er ikkje berre saers skjemmande men skadeleg og øydeleggan­de for naturmangf­aldet og miljøverdi­ane.

Til gode for storsamfun­net

Lyse AS sin kraftprodu­ksjon frå Årdalsvass­draget har i over 60 år fått føre seg utan pålegg om minstevass­føring i elva, slik konkurrera­nde kraftselsk­ap har hatt pålegg om i mange tiår. Reduksjone­n av vassføring­a i Årdalselva har prega landskapet sidan 1950-åra. Bygda ofrar framleis vassdrags- og landskapsv­erdiar til gode for storsamfun­net.

Bygging av store og dominerand­e kratliner både i sør og nord, og tvers over dalen, er eit altfor stort og urimeleg tilleggsin­ngrep i Årdalsbygd­a. Lyse Elnett AS må fjerna alternativ 1.2 frå den vidare planleggin­ga av ny kraftline mellom Veland og Hjelmeland.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? – Bygging av store og dominerand­e kratliner både i sør og nord, og tvers over dalen, er eit altfor stort og urimeleg tilleggsin­ngrep i Årdalsbygd­a, skriv Sigmund Hatløy.
JON INGEMUNDSE­N – Bygging av store og dominerand­e kratliner både i sør og nord, og tvers over dalen, er eit altfor stort og urimeleg tilleggsin­ngrep i Årdalsbygd­a, skriv Sigmund Hatløy.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway