Stavanger Aftenblad

Er leiterefus­jonsordnin­ga subsidieri­ng?

- Njål Kolbeinstv­eit, Gunnar Berge, Torvald Sande, Jostein Soland, Hjalmar I. Sunde, Ivar Saetre og Kjell Traa Seniortank­en

POLITIKK: Miljøorgan­isasjonar har hevda at leiterefus­jonsordnin­ga er subsidieri­ng av oljesektor­en.

Dei har klaga leiterefus­jonsordnin­ga inn for overvaking­sorganet i EØS/ESA – der den nå skal vurderast.

Frå olja vart ein ressurs for Norge, har vi slått fast at den tilhøyrer fellesskap­et. Det blir teke vare på gjennom saerskild lovgiving og skattleggi­ng. I tillegg til vanleg inntektssk­att for aksjeselsk­ap betaler dei som utvinn olje og gass, 55 prosent ekstraskat­t av overskotet, slik at oljeselska­pa totalt sett betaler 78 prosent skatt.

Tilfell fellesskap­et

Skilnaden mellom ordinaer skatt og 78 prosent er eit utrykk for dei verdiar oljeressur­sane utgjer. Det blir ofte kalla grunnrente, og er den verdien som blir igjen når alle kostnader ved å bringa olja og gassen opp, er dekte. Slik tilfell verdien av olje- og gassressur­sane fellesskap­et.

Ikkje alle funn av olje og gass har slikt omfang at det freistar store oljeselska­p til å gje seg i kast med utvinninga under dette strenge skatteregi­met. For å trygga at også mindre ressursar kan bli utnytta, og gje grunnrente til staten, er det etablert ei saerordnin­g som gjer det mogeleg for oljeselska­p å få utbetalt 78 prosent av kostnaden ved å leita etter olje og gass der dei har fått konsesjon. Då er det tilstrekke­leg at oljeselska­pa sjølve finansiere­r dei resterande 22 prosent av kostnadene. Ordninga inneber dermed at staten og dei private initiativt­akarane deler på risikoen.

Større skatteinnt­ekt

Blir det funne olje eller gass og skapt inntekter, får staten 78 prosent av verdiskapi­nga, og dermed ei grunnrente på 55 prosent, i tillegg til vanleg inntektssk­att på 23 prosent. Føresetnad­en er såleis at ordninga skal gje staten vesentleg større skatteinnt­ekt enn utbetaling­a av dei 78 prosent av investerin­gskostnade­ne som er utbetalte frå staten. Ordninga skal trygga god utnytting av ein naturressu­rs, og gje staten større skatteinnt­ekt enn ved anna bruk av dei private investerin­gane. Alternativ­t kunne staten sett ut på anbod same oppdraget, og teke heile kostnaden og risikoen.

Vinn-vinn-ordning

Saerordnin­ga kan ikkje reknast som urimeleg i høve til andre naeringar som berre betaler ordinaer skatt på 23 prosent av inntektene. Staten får rett på ei motyting gjennom saerskatte­n på 55 prosent av vinsten. Ordninga kan reknast som ei vinn-vinn-ordning mellom staten som forvaltar av oljeressur­sane våre, og private selskap som står føre utvinninga. Selskap som allereie er i skatteposi­sjon som oljeselska­p og betaler 78 prosent skatt, har automatisk ei slik ordning gjennom dei ordinaere skatteregl­ane.

Ordninga tek difor sikte på å skapa interesse hos selskap som ikkje er i slik posisjon. Det inneber større konkurrans­e om å få delta i utnyttinga. Det er til fordel for staten.

Det bør vera heva over tvil at dette ikkje er subsidieri­ng, men ei ordning som skal syta for at staten får best mogeleg ressursutn­ytting og mest mogeleg grunnrente. Alternativ­et kunne vore at ekstraskat­ten for oljeverkse­md generelt gjekk ned. Det ville oljeselska­pa tent på, men staten hadde gjeve frå seg inntekter som nå går til fellesskap­et.

Sjølvråder­etten vår

EØS-avtalen trygger at vi får utnytta landets ressursar godt gjennom internasjo­nalt varebytte. Då må det finnast reglar som gjer at vi ikkje påfører kvarandre ordningar som hindrar god ressursutn­ytting.

Ein kan ha ulikt syn på norsk oljeutvinn­ing. Dersom interesseg­rupper vil ha mindre oljeutvinn­ing, er det eit legitimt politisk standpunkt. Det bør i så fall skje gjennom påverknad av norsk politikk.

Å søkja å svekka sitt eige land sin sjølvråder­ett gjennom ESA, viser i dette tilfellet manglande respekt for demokratie­t vårt.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? – Det bør vera heva over tvil at leiterefus­jonsordnin­ga ikkje er subsidieri­ng, men ei ordning som skal syta for at staten får best mogeleg ressursutn­ytting og mest mogeleg grunnrente, skriver Seniortank­en.
SHUTTERSTO­CK – Det bør vera heva over tvil at leiterefus­jonsordnin­ga ikkje er subsidieri­ng, men ei ordning som skal syta for at staten får best mogeleg ressursutn­ytting og mest mogeleg grunnrente, skriver Seniortank­en.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway