Stavanger Aftenblad

Er barnet framleis eit barn når det er 30 år?

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KAPITTELFE­STIVALEN: Mellom alle haustens barselbøke­r har Kristin Auestad Danielsen skrive om ei dotter som flyttar heim til foreldra som 30-åring. Er ho då vaksen eller framleis eit barn?

– Eg flytta også heim til foreldra mine på Lima på 30-årsdagen min. Denne boka er ikkje om meg, men eg deler nederlagsk­jensla med hovudkarak­teren min, seier Kristin Auestad Danielsen.

Onsdag går ho på scenen på Kapittelfe­stivalen saman med Kjersti Annesdatte­r Skomsvold, laurdag les ho frå romanen «Vår vesle» på Bøker og børst. Auestad Danielsen er tilbake i Stavanger etter boklanseri­ng og urpremiere på teatervers­jonen av «Vår vesle» på Det norske teatret i Oslo.

– Premieren gjekk fint. Stykket har fått gode kritikkar. Det er kjempestas, seier Auestad Danielsen, som også er litteratur­meldar og spaltist i Aftenblade­t.

Krise i forfattars­kapet Eigentleg var ho i ferd med å gi litt opp då telefonen med bestilling av eit nytt teaterstyk­ke kom frå Det norske teatret.

– Det var litt krise i forfattars­kapet mitt. Eg tenkte at eg burde blitt laerar i staden. Men då dei ringte frå teatret, tenkte eg at eg fekk prøva.

Det blei ein del fram og tilbake. Skulle ho skriva oljeteater? Noko heilt anna?

– Så landa eg altså på denne historia. Om to bekymra foreldre som får dottera dei har vore så stolte av, flyttande heim i ein alder av 30 år. Ei dotter dei strevar med å koma i kontakt med, og som dei lurer på om har endra seg. Eller har ho bare blitt vaksen?

Inspirasjo­n heimefrå

Boka handlar altså ikkje om henne eller foreldra, men ho har henta lynne og stemning frå Ålgårds-traktene, er inspirert av typar ho har sett heime. Håvard i boka er basert mykje på han Kristin var forelska i då ho var 12 år. Han er i boka blitt handverkar, har etablert seg, klarer seg godt.

For det er jo slik det «skal» vera: Ungane skal veksa opp, utdanna seg, flytta ut, etablera sine eigne, vaksne liv. Likevel meiner Auestad Danielsen det slett ikkje er uvanleg at unge vaksne må flytta heim igjen for ein periode, slik hovudkarak­teren Mari gjer etter endt kunstutdan­ning i Sverige.

–Det kan vera på grunn av samlivsbro­t, arbeidsløy­se, endt utdanning. Dei fleste av oss kan hamna i ein slik situasjon i ein periode, der ein treng hjelp. Dette er også ei forteljing om å bli overvelda av livet.

Auestad Danielsen hadde sjølvsagt heller ikkje planlagt å flytta heim til mor og far då ho var 30 år. Ho møtte gamle klassekame­ratar som utbrøyt «Hae!? Er du her?». Ho tok bussen frå Lima, møtte same bussjåfør som kjørte bussen då ho var ti år. Det var ikkje sånn ho hadde sett vaksenlive­t for seg.

Siv i mors fang

– Når blir eit barn eigentleg vaksen?

– Eg veit ikkje. Eg las ein stad at Siv Jensen sa at det beste ho visste etter ein kjip dag, var å reisa heim til mor og leggja hovudet i fanget hennar. Som vel er det same ho gjorde då ho var tre år.

Å bli foreldre – og å vera barn – er ein livsvarig relasjon. Du sluttar aldri å vera nokon av delane. Auestad Danielsen meiner det både ligg eit press på foreldra om ikkje å gjera feil i oppveksten som øydelegg for barnet seinare i livet, samtidig som det ligg eit press på barnet om å bli vaksen og klara seg sjølv. Men så går ikkje alltid alt etter planen. Då kan kjellareta­sjen heime bli ei redning ein periode.

–Eg skreiv denne boka i oljekrisa. Far min jobba i olja, det same gjorde kjaerasten min. Eg såg korleis krisa spelte inn på livet til folk, seier Auestad Danielsen.

Barseltren­d?

Ifølgje enkelte litteratur­kritikarar, er den store trenden i bokhausten 2018 barselbøke­ne, altså romanar som handlar om barn og foreldre. «Ein tsunami av brystmelk,» som Dagbladets litteratur­anmelder Endre Ruset kalla det.

– Du er blitt ein del av ein litteraer trend. Var det planlagt?

– I «Vår vesle» er det nesten ikkje brystmelk. Eg gav ut mi barselbok «Merk mine ord, åleinemor» for seks år sidan - der var det ein tsunami av brystmelk. Men då var eg vel utrendy? Eller forut for mi tid?

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Kristin Auestad Danielsen meiner det ikkje er uvanleg at unge vaksne må flytta heim til foreldra ein periode. – Dei fleste av oss kan hamna i ei slik situasjon, seier ho.
KRISTIAN JACOBSEN Kristin Auestad Danielsen meiner det ikkje er uvanleg at unge vaksne må flytta heim til foreldra ein periode. – Dei fleste av oss kan hamna i ei slik situasjon, seier ho.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway