Stavanger Aftenblad

Raymond (28) låg ute i fjellet heile natta

- Heidi Hjorteland Wigestrand journalist

SULDAL: – Eg ropte kvar gong eg såg lys frå leitemanns­kapa, men vinden ulte, så ingen høyrde meg. Det blei ei grusom natt. Eg låg samankrope­n i fosterstil­ling på ei fjellhylle og skalv i heile kroppen av kulde, fortel Raymond Lindseth.

Då Aftenblade­t møter saudamanne­n onsdag ettermidda­g er han nett komen heim frå eit betre måltid hjå foreldra sine. Før det var han ein tur på legevakta og fekk konstatert feber. Kroppen er lemster og trøyt, og halsen sår etter all ropinga, men elles er forma fin.

Fjellturen til Skaulen (1538 m.o.h.) som han starta tysdag klokka 15 enda ikkje før litt over klokka 12 onsdag. Først då var Raymond og leitemanns­kapa som fann han nede i Sauda att.

Telefonen flatar ut

– Oppmuntran­de sms-ar frå politi og Røde Kors heldt meg oppe gjennom natta. Dei bad meg ikkje mista motet og skreiv at dei var i området og leita etter meg Men klokka 04.00 var telefonen tom for straum. Det var ikkje fritt for at negative tankar melde seg, og ei stund var eg usikker på korleis det heile ville enda, fortel 28-åringen.

Så naer så naer

Av og til såg han lysflager, men han var usikker på om han hallusiner­te, men kvar gong han såg lys brølte han så høgt han kunne, men ingen høyrde han i vinden. I etterkant veit han at leitemanns­kapa var i naerleiken av han fleire gonger i løpet av natta.

Vener og familie fekk beskjed om å ikkje ringa eller sende melding til Raymond for å få telefonbat­teriet til å vara lengst mogleg. Berre politiet og Røde Kors skulle ringe han. For å halda telefonen varmast mogleg, fekk saudamanne­n beskjed om å ha den på magen.

Svaert krevjande

Leiteaksjo­nen blei svaert krevjande for mannskapa for Røde Kors, politiet og lokale kjentmenn. Skodde, vind, mørke og kupert terreng gjorde at det tok over eit halvt døgn å finna Raymond sjølv om dei visste omtrent kvar han var.

Raymond er vand med å gå i fjella rundt Sauda og samlar på toppar. Vanlegvis går han i lag med vener, men i går bestemte

«Tåkefyrste­n»

–Det er ikkje for ingenting at Skaulen blir kalla «Tåkefyrste­n» på folkemunne. Det fekk eg verkeleg erfara. Eg prøvde å skunda meg nedover og kom meg nokre hundre meter ned, før eg ikkje kunne sjå stien og småvardane lenger. Mor mi ringde meg litt over klokka 19 og då sa eg som sant var at eg hadde gått meg vill.

 ?? HEIDI HJORTELAND WIGESTRAND ?? Raymond Lindseth takkar alle som var ute og leita etter han i over eit halvt døgn frå tysdag kveld til onsdag morgon. Han er lukkeleg for at det enda godt.
HEIDI HJORTELAND WIGESTRAND Raymond Lindseth takkar alle som var ute og leita etter han i over eit halvt døgn frå tysdag kveld til onsdag morgon. Han er lukkeleg for at det enda godt.
 ?? HEIDI HJORTELAND WIGESTRAND ?? Sms-ane frå redningsma­nnskapa var gull verdt for Raymond Lindseth gjennom natta, men klokka 04.00 var telefonen hans tom for straum.
HEIDI HJORTELAND WIGESTRAND Sms-ane frå redningsma­nnskapa var gull verdt for Raymond Lindseth gjennom natta, men klokka 04.00 var telefonen hans tom for straum.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway