Stavanger Aftenblad

Tønes romandebut­erer

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KAPITTEL: Frank «Tønes» Tønnesen hadde aldri tenkt at han skulle gi ut bok. Men på

Kapittel lanserer han

«Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem» - til si eiga, milde overraskin­g.

– Eg hadde ikkje tenkt at eg skulle gi ut bok. Men sånn var det jo med å spela gitar og synga også. Eg hadde aldri trudd at det skulle bli ein jobb, seier nyslått forfattar Frank Tønnesen.

På Kapittel-festivalen skal Tønnesen ikkje bare synga. Han skal også lansera debutboka si. Der møter me eit persongall­eri på ein liten stad som kanskje liknar Sokndal. Me får servert fleire historier, der somme samlar på - og stel - fajanse, andre stort sett går med motorsykke­lhjelmen på, atter andre rotar seg bort i juletre som blir borte frå Rotary og det blir fundert over straumbryt­arar og lys som skrur seg på av seg sjølv.

«Ein slags roman»

– Me har blitt einige om å seia at det er «ein slags roman». Eg har forstått det slik at det er veldig strenge reglar for kva som er ein roman, men eg kan ikkje dei reglane. Må det vera bare éi historie? For ein som aldri har gjort dette før, er det ganske forvirrand­e, seier Tønnesen.

Men det fine med bøker, syns han, er at det ikkje er grenser for kva du kan putta inn.

Ingen hugsar heilt korleis det kom i stand at Tønnesen blei forfattar. Sjølv meiner han at han blei kalla inn på teppet av Pelikanen-sjef Eirik Bø, som lurte på om han skreiv anna enn songar. Sjølv er Bø litt usikker på om det var han eller Karl Ove Knausgård som dytta mest på, etter at Tønnesen, Knausgård og Tore Renberg har turnert litt saman.

Men Bø meinte altså at det ikkje kunne vera tvil om at Tønnesen er ein gudbenåda historiefo­rteljar, når ein ser på songteksta­ne hans.

– Spørsmålet var om han ville prøva seg i eit litt lengre format. Men det tok litt tid for ein så beskjeden mann å innrømma at han kunne ha ambisjonar i den retninga, seier Bø.

Opp frå skrivebord­skuffa Tønnesen hadde muligens noko i skrivbords­kuffa heime. Songane hans tek veldig ofte utgangspun­kt i ting han har skrive ned. Det kan vera ein situasjon. Ein scene.

– Men erfaringa mi var at det nesten var verre å prøva å skriva dette ut til noko anna enn songar. Når du kan skriva tre sider, kan ting ta så mange vegar. Det er lettare med tre vers, seier Tønnesen.

Så i starten gjorde han ingenting. Meinte han ikkje ville få det til. Ikkje før han blei pressa litt meir, fant ut at han fekk prøva - og Knausgård gav han i heimelekse å skriva ti sider i veka.

– For fram til det gjekk det jo treigt. Eg hadde levert nokre få sider, flikka og styrte. Men så viste det seg at det gjekk an å pressa seg sjølv til å skriva meir. Det var ein ny måte å jobba på, seier Tønnesen, som lydig sende tekstane sine til Knausgård:

– Men det var mykje dårlig der også.

Framleis trudde Tønnesen ikkje at det skulle bli bok, men han tykte det var interessan­t å prøva å vera kreativ på denne måten; å tvinga seg til å produsera mykje. Og så var det ei ny og kjekk erfaring å ha ein erfaren lesar og redaktør som melde tilbake på det han festa til papiret.

– Eg vil ikkje seia at tekstane mine ikkje er trekt fram før, men kanskje eg burde fått innspel på dei tidlegare også. Det er interessan­t å sjå korleis ting endrar seg når ein diskuterer med gode lesarar.

Den som kjenner Tønes´ musikalske tekstunive­rs vil nok kjenna att universet i boka.

– Kanskje det. Eg veit ikkje, seier han sjølv.

Kvardagsdr­ama

Men det er altså kvardagsfo­lk og ganske små drama me møter, på ein liten plass ein stad i Norge.

– Eg trur det blir slik fordi det er der eg er. Om eg kan noko, er det dette. Eg har budd på ein liten stad heile livet. Alt eg skriv kjem derifrå.

Tønnesen går ikkje inn for å skriva noko folk kjenner seg att i, sjølv om folk sannynlegv­is vil kjenna seg att i det han skriv. Han er litt overraska over at det blei såpass mykje humor i boka.

Og nå aner han ikkje heilt korleis det blir. Tønes veit korleis det er å gi ut plater, han veit litt om musikkbran­sjen. Men Tønnesen veit ikkje korleis det er å gi ut bok, han veit lite om bokbransje­n.

– Eg skal ut på ein liten turné, bli bokbada og sånt, halda nokre minikonser­tar. Men det er jo ein vrimmel av ting som kjem ut. Eg har verkeleg ikkje peiling på korleis ein gjer dette. Kanskje du har nokre tips?

Eg har budd på ein liten stad heile livet. Alt eg skriv kjem derifrå.

Frank «Tønes» Tønnesen

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Denne veka debuterer Frank «Tønes» Tønnesen som forfattar på Kapittel. Den såg han ikkje koma.
KRISTIAN JACOBSEN Denne veka debuterer Frank «Tønes» Tønnesen som forfattar på Kapittel. Den såg han ikkje koma.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway