Stavanger Aftenblad

Film- og barneprogr­am på Kapittel

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

LITTERATUR: Også barn, unge og filmintere­sserte får sitt på årets Kapittel. Lene Ask lanserer ny bokserie, og i helga kan du møta skaparen bak bøkene om «Jakob og Neikob».

«Bokmerke» er barneprogr­ammet på Stavangers litteratur­festival Kapittel. Kvar formiddag på vekedagane får inviterte barnehagar og skuleklass­ar møta forfattara­r, og til helga blir det litteratur­opplevinga­r for heile familien både i Stavanger, Sandnes og Randaberg.

Dei som har sett saman barneprogr­ammet har tolka årets Kapittel-tema «Samhald» til å handla mykje om venskap og om å høyra til, når me snakkar om barn. Dermed kjem Kari Stai, som nå er aktuell med si femte bok om vennene Jakob og Neikob.

Og så kjem Lene Ask, opphavleg frå Stavanger, for å lansera første bok i det som skal bli ein serie på fem bøker under tittelen «Mysteriet Mai». Bøkene handlar om Mai, som har vore usynleg så lenge ho kan hugsa. Men så dukkar ein ukjent gjest - Juni - opp i hotellet der Mai bur, og eit spesielt vennskap oppstår.

Eldre barn og unge kan laera både om krig og flukt, norsk slavehande­l og klima og miljø.

Kapittel har også tradisjon for å visa dokumentar­film, og i år har festivalen plukka ut ni stykke. Blant dei er «Jeg vil bo i mitt navn», ein dokumentar­film om forfattare­n Tomas Espedal.

«Minding the Gap» handlar om tre unge skatarar på terskelen til vaksenlive­t, og filmen har eksklusiv førpremier­e i Stavanger i samarbeid med Bergen internasjo­nale filmfestiv­al (BIFF).

Ein tredje film som blir trekt fram på filmprogra­mmet, er «Patrimonio», som handlar om den vesle fiskarland­sbyen Todos Santos i Mexico. Der reiser innbyggjar­ane seg mot eit multinasjo­nalt utbyggings­prosjekt som skal etablera 5000 hus.

Kapittel film viser også kortfilmen «Sykkelfugl» av Odveig Klyve og Kari KlyveSkaug. Filmen handlar om ei afghansk jente på eit asylmottak, og er filma på Dale.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway