Stavanger Aftenblad

Svein Kj. Søyland 70 år

-

Svein Kj. Søyland, Gjesdal, er 70 år 21. september.

Svein er fødd og oppvaksen på Søyland i Gjesdal. Han vaks opp som einebarn hjå foreldra, Klara og Kjetil A. Søyland. Foreldra dreiv gard på Søyland, og Svein vart tidleg med i drifta og det låg i korta at han skulle overta garden.

Etter jordbrukss­kule på Øksnevad og rekneskaps­førarutdan­ning på Foldsae, gifta han seg med Åse Håland, og dei tok over garden på Søyland. Saman dreiv dei garden, og utvikla han år for år. Dei evna å gjera garden til eit familiepro­sjekt, der me born vart involverte, fekk tillit og ansvar, og kjensla av å vera ei viktig brikke for at garden skulle utvikla seg vidare. Kvart år var det planleggin­g og diskusjon om årets bygge – eller dyrkeprosj­ekt. Åse og Svein har borna Kjetil, Mathias, Kristin og Asgaut.

Utanom garden, som både har vore arbeid og hobby for Svein, har politikken vore ein viktig del av livet hans. Han starta tidleg som medlem i Senterpart­iet, han har vore varaordfør­ar i Gjesdal i åtte år og ordførar åtte år etterpå. Fleire av valperioda­ne hadde han også plass i Fylkesting­et. Svein har alltid likt godt organisasj­onsliv og tal, og han har hatt glede av å vera med i styrer i Bondelaget, Sau og geit, Coop og SR-bank blant anna. Dei siste 20 åra har han også brynt hovudet som takstmann, der taksering av landbrukse­igedomar er spesialfel­tet.

Svein er no pensjonist, men når alle fire borna driv kvar sin gard, vert det travle dagar for ein pensjonert bonde som meistrer alle sider av gardslivet. Svein er flink til å hjelpa til, både med praktisk arbeid og som mental støtte og sparringsp­artnar. Den gildaste pensjonist­hobbyen Svein har, er å kjøra gravemaski­n og endra steinete beiter til dyrka jord eller vegar. Då får han bidra til å utvikla garden heime vidare.

Åse og Svein har, utanom fire barn, også fire svigerbarn og 11 barnebarn. Dagen skal feirast tre dagar til ende med slekt og vener. Fredag 21.september, som er dagen han fyller året på, vert det ope hus heime i «gamlehuset» på garden, frå 13 – 16.

 ??  ?? Medlemmer av Stavanger Søemandsfo­rening, med ledsagere, har vaert på båttur langs kysten av Kroatia. Her har samtlige finstasen på og klar for «Captains dinner» på MY «Admiral». Damene er fra venstre: Åse Scheie, Ellen Flåte, Elen Aksnes, Merethe Bjerga, Ingunn Jansen, Liv Roalsø, Gunhild Vaardal-Lunde, Bjørg S. Gitlesen (bak), Vigdis Naustvik, Else Saevild (bak), Aud Nilsen, Berit Prestegård (bak), Sigrid Øhman (bak), Bjørg Rosseid, Jorunn Westergård (bak), Inger Svela, Else Aarrestad. Egil Eriksson foran med Leif Helland bak, har sneket seg inn blant damene. Mennene fra venstre foran: Hogne Scheie, Einar Vaardal-Lunde, Johannes Rosseid, Gaute Roalsø, Egil Svela, Jan Gitlesen (bak), Torfinn Meling, Per Øhman (bak) Kjell O. Bjerga, Hagbart Sandberg, Egil Flåte. Bakerste rekke fra venstre: Sverre Naustvik, Sigurd Jansen, Carl Aarrestad, Per Arne Nilsen, Magnar Aksnes, Hans Kr. Hellestø.
Medlemmer av Stavanger Søemandsfo­rening, med ledsagere, har vaert på båttur langs kysten av Kroatia. Her har samtlige finstasen på og klar for «Captains dinner» på MY «Admiral». Damene er fra venstre: Åse Scheie, Ellen Flåte, Elen Aksnes, Merethe Bjerga, Ingunn Jansen, Liv Roalsø, Gunhild Vaardal-Lunde, Bjørg S. Gitlesen (bak), Vigdis Naustvik, Else Saevild (bak), Aud Nilsen, Berit Prestegård (bak), Sigrid Øhman (bak), Bjørg Rosseid, Jorunn Westergård (bak), Inger Svela, Else Aarrestad. Egil Eriksson foran med Leif Helland bak, har sneket seg inn blant damene. Mennene fra venstre foran: Hogne Scheie, Einar Vaardal-Lunde, Johannes Rosseid, Gaute Roalsø, Egil Svela, Jan Gitlesen (bak), Torfinn Meling, Per Øhman (bak) Kjell O. Bjerga, Hagbart Sandberg, Egil Flåte. Bakerste rekke fra venstre: Sverre Naustvik, Sigurd Jansen, Carl Aarrestad, Per Arne Nilsen, Magnar Aksnes, Hans Kr. Hellestø.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway