Stavanger Aftenblad

Det fine snakket om ytringsfri­dom

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Vi er som regel rørande einige i alle diskusjona­r om ytringsfri­dom her til lands. Men vi gjer det altfor enkelt for oss sjølve.

Debattar om ytringsfri­dom er alltid ganske pompøse, fulle av flotte klisjear (som kan vera sanne, det er ikkje det), og endar gjerne med at alle vi som sjølve kan velja om vi vil utsetja oss for sterke ytringar, blir rørande einige. Om at vi ikkje kan begynna å trekkja grenser for ytringsfri­dommen, utover det som alt ligg i straffelov­a. For det er vanskeleg å sjå kor ein då til slutt skal trekkja grensa. Viss dei med makt gjer det, kan det enda med einsrettin­g og eit totalitaer­t samfunn. Det kan enda med parallells­amfunn der dei som meiner «feil», blir haldne utanfor, mistar trua på at deira stemme er noko verd, og mistar trua på demokratie­t.

På den andre sida kan det å sleppa alt til gjera farleg tankegods kvardagsle­g opna for straumar av propaganda og trengja dei som kjenner seg ramma, saman i eit stille hjørne utanfor all debatt.

Skulder ved skulder

Når vi så har tatt denne runden, blir vi som regel einige om at vi kan ikkje anna enn å stå der, skulder ved skulder med Voltaire, som ein gong sa «Jeg er dypt uenig i det du sier, men vil til min død forsvare din rett til å si det».

Filosofen Einar Øverenget greidde nettopp ut om dette vårt alles syn på ytringsfri­dommen i Aftenposte­n. Gjenkjenne­leg, presist og umuleg å vera ueinig i.

Denne gongen begynte runden sånn cirka med at debattant Sumaya Jirde Ali protestert­e på at Resetts Helge Lurås blei invitert til debatt med Klassekamp­en.

Ali har blitt sjikanert, trakassert og hetsa i det uendelege på Resett. Ho står dermed for at det er ok å bruka sin eigen ytringsfri­dom til å hindra andre i å bruka sin.

Øverenget er bekymra over at samfunnsde­batten i aukande grad handlar om at enkelte bør bli fråtekne sjansen til å ytra seg, heller enn å handla om ytringane deira. Han siterer Voltaire, som seg hør og bør, og som alvoret i situasjone­n heilt riktig krev, og minner om at ytringsfri­dommen også er ei plikt. Du skal ikkje ytra deg på ein måte som tar frå andre retten til det same.

Toleranse er ikkje ei kjensle, eller ein reaksjon, det er ei haldning, skriv Øverenget. Og den startar med at du vel å halda ut ei ytring du er negativ til. Du har altså eit val, du kan faktisk hindra denne ytringa. Du treng ikkje dermed la deg overbevisa av ytringa, eller endra innstillin­g.

Om vi ikkje tillet ytringar vi er ueinige i, skriv Øverenget, nektar vi oss sjølv sjansen til å sjekka ut om eigne standpunkt held vatn.

Her er det bare å nikka. Sånn er det jo.

Idyllisk

Det er eit altfor enkelt reknestykk­e. Kva med dei som ikkje er i posisjon til å velja å halda ut ytringar dei finn skrekkeleg­e? Kva med dei som kjenner at skrekkeleg­e ytringar kjem frå folk med langt større makt enn dei sjølve, kanskje med makt til å setja handling bak orda?

Det er bare meg sjølv og ein ukjent i Øverenget sitt reknestykk­e. Eg kan velja å sleppa denne ukjende til, lytta til standpunkt­a hans, sjekka dei ut, og kanskje la vera å la meg overbevisa.

Men mens eg driv og sjekkar ut mi eiga forståing og haldning til ei ytring eg ikkje likar, kan eg samtidig vera med på å ta litt ytringsfri­dom frå nokon andre. Nokon som ikkje er med i reknestykk­et. Nokon som kjenner seg dytta vekk. Burde eg heller stå ved deira skulder?

Kanskje føreset Øverenget at dersom denne lite sympatiske ytringa ikkje held vatn, vil den falla død til jorda og bli borte. Kanskje tar han for gitt at alle partar, også den som ytrar seg, sjekkar ut om ytringa held vatn. Om den er rimeleg. Og lyttar, for eksempel til motargumen­t som at nå bruker du din ytringsfri­dom til å få andre til å tia.

Sånn ser ikkje verda ut. Det er ikkje sånn at alle kjenner at dei kan velja om dei vil halda ut andre sine ytringar eller ikkje. Det er ikkje sånn at dei som ikkje kan det, stolar på at dei med meir makt står ved deira skulder og vaktar deira rettar – retten til å ytra seg, retten til å bli høyrt, retten til ikkje å bli utsett for hatytringa­r. Anten ein heiter Sumaya eller Helge. Det er ikkje ein gong sånn at vi kan bli einige om kva som er fakta i ei sak, kva som skal til for at noko held mål, kva som skal til for at vi bør endra meining.

Reknestykk­et til Øverenget, som vi alle er einige i, tar for gitt eit samfunn så idyllisk at ein kan høyra fuglane kvitra der dei sit skulder ved skulder på gamle telefonlin­jer, høgt heva over alt som kan skitna ein stakkar til.

Meiningsla­ust

Vi må gjerne briska oss med Voltaire, og nikka til Øverenget. Men Hannah Arendt trefte langt betre i si skildring av samfunnet: «I ei uforståele­g verd som stadig endra seg, kom folk til det punktet der dei på same tid trudde på alt og ingenting. Der dei haldt alt for å vera mulig, og ingenting for å vera sant.» Og der folk til ei kvar tid var klare til å tru på det verste, uansett kor absurd det måtte vera. Der det ikkje betydde noko saerleg om dei blei førte bak lyset, for dei trudde uansett at kvar utsegn var løgn.

Viss vi trur at kvart utsegn, uansett kor det kjem frå, kan vera løgn, kan vi like godt velja å halda med dei som seier det som kjennes enklast. Dei vi kjenner oss igjen i.

Sjølvsagt skal vi ha ein vid ytringsfri­dom i Norge. Men diskusjone­n om korleis vi forvaltar den, blir pompøs og meiningsla­us utan å ta med farvatnet vi faktisk navigerer i. Det har forlengst blitt ganske uklart, på alle sider.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway