Stavanger Aftenblad

Kø på Kapittel. Men nå kjem stormen

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

– «Torsdag klokka 12, ja,» tenkte eg. «Då blir me kanskje to-tre stykke». Men sånn blei det ikkje. Det er kjempemoro å sjå så mange her, seier Simon Stranger.

Klokka har så vidt passert 12, det er torsdag i kinosal 5 på Sølvberget, og i nesten alle dei 268 stolane sit det folk. Dei har kome for å høyra Stranger snakka om si nye bok – og allereie ein av haustens store suksessar: Romanen «Leksikon om lys og mørke».

– Rett før de kom, krabba eg rundt på golvet her med dragar og greier og salen full av barneskule­ungar, fortel Stranger. Han har gitt ut 13 bøker, både for barn og vaksne. Han syns det er fantastisk å kunna leva av fantasien sin, av å ha blitt fulltids forfattar. Det var det han ville, allereie frå han var sju år. Endeleg har han kome hit, bøkene gjer det godt både i Norge og i utlandet.

– Det er ein draum som er blitt verkeleg, seier Stranger.

Blanda onsdag

Køen utanfor kinosalen var så lang i går at Linn Tønnesen var spent på om alle ville få plass. Kapittel starta onsdag, med utselt nynorskfor­edrag av Tore Renberg og fleire fulle hus, men også enkelt arrangemen­t som ikkje hadde så mange i salen.

– Sånn er onsdagen på Kapittel. Eg hadde ikkje venta at alt skulle vera smekkfullt, seier festivalsj­ef Espen Røsbak.

Inne i sal fem fortel Stranger om då han var ungdom, om då han var meir i tvil om kva han skulle bli, om at han ei stund var sikker på at jorda skulle gå under, at han ein periode gjekk rundt i hatt og frakk og røykte pipe og var 10.000 år gammal.

– Sidan har eg blitt yngre og yngre, seier Stranger.

STAVANGER: – Eg veit ikkje om det er best eller verst med 26 plussgrade­r – som i 2016 – eller hauststorm for publikumso­ppslutning­a på Kapittel, seier festivalsj­ef Espen Røsbak.

Storm og litteratur

Ute i foajeen er festivalsj­ef Røsbak spent på kva som skjer når hauststorm­en slår til. Han veit ikkje om det er bra eller dårlig for publikumso­ppmøtet at det blir uvêr. Er det best eller verst for litteratur­festivalen at det er fint eller stygt vêr?

– Folk veit jo at det er godt og varmt inne hos oss, så eg har ei god kjensle, seier Røsbak, mens Stranger inne på bokpraten i sal 5 har kome til starten:

– Arbeidet med «Leksikon om lys og mørke» starta heime på kjøkkenet den dagen eg fekk vita at svigermor vaks opp i huset til Henry Rinnan, seier Stranger.

Så er han i gang.

Klokka har så vidt passert 12, det er torsdag i kinosal 5 på Sølvberget, og i nesten alle dei 268 stolane sit det folk.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Køen stod lang utanfor sal 5 på Sølvberget torsdag formiddag. Over 200 hadde møtt opp for å høyra Simon Stranger.
PÅL CHRISTENSE­N Køen stod lang utanfor sal 5 på Sølvberget torsdag formiddag. Over 200 hadde møtt opp for å høyra Simon Stranger.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway