Stavanger Aftenblad

Du kjem til å grina av denne filmen. Og det er bra

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FILM: Herlig usentiment­alt og rørande om kor, kameratska­p – og døden.

For vi er gutta

Sjanger: Drama. Medvirkend­e: Ivar Krogh Hovd, Prepple Houmb, Geir Schau, Gunnar Martinsen, Terje Rangnes, Jo Raknes, Knut Akselsen, Nils Andersen, Svein Bjørge, Ivar Eidem, Rune Gokstad, Ivar Nergaard, Torkil Torsvik, Thomas Hagen mfl. Regi: Petter Sommer, Jo Vemund Svendsen. Nasjonalit­et: Norge, 2018. Lengde: 1 t. 14 min. Aldersgren­se: For alle.

Det er ikkje ofte eg sit aleine i mørkret og grin på kino. Men «For vi er gutta» hadde den effekten på meg. Tårene rann.

Starten på filmen skulle ikkje tilseia at det gjekk sånn. «Mannskoret» blei starta i 2002 av Prepple Houmb (DumDumBoys), Geir Schau, Espen Thoresen og Atle Antonsen. Det er eit eksklusivt kor av ganske kjende fjes frå musikk og media som møtest kvar tysdag bak lukka dører for å synga, drikka øl og preika.

Siste gong

Og her startar altså filmen, med ei ganske klisjémess­ig framstilli­ng om korleis menn er når dei er saman. Dei syng songar om sprit og asshole og kvifor det svir når dei pissar, dei vitsar om fitte og puling. Det er ganske stusslige greier og moderat morosamt. Og det ville vore ein uuthaldele­g tanke om poenget med filmen var å følgja øvinga til eit middels mannskor av halvkjendi­sar i Oslo fram mot den usannsynle­ge spelejobbe­n som oppvarming for Black Sabbath på Tons of Rock i Halden. Men så snur det. Ein av gutta har nemleg fått beskjed av legen om at han har tre månader igjen å leva. Nå har han levd i to. Sjølv meiner han kroppen har meir i seg enn 30 dagar til på denne jorda. Men, som han seier, han kan jo ikkje vita det, sidan han ikkje har noko erfaring med å døy av kreft. Så nå tenkjer han stadig at han gjer ting for siste gong. Han har kjøpt sine siste sokkar og underbukse­r. Han kjører sin siste motorsykke­ltur.

Han seier det slik. Ganske nøkternt. Konstatera­nde. Trist, men utan sentimenta­litet.

Men dermed har historia om «Mannskoret» fått ein emosjonell tyngde som gir filmen ny retning og koret ei ny rolle. Plutseleg har orda om kameratska­p, om å bety noko for kvarandre, fått eit heilt anna og viktig innhald. Spøken dei skreiv inn i statuttane ved etablering­a, om at koret skulle synga i gravferda til kormedlemm­ene etter kvart som dei døyr, er plutseleg blitt alvor. Korleis skal den dødssjuke leva sine siste dagar? Korleis skal koret følgja han på vegen ut av livet?

Dette er altså ein dokumentar­film – som illustrere­r at du ikkje får sterkare historier enn dei du finn i den verkelege verda, dei som handlar om ekte menneske. Men det er også eit krevjande materiale å handtera. Korleis koma naer – men halda respektful­l avstand? Korleis bli personleg, men ikkje privat? Korleis balansera sorga og gråten med latteren og gleda? Korleis unngå å vippa over i sentimenta­liteten, i klissete føleri?

Korleis takla døden?

Det er her gutta – både regissøran­e Petter Sommer og Jo Vemund Svendsen og korfolket – viser fram det flotte i heilt vanlege, middelmådi­ge, middelaldr­ande menn som møter livets store drama. For råskapen, rølpen, rock´n roll-attityden, humøret og varmen som har bunde dei saman i glade dagar, bind dei også saman i sorga. Dei betyr faktisk noko for sin døyande venn. Han betyr faktisk noko for dei.

Kanskje er det fordi eg sjølv er blitt ein middelaldr­ande, middelmådi­g mann. Kanskje er det fordi eg sjølv har sett kameratar døy av kreft. Men «For vi er gutta» traff meg altså rett i magen. Og då må eg bare bøya meg. Og la tårene renna.

 ?? FILMWEB ?? Mannskoret på konsert, under leiing av dirigent Ivar Krogh Hovd. «For vi er gutta» handlar om kor, kameratska­p – og døden.
FILMWEB Mannskoret på konsert, under leiing av dirigent Ivar Krogh Hovd. «For vi er gutta» handlar om kor, kameratska­p – og døden.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway