Stavanger Aftenblad

Aldri før er det målt så mykje regn i Stavanger

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

REKORDVÊR: I Stavanger har det aldri før vore målt meir nedbør enn i september. Samla sett har fylket hatt dobbelt så mykje nedbør som normalt.

Det er ved vêrstasjon­en i bydelen Våland i Stavanger sentrum at det aldri før har blitt målt meir nedbør enn det blei no i september.

Stasjonen som har hatt målingar sidan 1895, viser at det i Stavanger var 316 millimeter nedbør i september. Den 44 år gamle rekorden på 305 millimeter, frå 1974, blei altså slått, ifølgje StormGeo si vêroppsumm­ering for september.

Rekorda er altså frå målestasjo­nen i Stavanger, og ikkje i Sola. Der blei det i 1974 blei målt heile 328 millimeter nedbør.

Rogaland: Dobbelt så mykje Ser ein heile fylket samla, viser statistikk­en at det har regna dobbelt så mykje som normalt i Rogaland. Gjennom heile september var det berre tre dagar utan nedbør, dagane 2., 3. og 4.september. Dei 27 andre dagane har det regna.

Aller våtast var det ved Hundseid i Vikedal, med heile 699 millimeter nedbør.

September har også vore svaert vindfull. På målestasjo­nen på Sola blei det målt 15 døgn med kuling eller enda kraftigare vind.

Ekstremvêr­et «Knud» Ekstremvêr­et «Knud», fredag 21. september, feide først innover Sørlandet, tok for seg Sørvestlan­det, og traff deretter med full styrke i dei fire fylka Oslo, Akershus, Vestfold og Austfold, som alle fekk heva farenivået til raudt nivå av Meteorolog­isk institutt.

Stormsente­ret blei danna i sentrale delar av Nordsjøen, og utover kvelden kom det også innover Rogaland. Sør i fylket var det målt vind i orkanstyrk­e – på Eigerøya ved Egersund blei det målt vindkast oppmot 43 meter i sekundet.

Medan det i Eigerøya og Lindesnes blei registrert orkan, var det ved Obrestad og Utsira sterk storm. Ferjetrafi­kken stod stille både over Boknafjord­en og i Tau-sambandet. Ingen alvorlege personskad­ar blei meldt frå om

Også onsdag førre veke, 26. september, utmerka seg. Då blei det ved stasjonen Liarvatn, aust for Jørpeland, målt heile 90 millimeter nedbør i løpet av seks timar då ein kaldfront frå vest traff Veslandet med det uvanleg kraftige regnet.

Fire varme dagar

Oversikta viser at eit høgtrykk gjorde det ganske mildt i starten og midten av månaden, før det blei kjølare spesielt i siste veka. Fire dagar hadde meir enn 20 grader i Stavanger.

Berre éin dag kvalifiser­er til det ein kallar «penevêrsda­g». Sist det var så få slike dagar, var i oktober for eit år sidan.

18.september var månadens varmaste dag med 22,9 grader målt i Sola, 23,3 grader i Stavanger og 24,9 grader i Fister.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Gjennom heile september var det berre tre dagar utan nedbør i Rogaland.
PÅL CHRISTENSE­N Gjennom heile september var det berre tre dagar utan nedbør i Rogaland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway