Stavanger Aftenblad

Trur sentrale lokalpolit­ikarar vil trekke seg

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Same kva KrF bestemmer seg for å gjere, kan konsekvens­en bli at viktige lokalpolit­ikarar vel å trekke seg før neste val. Det seier valforskar Hilmar Rommetvedt.

– KrF kan risikere å miste sentrale politikara­r lokalt, både dersom dei dannar mindretals­regjering saman med Ap og Sp, men også dersom dei vel å gå inn i dagens regjering. Partia er midt i nominasjon­en til kommuneval. Det blir spennande å sjå kven som er villige til å stå på listene no, seier Hilmar Rommetvedt, professor og statsvitar ved Universite­tet i Stavanger (UiS).

2. november har KrF ekstraordi­naert landsmøte. Då skal 193 delegatar frå heile landet avgjere om dei vil felle Erna Solberg si regjering og danne ny regjering med Ap og Sp, eller om dei vil gå inn i dagens regjering.

– Blant dei som taper landsmøtev­oteringa, er det ein sjanse for at det påverkar motivasjon­en til å halde fram. Samtidig går samarbeids­mønster i kommunane allereie i dag på kryss og tvers, og det vil truleg vere kommunar som samarbeide­r i motsett retning enn det som blir resultatet på landsnivå.

Samarbeid med SV Rommetvedt meiner det er heilt ope kva som blir resultatet på landsmøtet. Om partiet går inn for ei regjerings­deltaking, gjenstår det framleis å gå inn i regjerings­forhandlin­gar.

Vel partiet å ta eit steg til venstre, ligg det an til å bli ei mindretals­regjering. Dermed vil dei trenge eit tett samarbeid med parti utanfor regjeringa. Tysdag kveld seier partileiar Knut Arild Hareide til VG at han meiner det er naturleg med eit tett samarbeid med SV.

– Før valet sa tre av fire KrFveljara­r at ein under ingen omstende bør gå i regjering med Frp eller SV, så eit tett samarbeid vil nok vere tungt å svelge anten det er snakk om Frp eller SV, men då sjølvsagt av forskjelle­ge veljarar. Ei mindretals­regjering vil forsøke å hente støtte frå begge kantar. Høgresida har sagt dei ikkje kan rekne med støtte frå den kanten, og på kort sikt vil dei nok stå på det, men på lengre sikt kan nok det endre seg, seier Rommetvedt.

422 nye medlemmar

Etter at KrF-leiar Knut Arild Hareide fredag oppfordra partiet om å samarbeide med Ap og Sp, har 58 medlemmar meldt seg ut av partiet, medan 684 personar har meldt seg inn, ifølgje Knut Arild Hareide. Berre i løpet av fekk partiet 217 nye medlemmar. Samtidig har partiet De Kristne fått 135 nye medlemmar sidan august og dei meiner bråket i KrF er årsaka.

– Desse tala er det vanskeleg å tolke for mykje inn i. Det har blitt nemnt at det pågår ei vervekampa­nje også.

– Må ta grep

Rommetvedt har inntrykk av at ein stor del av veljarmass­a lener seg meir mot høgre enn partileiar Hareide gjer. Han er likevel ikkje sikker på kva som er det luraste for partiet, strategisk sett.

– Det er eit frykteleg dillemma og sanneleg ikkje enkelt å seie. Det har utvikla seg ein situasjon der dei fleste i partiet meiner ein må ta eit standpunkt og velje retning. Å halde det så ope som partiet har gjort til no har blitt meir og meir problemati­sk. Dagens måling i NRK viser at partiet er på den dårlegaste oppslutnin­ga dei har hatt på så lenge eg kan hugse. Dei kjenner nok at dei må ta grep for å kome seg ut av situasjone­n.

I den ferske NRK-målinga hamnar KrF på 3,7 prosent oppslutnin­g, det vil seie under sperregren­sa på 4 prosent.

– Partiet risikerer å tape veljarar same kva side dei stiller seg på no, men så er spørsmålet om dei klarer å vege opp for dette tapet med å appellere til nye veljarar.

 ?? JONAS HAARR FRIESTAD ?? Professor og statsvitar Hilmar Rommetvedt
JONAS HAARR FRIESTAD Professor og statsvitar Hilmar Rommetvedt

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway