Stavanger Aftenblad

Finnøy-ordførar: Fryktar mange vil melde seg ut

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

USEMJE: KrF er delt i to i spørsmålet om å gå i regjering med Arbeiderpa­rtiet og Senterpart­iet. Mange vil melde seg ut om dei gjer det, meiner Finnøy-ordførar Henrik Halleland (KrF).

2. november har partiet ekstraordi­naert landsmøte. Då skal 193 delegatar frå heile landet avgjere om dei vil felle Erna Solberg si regjering og danne ny regjering med Ap og Sp, eller om dei vil gå inn i dagens regjering.

– Ikkje overraska

Partiet sine fire ordførarar i fylket, saman med tre av varaordfør­arane, har allereie sagt si meining til partileiin­ga: «Spesielt i Rogaland vil et linjeskift­e skape stor uro både blant medlemmer og velgere», skreiv dei, og bad leiinga bekrefte sitt tilhald i høgresida.

Finnøy-ordførar Henrik Halleland har tidlegare sagt at han trur partiet vil tape medlemmar, og at Høyre vil tene på KrFuroa. At ein no har fått er ei stor overvekt i innmelding­ar, tolkar han ikkje som teikn på det motsette. Han er likevel ikkje overraska over at partiet har fått så mange nye medlemmar.

– Dei som meiner det er lurt å felle dagens regjering og gå saman med Ap, gjer lurt i å melde seg inn no. Her på Sør-Vestlandet opplever eg at det er eit fleirtal som deler mitt syn, gjerne grunngjeve i ideologi, men nasjonalt er partiet delt i to no, seier Halleland.

Delt i to

– Prosessen må nok bli ferdig før folk begynner å melde seg ut. Om fleirtalet vel å felle regjeringa, trur eg nok mange vil melde seg ut. Eg får også tilbakemel­ding frå mange som seier dei vil gjere dette.

Begge nestleiara­ne

i

partiet, Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad, er ueinige med Hareide i samarbeids­spørsmålet. Dei vil ha KrF inn i den sittande regjeringa saman med Høgre, Frp og Venstre. Hå-ordførar Jonas Skrettingl­and seier det er delte meiningar også lokalt.

– I Hå KrF er det forskjelle­ge meiningar i saka, men fleirtalet er samde med meg og vel høgresida dersom vi må velje éi av sidene.

– Innmelding­ane er ikkje eit teikn på at du ikkje er på linje med veljarane når du seier nei til Ap?

– Eg veit ikkje om eg vil tolke så mykje no. Folk ønsker å gi signal mot både den eine og andre sida. Vi må vente til landsmøtet har bestemt seg for vegval.

Inge Takle Maestad, leiar i Nye Stavanger KrF, har tidlegare sagt at han meiner det vil vere riktig av partiet å gå i regjering med Ap.

– Det er gledeleg at så mange melder seg inn utifrå signala og tilrådinga frå Hareide. Det viser at der er eit potensial som er større enn vi tidlegare har klart å hente ut. Samtidig trur eg vi skal vere forsiktige med å legge for mykje i det. Vi veit ikkje kvifor enkeltpers­onar vel å melde seg inn, og det er vanskeleg å vite om enkelte melder seg ut om nokre veker dersom partiet vel ei ny linje.

– Kva trur du blir utfallet i det ekstraordi­naere landsmøtet?

– Eg håper dei lyttar til Hareide, men i denne saka er det meir eit håp enn ei tru. Eg har verkeleg ikkje peiling.

I Stavanger Ap er dei positiv til ei regjering der KrF er med.

– Her i Stavanger opplever eg at vi har felles syn på saker som er svaert viktige for Arbeiderpa­rtiet, nemleg å stå opp for dei svakaste, bekjemde det veksande forskjells-Norge og skape like moglegheit­er for alle. Difor er eg positiv også til eventuelle samtalar med KrF nasjonalt, seier gruppeleia­r Kari Nessa Nordtun.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway