Stavanger Aftenblad

Erotikk mellom laerar og elev

-

FILM: Andrea Braeing Hovig glitrar i si første hovudrolle i ein norsk langfilm.

ho blant anna ha den saers sjølvsikre 17-åringen Markus (Tarjei Sandvik Moe). Og så skjer det som sjølvsagt ikkje skal skje: Dei to innleier ein affaere.

(Eg skal aldri gløyma den første filmen eg såg om ein affaere mellom kvinneleg laerar og mannleg elev, Bo Widerbergs «Å leve, det er å elske» frå 1995.)

Svaert mykje av «En affaere» kviler på Andrea Braeing Hovig, som her gjer si første hovudrolle i ein norsk langfilm. Det gjer ho med bravur. Både i framstilli­nga av frustrasjo­nen heime og med sin kalde ektemann, forsøket på å undertrykk­a kjenslene som dukkar opp i møtet med Markus – og dei heftige kjenslene som veltar fram når demninga brest og ho gir seg over, på godt og vondt.

Men noko av det som også bidreg til at denne filmen treff, er skodespela­rprestasjo­nane også i dei mindre rollene. Dahlsbakke­n har fått med seg eit topplag av norske skodespela­rar. Som Anneke von der Lippe som Markus si mor. Eller Mattis Herman Nyquist som kollegaen. Eller Mads Ousdal som spørjande fembarnsfa­r.

Også Sandvik Moe, som mange vil kjenna att som Isak frå «Skam» gjer ei fin framstilli­ng av Markus. Av ein 17 år gammal gut som er ei blanding av fjern, frekk, flørtete, kåt, tankelaus – og sårbar. Det einaste eg ikkje heilt kjøper, er at ein 17-åring er så sjølvsikke­r og dristig i møte med laererinna si.

Og kva skulle me sagt om denne filmen om laeraren var mann og eleven jente? Metoo?

 ??  ?? Anita (Andrea Braein Hovig) og Markus (Tarjei Sandvik Moe) er laerar og elev. Dei burde sjølvsagt ikkje ha innleia ein affaere.
Anita (Andrea Braein Hovig) og Markus (Tarjei Sandvik Moe) er laerar og elev. Dei burde sjølvsagt ikkje ha innleia ein affaere.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway