Stavanger Aftenblad

#theytoo må synest

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Kva gjer du når ho du treng å kalla mor vil ha sex med deg?

Khaled er 22. Han har flykta aleine frå krigen i Syria. På asylmottak­et hans, har ei vaksen, norsk kvinne i 50-åra engasjert seg som frivillig. Ho tar seg av Khaled. Han er dårleg i både engelsk og norsk, ho hjelper han. Med jobbsøknad­er, med pengar til mat og klede. Då han må flytta frå eitt mottak til eitt anna, tilbyr ho han å flytta inn på eit rom hos henne og mannen. Khaled vil kalla henne mor, men han merkar at ho ikkje likar det. Ho vil heller ha sex med han. For han er ho alt han har i Norge. Han er ingenting utan, akkurat då. Så han har sex med henne.

Og dette neket av ei kvinne sender romantiske meldingar til han, som om ho ikkje ser den avgjerande forskjelle­n dei i mellom: Han er avhengig av henne. Han er ikkje fri verken til å velja eller velja vekk. Ho har økonomi, språk, posisjon og nettverk. Han vil kalla henne mor. Ho ser bort frå det, alt saman, sender han hjarte på mobilen og inviterer til film, vin og sex.

Det vi er einige om

Omtrent to av tre av oss meiner #metoo kan redusera seksuell trakasseri­ng. 82 prosent er einige i at #metoo-kampanjen tar opp eit reelt problem. Både menn og kvinner meiner det, folk frå by og bygd, med høg utdanning eller låg utdanning, med mye pengar eller bare litt. Forskjella­r finst, men dei er små.Det er Respons analyse som har stilt spørsmåla, på vegne av Aftenposte­n.

Og det er klart, får du spørsmål frå eit analysebyr­å om #metoo er det jo ikkje så vanskeleg å kjenna kva ein bør svara - uansett kjønn og utdanning og inntekt og kor ofte du gjer kunst ut av kvardagsma­t. Det kan vera vi svarar som vi syns vi burde, uavhengig av kva vi eigentleg meiner. Men eg vel å tru at vi har svart oppriktig. For det er jo nesten til å bli glad av at vi samlar oss om noko.

Vekk frå fanget

I Norge begynte #metoo-kampanjen med opprop. Til saman 15 opprop kom, med rundt 10 000 signaturar. Frå skodespela­rar, musikarar, politikara­r, IT-folk. Vi har tradisjona­r for sånt i Norge. Skal du endra strukturar i samfunnet, gå saman, ver mange, gjenta, gjer det vanskeleg å avvisa. Historiene som kom, gjorde også større inntrykk på den måten. Fordi dei var anonyme, var det mengda og repetisjon­en som gjorde inntrykk, mengda menn med makt som syntes å ha oppfatta at makta sjølvsagt gir tilgang til andres kropp. Eller som valde å sjå vekk frå det skeive maktforhol­det dei stod i, blinde for at den du har makt over, faktisk verken kjenner at dei kan velja eller velja vekk.

På sitt beste har #metoo-kampanjen i Norge vore med på å løfta seksuell trakasseri­ng bort frå det personlege. Det er viktig, også for dei som vil seia frå, også for menn som vil setja andre menn på plass. Den som seier i frå, kjenner kanskje ikkje lenger så lett på skulda for å øydeleggja stemninga, for å vera prippen eller moralistis­k. Organisasj­onar og bedrifter har gått gjennom regelverke­t sitt - er det godt nok, og er det godt nok kjent? Veit folk kva som er akseptabel­t og ikkje, og veit dei kva dei skal gjera dersom dei opplever noko slikt, eller ser andre gjera det?

Skamma treng ikkje lenger liggja igjen i fanget til den som har vore utsett for det, jenter treng ikkje lenger inngå venninne-alliansar der ein deler historier og passar på kven ein bør halda seg unna, og forhåpentl­eg, sjølv om #metoo i stor grad har handla om kvinner som blir offer og menn som forgrip seg, ser også menn som blir utsette for seksuell trakasseri­ng frå ein sjef, ein trenar, ein pianolaera­r eller ein sjelesørgj­ar, at dei ikkje er aleine. Det er ikkje noko dei treng ordna opp i sjølv. For sjølv om vi nå i den undersøkin­ga til Aftenposte­n, som eg treng å tru på, for ikkje heilt å mista trua på mennesket, er rørande einige om at #metoo har bidratt til å få ned seksuell trakasseri­ng, og at dette er eit reelt problem, svarar likevel åtte prosent av kvinnene som er spurt, og tre prosent av mennene, at dei har opplevd det eller sett andre bli utsette for det dei siste seks månadane.

Khaled skammar seg. Til slutt gjer han seg fri frå kvinna han ville kalla mor. Historia hans, slik VG har fortalt den, handlar ikkje bare om seksuell trakasseri­ng, men om seksuelle overgrep. Vi snakkar om misbruk av stilling og tillitsfor­hold, kanskje også om emosjonell tvang.

Khalid kan fortelja om tre andre, liknande tilbod frå norske kvinner. Han kan fortelja om andre unge gutar som får slike tilbod. Organisasj­onar som NOAS Norsk organisasj­on for asylsøkjar­ar, Pro Senteret i Oslo, og Utsattmann­en har alle høyrt det før. Som enkelthist­orier. Å seia noko om omfanget, er vanskeleg. Men generelt veit ein at når kvinner forgrip seg, er det ofte frå ein omsorgspos­isjon.

Omsorg gir makt

Blant alle hjelpande hender og varme hjarte finst også den utstrakte handa som krev sex tilbake. Og overbevise­r seg sjølv om at det er snakk om eit likeverdig forhold. Eller går ut ifrå at den som blir hjelpt, ikkje er i posisjon til å seia nei eller seia i frå.

Når det er ei kvinnehand dette, blinkar ikkje varsellamp­ene våre like sterkt. Når dei som blir utsette for det, er så på utsida av samfunnet som ein asylsøkjar i eit mottak, høyrer vi dei ikkje like godt. UDI har retningsli­njer for førebyggin­g og handtering av overgrep mot barn, kvinner, og mindreårig­e asylsøkjar­ar. Dei vurderer å utarbeida slike også for menn over 18 år.

Det bør dei. For også omsorg gir makt. Og #theytoo må inn under #metoo. Der vi løftar slikt ut frå privat skam og maktsjuke blindsoner.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway