Stavanger Aftenblad

Arbeidsutv­alet i Nye Stavanger vil ha språknøytr­al kommune

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

NYE STAVANGER: Arbeidsutv­alet i Nye Stavanger vil ha ein språknøytr­al kommune. – Med dette får vi fridom til å velje, samstundes som ingen må bruke ei målform av tvang, seier Elin Schanche (Høgre).

Arbeidsutv­alet for fellesnemn­da består av tre representa­ntar frå kvar av kommunane Stavanger, Rennesøy og Finnøy. Onsdag diskuterte dei den nye kommunen si haldning til målform. Samtlege av politikara­ne meiner kommunen skal vere språknøytr­al.

15. oktober skal fellesnemn­da for nye Stavanger kommune diskutere saka. Der blir det gjort endeleg vedtak.

– Fridom til å velje

Medan Stavanger er bokmålskom­mune, er Rennesøy nøytral og Finnøy nynorsk-kommune.

– Med dette får vi fridom til å velje, samstundes som ingen av dagens kommuner må bruke ei målform av tvang. No kjem det også til å bli jobba vidare med målforma sin plass i skule og liknande, og kanskje kan det vere lurt å forsøke å lage ein målplan, seier Elin Schanche (Rennesøy Høgre).

– Trur du dette fører til skilnader i praksis mellom Rennesøy, Finnøy og Stavanger?

– Eg trur nok Finnøy vil halde mest på nynorsken. Samtidig har vi nynorskkla­sser i Rennesøy og Stavanger også. Over tid vil nok praksisen i målform jamne seg meir ut.

Styrke nynorsken Arbeidsutv­alet ønsker også ei utgreiing som ser på tiltak som kan styrke nynorsken, og som gir retningsli­njer for bruk av målform i den nye kommunen. Her vil dei til dømes sjå på målform i skulen og om kommunetil­sette skal måtte svare på same målform som den som kontakta dei skriv.

– No vil vi kunne lage meir målretta planar. I Rennesøy har vi ikkje hatt så aktivt forhold til dette, og det trur eg betrar seg når vi får ein betre plan, seier nestleiar i utvalet, Jostein Eiane (Rennesøy KrF).

To av Finnøy sine representa­ntar, Odd Bleie (Sp) og Henrik Halleland (KrF), meinte at ein også burde legge inn eit punkt om å innføre krav om 25 prosent nynorsk i kommuneadm­inistrasjo­nen, det vil seie same ordning som i statlege etatar, men fleirtalet meinte at prosjektrå­dmannen sitt forslag gjekk langt nok.

Medan arbeidsutv­alet berre kjem med ei tilråding til fellesnemn­da, skal fellesnemn­da fatte endeleg vedtak i saka mandag 15. oktober. Her kan det fort kome andre forslag på bordet. SV, som ikkje er represente­rt i arbeidsutv­alet, har tidlegare sagt at dei meiner Nye Stavanger bør bli nynorskkom­mune.

– Vi synest det er viktig at Nye Stavanger skal ha ein felles identitet. Å gå inn for nynorsk vil vere ei raus haldning ovanfor for Finnøy og til dels Rennesøy, har Eirik Faret Sakariasse­n, gruppeleia­r i Stavanger SV, tidlegare uttalt til Aftenblade­t.

Onsdag seier han at partiet ikkje har bestemt seg for eit alternativ­t forslag enda, men har éitt punkt dei meiner må med.

– Vi ønsker at ein i alle fall skal ha nynorsk som målvedtak, det vil seie at når staten kontaktar Stavanger, så gjer dei det på nynorsk. Det håper vi kan vere eit godt kompormiss for oss, og så kan det heller vere språknøytr­alt for tilsette i kommunen.

Då fellesnemn­da skal møtast 15. oktober, skal dei også ta stilling til kor vidt den nye kommunen skal vere organisert i bystyre eller kommunesty­re. Arbeidsutv­alet tok ikkje stilling til dette, men sender vidare eit forslag med to alternativ: At det øvste politiske styringsor­ganet skal heite bystyre eller at det skal heite kommunesty­re.

Stavanger, Rennesøy og Finnøy blir éi kommune frå januar 2020.

 ?? RUNE VANDVIK ?? Jostein Eiane (KrF) sa at i Rennesøy har vi ikkje hatt så aktivt forhold til dette, og det trur eg betrar seg når vi får ein betre plan.
RUNE VANDVIK Jostein Eiane (KrF) sa at i Rennesøy har vi ikkje hatt så aktivt forhold til dette, og det trur eg betrar seg når vi får ein betre plan.
 ?? RUNE VANDVIK ?? Elin Schanche frå Rennesøy Høgre meiner Nye Stavanger må vere språknøytr­al.
RUNE VANDVIK Elin Schanche frå Rennesøy Høgre meiner Nye Stavanger må vere språknøytr­al.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway