Stavanger Aftenblad

Takk for støtta, Tore Renberg!

- Elin Rydningen På vegner av Rennesøy Mållag Gunvor Eiane På vegner av Rennesøy Mållag

KOMMUNESAM­ANSLÅING: Tore Renberg seier klart ifrå om at nynorsken må få ein god plass i Nye Stavanger, og at det er på overtid å leggja bort forakta mot det skriftsprå­ket som ligg naermast Stavangerm­ålet.

Me i Rennesøy Mållag er svaert glade for språk-ytringa frå Tore Renberg ved opninga av Kapittel-festivalen. Kommunane må bakka opp dei som ønskjer å skriva nynorsk.

Nye, mangfaldig­e Stavanger

Og – som Renberg seier – dette handlar ikkje minst om respekt for dei nye innbyggjar­ane frå Rennesøy og Finnøy. Rennesøy er formelt ein språknøytr­al kommune i dag, men det er mange nynorskbru­karar her, både privat, i naeringsli­v og i skulen. Finnøy er ein nynorskkom­mune med nynorsk som administra­sjonsmål.

Nye Stavanger vil få «språknøytr­alt» administra­sjonsspråk, men det bør ikkje bli opp til kvar einskild byråkrat kva språk han eller ho vel når dei skriv. Nei, samanslåin­ga må nyttast til å skape eit reelt språkmangf­ald.

Dette kan sikrast gjennom ein målbrukspl­an. I ein organisasj­on med lang bokmålstra­disjon vil dei fleste språkvala bli til bokmål om kommunen ikkje aktivt styrer det.

Målet for ein slik plan må vera at det skal verta like lett å vera nynorskbru­kar som bokmålsbru­kar i den nye kommunen, og at barn som har nynorsk på skulen også får møte nynorsk elles. Nynorsk må vera godt synleg i all offentleg informasjo­n frå storkommun­en. Og ikkje minst må nynorsk halde fram å vera og styrkjast som ei sterk kraft i eit felles mangfaldig kulturliv – i den vakre gamle internasjo­nale landsbyen Stavanger med dei grøne øyperlene ikring .

Velje nynorsk aktivt

Om administra­sjonsmålet er «nøytralt», kan likevel Stavanger krevja nynorsk i skriv frå statsorgan. Det vil over tid òg gjera det lettare for den einskilde tilsette i kommunen å produsera nye skriv på nynorsk. Det vil også bidra til at Rogaland, som no, får ein Fylkesmann og andre regionale statsetata­r som skriv nynorsk.

Når det gjeld administra­sjonsmålet, så kan ein ha reglar for at saksframle­gg, protokolle­r og andre dokument skal veksla mellom nynorsk og bokmål. Det same kan gjelde informasjo­n på nett, i sosiale media, i publikasjo­nar, pressemeld­ingar, kunngjerin­gar og annonsar. Programvar­a kommunen nyttar, må ligge føre både på nynorsk og bokmål, det same gjeld skjema som privatpers­onar og verksemder skal fylle ut.

Nynorsk er kulturarv og klarspråk Om me treng ein målbrukspl­an og korleis den skal vera, må helst diskuteras­t høglytt der folk samlast – og i aviser og på nett. Planen må stø opp om respekten for språkvalet den einskilde gjer. Privatpers­onar, private bedrifter, institusjo­nar og organisasj­onar skal få svar på nynorsk eller bokmål alt etter kva målform dei har. I intern kommunikas­jon er det opp til kvar einskild tilsett kva språk han eller ho vil bruke, og dei folkevalde brukar sjølvsagt det språket dei sjølv vil.

Viktigast er likevel omsynet til barna som vel nynorsk hovudmål. Det er viktig at kommunen tek avgjerder som gjer desse barna til trygge nynorskbru­karar i skulen, gjennom gode nynorske språkmiljø frå barnehagen og heilt opp til vidaregåan­de skule, og gjennom det hindrar språkskift­e frå nynorsk til bokmål.

Barn som skal ta til i nynorskkla­sse i skulen, må møte nynorsk i barnehagen. Det må syngast og lesast på nynorsk eller dialekt. Alle barn i Nye Stavanger må få den gåva det er å kjenne songar, dikt og eventyr på både nynorsk og bokmål. Dette vil også hjelpe framandspr­åklege å forstå meir når det blir snakka dialekt. Og for ein song og diktskatt det er å dele !

Nye Stavanger må sørgja for at elevane får god opplaering på nynorsk. Og bokmål. Og framandspr­åk og morsmål. Digitale laeremidde­l som skulen tek i bruk skal finnast på nynorsk. Dei må og sikra at laerarane er gode i nynorsk og tilby kurs om dei ikkje er det. Det kan stillast tydelege krav til nynorskkom­petanse i utlysingst­ekstar.

Byråkratar som er gode i nynorsk skriv faktisk betre og meir forståeleg også når dei skriv bokmål!

Ny open port i Stavanger

Stavanger går gjennom ein viktig overgangsf­ase dei naermaste åra – det gjeld ikkje minst når det gjeld sjølvbilet­et me har som innbyggjar­ar har. Tore Renberg seier at det er eit paradoks at mange ikkje vil skriva det språket som er naert deira eigen tale og tanke, men dei synest det er fint så lenge det er lyrikk og poesi.

Me i Rennesøy Mållag meiner at nynorsken er brukande på alle område i Nye Stavanger kommune, og vi håpar og trur at frå 2020 så bur vi i ein tospråkleg kommune der nynorsk nyt like mykje respekt som bokmål.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway