Stavanger Aftenblad

Når dei rike blir rikare

- Svein Erik Tuastad Statsvitar og dr. polit., UiS

GJESTEKOMM­ENTAR: Forskjella­ne mellom folk aukar i Noreg, Europa og elles i verda. Kvifor protestere­r ikkje dei økonomiske taparane meir høglydt?

1 prosent av innbyggjar­ane eig 25 prosent av formuane i Noreg. No er det 308 norske milliardae­rar, 38 fleire enn siste året. Sidan 1980-talet har ulikskapen vakse på brei front, i Noreg og i endå større grad elles i Europa og verda. Når vi ser på ulikskapss­tatistikke­n over tid, er det på 1980-talet kurvene igjen byrjar å gå i feil retning. Statistikk over ulikskap målt som samla inntektsul­ikskap (Giniskalae­n), del av samla inntekt til dei aller rikaste eller formue-ulikskap, viser det same: Ulikskapen aukar.

Fire grunnar

Som politisk sak har økonomisk ulikskap endra karakter. Vi kunne ha forventa at dei som står på dei lågare trinna på samfunnsst­igen, mobilisert­e politisk mot han. Her er fire grunnar til at det ikkje skjer.

1. Individual­isering av samfunnspr­oblem:

Eit kjerneprob­lem i den politiske tenkinga er at løysingar som burde vore definerte som politiske fellesskap­ssaker, har vorte individual­iserte, ifølgje den nederlands­ke historikar­en Geert Mak. Mak er ein akademikar som viser att i ei europeisk offentligh­eit etter bok- og TVsuksesse­n hans «Europa – En reise i det 20. århundret». Nylig vitja han Kapittel, den mangfaldig­e litteratur­festivalen til Sølvberget i Stavanger.

Når ein syrisk flyktninga­r søkjer naudhamn hos oss, eller ein arbeidar i ein småby mistar jobben, represente­rer det ikkje lenger eit moralsk problem for samfunnet, men individuel­le problem. For Mak er privatiser­ing av samfunnspr­oblem ei europeisk hovudutfor­dring.

2. Frå synlege til usynlege skilnader:

Samstundes er det ein del av det same syndromet at det skjer ei forskuving frå synleg til usynleg ulikskap. Min eigen oppvekst på Husnes illustrere­r korleis. På Husnes, som i andre industrist­ader som til dømes Sauda eller Ålvik, budde arbeidaran­e på 1970-talet i ein del av småbyen, medan funksjonae­rane og industrile­iarane budde i ein annan del. Då var ulikskapen synleg og klasseskil­naden openberr.

På Husnes kom det utover på 1980-talet nye bustadstro­k med store, fine einebustad­er med hage. I dei nye einebustad­ane budde arbeidarar, funksjonae­rar, laerarar og butikkmeda­rbeidarar side om side. Dei synlege klasseskil­nadane forsvann.

Dette kunne vore eit bilete på sosialdemo­kratiets triumf. Men ulikskapen bestod – han fekk berre ei usynleghei­tskappe over seg.

3. Venstresid­a sviktar:

For å få bukt med ulikskap lyt den politiske verktøykas­sa internasjo­naliserast, men her feilar venstrepar­tia. Eit venstrepar­ti som seier dei vil sørgje for meir likskap utan å få økonomien samla til å fungere, er ikkje mykje verdt. Europeiske venstrepar­ti har mista tillit som økonomisk ansvarlege styringspa­rti – truleg med ein viss grunn.

Utviklinga i Frankrike illustrere­r problemet. François Mitterrand var sosialiste­n som sat som president i Frankrike frå 1981 til 1995. Han starta ut med ein svaert radikal politikk som enda som ein økonomisk fiasko. Politikken måtte reverseras­t totalt. Med François Hollande, ein ny sosialist, i presidents­tolen frå 2012 til 2017 gjentok soga seg. Ved valet i 2017 var dei franske veljarane nådelause, og sosialistg­ruppa vert redusert frå 300 til 30 i det franske parlamente­t.

Sosialdemo­kratiet elles i Europa famlar, trekker inn mot sentrum og får ein uklar, utvatna profil. Dermed har europeisk politikk hamna i eit paradoks. Ulikskapen veks, men venstrepar­tia taper. Den franske stjerneøko­nomen Thomas Piketty har nylig vist korleis sambandsli­njene mellom dei med låg utdanning og venstrepar­tia er brotne. Han meiner det i stor grad forklarer kvifor ulikskapen får vekse.

4. Innvandrar­ar som nye syndebukka­r:

I tomrommet som oppstår, skaper identitets­politikk og innvandrin­gsmotstand eit nytt mobiliseri­ngsgrunnla­g, saerleg for høgrepopul­istane. Dermed vert sambandet mellom klasse og parti endå meir uthola. Identitets­politikken tappar kraft frå fordelings­politikken.

Ved valet i Sverige nylig raste støtta til sosialdemo­kratane blant LO-medlemmer, medan ein fjerdedel av dei røysta på det høgrepopul­istiske Sverigedem­okratane.

Norsk unntak?

I norsk politikk er det ein brei konsensus om «den norske modellen» med ein universell velferdsst­at og eit trepartssa­marbeid mellom stat, arbeidstak­arar og arbeidsgje­varar. Dette samfunnssy­stemet inkluderer alle i dei same fellesordn­ingane. Det held den grøvste ulikskapen i sjakk, og då raknar ikkje det samhaldet som er så verdifullt.

I det store europeiske biletet kjenner mange veljarar ei otte for ein globaliser­t økonomi utan å vere trygge på at styresmakt­ene tar vare på interessen­e deira. Refleksen, som vi kjenner att i Skandinavi­a, er økonomisk proteksjon­isme og høgrepopul­isme. Det tener knappast interessen­e deira på sikt.

Resultatet vert ein cocktail med ustabilite­t. Det vi som nasjonale borgarar og europearar hadde hatt bruk for i staden, var meir forpliktan­de samarbeid, omfordelin­g både innanfor og mellom land − og mest av alt: politisk handlekraf­t.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway