Stavanger Aftenblad

Bilselgare­n

-

DRØSET: Slo han ikkje til akkurat nå, ville aldri tilbodet koma tilbake.

Av og til fekk han for seg at dei skulle ha ny bil. Det fanst mange måtar å skyta ned tanken på. Den gongen han lufta det for sin faste mann på verkstaden, sa verkstadsm­annen at det var meiningsla­ust:

– Då har du ny bil i 14 dagar. Sidan har du bare bil. Har du ikkje betre ting å bruka pengane på?

Sidan hadde han brukt mykje pengar på reparasjon­ar av den gamle bilen. Så mykje pengar hadde verkstadei­garen fakturert at nå orka han ikkje meir. Sjølv om det bare gjekk an å låsa tre av fire dører, bagasjeluk­a hadde gått i evig vranglås og stadig nye varsellys blei tende i dashbordet.

Men den fremste nedskytare­n av luftige idear om ny bil, var sjølvsagt ho han for tida var gift med.

Slik det - etter det han hadde skjønt etter samtalar med andre menn - nok var i dei fleste familiar.

– Kvifor skal me bruka hundretuse­nvis av kroner på ein ny bil? sa ho.

Han hadde bare middels gode svar på akkurat det.

Men nå hadde ho snudd. Han skjønte det ikkje. Nokon måtte ha nådd inn til henne, på ein måte han sjølv aldri hadde klart. Plutseleg hadde ho fått det for seg at dei måtte ha ny bil. Nå. Og at det var hans jobb å ordna det.

– Be a man, som ho skreiv i smsen. Det var første gong ho hadde bedd han om akkurat det.

Så her stod han, i den styla bilbutikke­n, med ein bilselgar i kvit skjorte og blanke sko som dreiv og huka av for ekstrautst­yr på den altfor dyre bilen han akkurat hadde prøvekjørt - og som han for ein time sidan aldri hadde trudd ville vera aktuell å kjøpa.

– Kva med raudt, sa seljaren, og trykka på ein raud firkant. Bilen på skjermen blei knallraud. Det kosta 20.500 kroner ekstra.

Til slutt var summen så høg at han aldri ville tort å visa talet til kona. Men det var altså før konas transforma­sjon. Ifølgje bilselgare­n måtte han bestemma seg akkurat nå:

– Ventar du til over helga, kan eg ikkje gi deg dette tilbodet.

Han tok sjansen. Kanskje ville det finnast bilar til sals også veka etter?

– Be a man, som ho skreiv i sms-en.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway