Stavanger Aftenblad

Glede, håp og nøkterne forventnin­gar til kulturbuds­jettet

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

STAVANGER: I dag legg Trine Skei Grande (V) fram sitt første kulturbuds­jett. I sentrale, stavangers­ke kulturinst­itusjonar er håpet vel så stort som trua på meir pengar - mens Tou Scene er hoppande glade over å koma på statsbudsj­ettet.

– Me håper jo på ei satsing på kultur, med ny kultuminis­ter på plass. Men om dette blir omgjort til faktisk støtte, gjenstår å sjå, seier Morten Warland, administre­rande direktør i Stavanger symfoniork­ester (SSO), i forkant av kulturbuds­jettframle­gget.

– Me har søkt om meir pengar til tre tiltak, og ventar spent på statsbudsj­ettet, seier Siri Aavitsland, administre­rande direktør ved Museum Stavanger (Must).

– Eg trur dei kjem til å halda statsbudsj­ettet for kultur omtrent som i fjor, i påvente av den varsla kulturmeld­inga. Me forventar omtrent status quo, seier teatersjef Arne Nøst ved Rogaland Teater.

– Filmkraft og dei andre regionale filmsentra er ikkje nøgde i det heile tatt. Me kjem til å jobba for at me ikkje skal gløymast, men vera ein del av satsinga på film, seier dagleg leiar Ingvild Bjerkeland i Filmkraft.

Meir til film?

Før helga kom lekkasjane frå det komande kulturbuds­jettet. Tou Scene jubla over 13,3 millionar kroner frå staten til vidare rehabilite­ringmens rådmannen i Stavanger foreslo 45 millionar til kulturhuse­t i sin handlingso­g økonomipla­n.

I tillegg lova kulturmini­steren ei eiga filmpakke på 50 millionar kroner. Filmbransj­en er glade for pengane. Men det er eit men:

– Beløpet kompensere­r bare for store kutt dei siste åra. Kvar einaste krone er øyremerka ulike delar av bransjen - bortsett frå dei regionale filmsentra som driv talentutvi­kling og bransjebyg­ging, seier Bjerkeland i Filmkraft.

Kulturmini­steren seier at regionane er prioritert­e i filmpoliti­kken.

– Me er litt overraska over at filmsentra blir oversett, samtidig som dei hevdar å satsa på regionane, seier Bjerkeland - og minner om at budsjettet bare er eit forslag. Dei neste vekene står kampen om kva som faktisk blir vedteke.

To millionar til Must

Hos Must var gleda fredag stor over at rådmannen i Stavanger foreslår å auka kommunens løyvingar til museet med to millionar kroner. Nå ventar direktør Aavitsland spent på om staten følgjer opp.

– Me har hatt nokre tøffe år nå. Me har kutta både i tilsette og tilbod, og treng tre millionar ekstra i året i driftsmidl­ar for å kunna halda oppe tilbodet vårt, seier Aavitsland.

Den blå-blå regjeringa har pålagt kulturinst­itusjonane å effektivis­era drifta med med 0,5–1 prosent i året. Det betyr at institusjo­nane ikkje har fått full kompensasj­on for lønns- og prisvekst i dei årlige budsjettov­erføringan­e. For Rogaland Teaters del, betyr det til dømes at Nøst har omtrent fem millionar kroner mindre å laga teater for i år enn for fem år sidan.

– Me håper sjølvsagt på meir pengar, slik at me kan utvida på skodespela­rsida. Men spenninga knyter seg nok meir til kulturmeld­inga som skal koma før nyttår, og om ein foreslår å flytta meir av kulturansv­aret over på fylkesnivå, seier Nøst.

Akropolis Stavanger

Nøst ventar ikkje å sjå signal om eit eventuelt nytt teater i budsjettet som kjem mandag.

– Me er ikkje der i prosessen. Først ventar me på politiske vedtak lokalt om kva konsept me skal gå for, seier Nøst.

Det betyr at Aavitsland hos Must, som har store vyer for kva som kan skje i området der Stavanger museum og Rogaland Teater nå ligg, også må venta. Til gjengjeld ventar Must å få dei siste ni millionane staten har lova til nytt grafisk museum. Bygginga startar i januar.

Evig effektivis­ering?

Warland og SSO har klart å knipa kostnader utan å måtta kutta årsverk så langt.

– Men me kan ikkje halda fram med effektivis­eringskutt inn i det evige, seier Warland, som - som vanleg - har søkt om litt meir pengar.

– Nå har me fått ny kulturmini­ster sidan sist. Betyr det noko for kultubudsj­ettet?

– Me er optimistis­ke med tanke på Skei Grande. Ho har ei interesse for feltet, har stor kunnskap og har vore ganske offensiv i retorikken. Nå blir det spennande å sjå korleis det materialis­erer seg i budsjettet.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Den blå-blå regjeringa­s effektivis­eringskrav gjer at Rogaland Teater nå har fem millionar mindre å laga teater for enn for fem år sidan. Blir noko endra i statsbudsj­ettet mandag? Her frå «Romeo og Julie».
FREDRIK REFVEM Den blå-blå regjeringa­s effektivis­eringskrav gjer at Rogaland Teater nå har fem millionar mindre å laga teater for enn for fem år sidan. Blir noko endra i statsbudsj­ettet mandag? Her frå «Romeo og Julie».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway