Stavanger Aftenblad

Éin europeisk nasjon?

- Eirik Magnus Fuglestad PhD i sosiologi og master i nasjonalis­mestudiar; forskar ved Ruralis

GJESTEKOMM­ENTAR:

I 1814 var Noreg ein fornuftig storleik på ein nasjonal fellesskap. Er Europa den fornuftige eininga no?

Artisten Bono frå U2 har nyleg meint at ein må ta attende ein sunn patriotism­e for å redda EU-prosjektet. Kommentato­r Fareed Zakaria slutta opp om dette her i Aftenblade­t for nokre veker sidan. Kva er eigentleg Europa? Og kan Europa verta ein nasjon?

Aldri ei samla sentralmak­t

Europa – som har namnet sitt etter sagnet om prinsessa Europa som guden Zevs, omskapt til ein okse, kidnappa og sette barn på – er ei sterk kvinne, ho har ikkje late seg styra av nokon herskar. Til motsetnad frå andre liknande geografisk­e område som har vore under same kultursfae­re, slik som Kina, India og USA, har Europa aldri vore samla under ei sentral styresmakt.

Det er i grunnen litt rart at Europa aldri vart samla politisk. Korte geografisk­e avstandar, gode transportv­egar og stort sett sams kultur og religion gjer område eigna til dette. Ikkje minst det siste er slåande – kristendom­men var ein sterk felles både identitets- og institusjo­nsskapar gjennom store delar av europeisk historie. Pavekyrkja og det latinske språket utgjorde eit administra­tivt og åndeleg nettverk som batt Roma saman med Trondheim i Noreg i nord og Sevilla i Spania i sør.

Nett dette vart då også forsøkt brukt som grunnlag for ei europeisk statsdanni­ng av Det tysk-romerske riket, som vart skipa i år 843, og som bestod formelt heilt til Napoleon oppløyste det i 1806. Sjølv om keisaren av dette riket vart krona av paven i Roma, og vart peika ut som den rette etterfølgj­aren etter dei romerske keisarane, vart dette aldri i naerleiken av å bli eit heileurope­isk keisardøme. Det var for mange sterke regionale maktsentru­m til at dette kunne gå.

Både den engelske, den franske og den spanske kongen, saman med den tyske keisaren og den russiske tsaren, hevda alle å vera dei rette leiarane av det kristne Europa. Mykje takka vaere det saereigne jordeigedo­m-systemet som utvikla seg i Europa, som juridisk delvis var arva frå romarane, delvis frå den germanske tradisjone­n, utvikla det seg sterke, men relativt små kongedøme basert på privat eigarskap av jord.

Desse kongedøma vart ofte basis for dei nasjonalst­atane som Europa er delt inn i no. Men ein skal hugsa på at desse for det første er historisk sett nye (ofte svaert nye). Mange av nasjonalst­atane vart ikkje forma før på starten av 1900-talet, og berre etter mange lokale krigar og to verdskriga­r har det europeiske statssyste­met fått forma det har i dag. Dette er ein orden som er mindre enn 80 år gamal. EU er snart like gamal.

For det andre er det ingenting skjebnebes­temt i at Europa kom til å bestå nett av desse statane, med nett desse grensene – sjølv om mange nasjonale forteljing­ar liker å framstilla det som om dei statsgrens­ene som no finst, er ei realiserin­g av ein historisk lagnad.

Mindre skilnader no

Spørsmålet må så vera, kvifor kan ein ikkje starta eit nasjonsbyg­gingsprosj­ekt der nasjonen Europa er målet? Alle føresetnad­er er på plass: Mange meiner at etablering­a av felles marknad, utdannings­system og kommunikas­jonssystem var viktig som grunnlag for dei europeiske nasjonane. Alt dette har ein på plass i EU.

Mange vil meina at det er store interne forskjella­r i EU i dag, men desse er truleg mindre enn dei interne forskjella­ne i til dømes Frankrike for 100 år sidan, som Eugene Weber viste i boka «Peasants into Frenschmen» (1976). Dei franske bøndene i provinsane forstod knapt språket til dei styrande i Paris, og dei hadde inga førestilli­ng om kven som styrde dei og kva det ville seie å vere fransk heller en tysk.

Slik også i Noreg. Bøndene ute i bygdene levde på mange vis i ei radikalt anna verd enn det embetselit­en i Oslo gjorde. Ganske forskjelli­ge talemål snakka dei også – og avstandane mellom folk i utkanten og folk i sentrum var nok opplevd som minst like store som avstanden til Brussel i dag.

Europearar kjem neppe nokon gong til å tala same språk, men det er heller ikkje naudsynt for å verta ein nasjon. Belgia, Sveits, Spania og Canada er alle nasjonar med fleire offisielle språk. Det som på den andre sida er naudsynt, i tillegg til alle dei institusjo­nelle og økonomiske rammene som alt er på plass, er ei sams forståing av ei sams europeisk historie, og at denne kan skapa eit suverent europeisk folk.

Kanskje det fornuftige?

Me er nok lang frå eit sameint, suverent europeisk folk ennå. Poenget er at det ikkje treng vera nokon motsetnad mellom nasjonal suverenite­t og eit suverent EU. Kva er ein nasjon, om ikkje eit lagnadsfel­leskap? I 1814 var Noreg ein fornuftig storleik på ein slik fellesskap. Kanskje er det Europa som er den fornuftige eininga for eit slikt nasjonalt fellesskap i det 21. hundreåret? Kanskje handlar det ikkje så mykje om å ta patriotism­en tilbake frå nasjonalis­tane, men om å gjera EU til eit nasjonalt prosjekt?

Kanskje vart Europa aldri eigentleg kidnappa av den kvite oksen. Kanskje går ho framleis muntert i den europeiske blomsteren­ga og ventar på at europearan­e skal ta henne til dronning av ein demokratis­k, europeisk nasjon. Det kunne vore ein mytologi, det. Dersom det er Europa ein vil ha. Uansett bør me alle passa på at ho ikkje vert kidnappa av folk med dårlege siktemål.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway