Stavanger Aftenblad

Imponerand­e debutfilm om omsorgsvik­t

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FILM: Vondt og overtydand­e om barn som må ta rolla som vaksne.

Føniks

Sjanger: Drama. Med: Maria Bonnevie, Ylva Bjørkaas Thedin, Sverrir Gudnason, Casper FalckLøvås, Kjersti Botn Sandal, Nils Vogt, Renate Reinsve. Manus og regi: Camilla Strøm Henriksen. Nasjonalit­et: Norge, 2018. Lengde: 1 t. 28 min.

Aldersgren­se: 12 år. Ein av dei uventa konsekvens­ane av å få barn er at du begynner å reagera på ein annan måte når du ser film, saerleg om barn det skjer faele ting med. Du blir rett og slett meir emo.

Verdspremi­ere

Denne nye, vidåpne kanalen inn til emosjonane førte til at eg etter få minutt fekk litt vondt i magen av å sjå Camilla Strøm Henriksens debutfilm «Føniks», som hadde verdspremi­ere på den prestisjet­unge filmfestiv­alen i Toronto. Det har eg framleis, når eg skriv dette, nokre timar etter rulletekst­en.

Det er meint som eit kompliment.

Jill (Ylva Bjørkaas Thedin) skal snart fylla 14 år. Ho bur saman med veslebrore­n Bo (Casper Falck-Løvås) og mora (Maria Bonnevie) i ein mørk og rotete bustad i Oslo. Men det blir tidleg klart at mora er psykisk sjuk, rusar seg og ikkje er i stand til å ta seg av verken seg sjølv eller barna. Ho vil ikkje ta imot hjelp utanfrå.

Dermed blir det Jill som prøver å ta den jobben. Ho må rydda på kjøkkenet, hjelpa veslebrore­n å skjaera brødet, svara på alle spørsmåla hans, lyga om mora, rydda opp etter mora, prøva å få mora opp i ståande. Alt dette utan at nokon skal finna ut kor galt det står til.

Brukte eigen oppvekst

Ho held fram med dette spelet gjennom tragedien som rammar, har eit slags håp om at faren (Sverrir Gudnason), den berømte, omreisande musikaren, skal ta barna med seg. Men det er bare i Hollywood prinsen kjem ridande inn på sin kvite hest og reddar alt og alle.

Camilla Strøm Henriksen har både skrive manus og har regi på «Føniks». Ho har i intervju sagt at ho har brukt sin eigen tunge oppvekst med ei psykisk sjuk mor og ein fråverande far i arbeidet med filmen.

Gevinsten, i det som må ha vore eit tungt arbeid, er at resultatet er så truverdig. Dette er drama fortalt innanfrå, gjennom gneistrand­e gode skodespela­rar.

Bjørkaas Thedin imponerer som Jill, det same gjer Falck-Løvås som ein liten gut med ei lyst sinn i ei mørk verd. Mens mørkret, desperasjo­nen, narsissism­en og sviket av ungane blir rystande godt framstilt av Bonnevie og Gudnason.

 ?? LUKAS SALNA ?? Kven skal trøysta kven? I «Føniks» blir rollene snudd om, og barnet må ta seg av mora.
LUKAS SALNA Kven skal trøysta kven? I «Føniks» blir rollene snudd om, og barnet må ta seg av mora.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway