Stavanger Aftenblad

Han vil ta livet av postkortbi­letet

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

STAVANGER: Rune Salvesen vil ta livet av postkortbi­letet av Norge i sin nye roman «Resten av dagene vil drukne i fjorden». For sjølv om her ser idyllisk ut, har somme det så ille at dei vil hoppa frå Bybrua.

– Eg er så lei av biletet som blir teikna av Norge i utlandet. Av at me har det beste av det meste, av postkortbi­letet av fjord og fjell. For sanninga er at både utdannings­system og helsevesen­et er middelmådi­g, sjølv om det er gratis. Og midt i all idyllen finst det folk som har det vondt, seier Rune Salvesen.

Hans femte roman, «Resten av dagene vil drukne i fjorden», er nå ute. Det har gått fem år - altfor lang tid, ifølgje Salvesen sjølv – sidan sist bok. Den nye romanen startar med at Vilde Strand på 17 år står utanfor rekkverket på Bybrua i Stavanger og vurderer å sleppa taket.

– Dette er også Norge. Midt i det fine biletet finst det vonde ting. Då blir det ei falsk framstilli­ng å bare visa fram idyllen, seier Salvesen.

– Norge blir år etter år kåra til verdas beste land å bu i av FN?

–Og det stemmer nok. Men sjølv om Norge er ein fantastisk stad å veksa opp og leva, betyr ikkje det nødvendigv­is at alle som bur her har det godt. Folk har det vondt også i verdas beste land. Og med 22. juli brast noko av glansbilet­et, svarer Salvesen.

Psykiatri

Han har vore innom sjølvmords­tematikken i fleire av bøkene sine. Kan det ha noko med at han til dagleg jobbar som psykiatris­k sjukepleia­r, og har innblikk i baksida av glansbilet­et? Han trur det. I tillegg meiner han opplevinga­r frå åra på barneskule­n på Gausel i Stavanger i ettertid har prega han meir enn han var klar over. For mens han gjekk der, på den nye, flotte skulen, tok to av elevane på skulen sitt eige liv.

– Sjølvmorde­t interesser­er meg. Ikkje fordi eg skjønar det, men fordi eg ikkje skjønar at det går an å tenkja slik og velja den utvegen, seier Salvesen.

– Korleis lagar ein litteratur om slike tema?

– Det er skrive mykje om sjølvmord i litteratur­en. Eg ville gjera det litt annleis, knyta det litt til det eksotiske ved Norge. Fjorden skjer seg innover i landet, djup og mørk - og kan også vera ein metafor for det indre. Eg har prøvd å skriva dette så lyrisk som råd.

– Ganske mørke greier? – Dette er det mørkaste eg har skrive. Og eg har skrive mykje mørkt før.

Jentas perspektiv

I den nye romanen gjer Salvesen noko han tidlegare har lova at han aldri skulle gjera, nemleg å skriva frå ei jentes og ein gammal manns perspektiv. Frå Vildes perspektiv - og om morfaren hennar.

–Eg meinte at eg ikkje ville kunna skriva om ei jente eller ein gammal mann fordi eg ikkje hadde erfart det sjølv. Men det var det veldig befriande å gjera det likevel. Det fjerna karakteran­e heilt frå meg sjølv.

Vilde og den to år eldre kompisen Stig er veldig opptekne av litteratur, og snakkar masse om forfattara­r som Kerouac og Bukowski.

–Snakkar 15- og 17-åringar i 2018 om slikt? Dei virkar veldig pretensiøs­e?

– Eg ville unngå at dette skulle bli ei ungdomsbok, og måtte gi dei andre interesser. Eg trur det finst ungdommar som er slik. Eg kjøpte sjølv «The Spirit Level» av Seamus Heaney og sat og nileste dikt heime på Saxemarka då eg var 17 år.

– Du høyrest ut til å ha vore ein ganske saer 17-åring på Saxemarka.

– Kanskje. Eg las Kerouac og Dylan Thomas også. Men då eg begynte på Kongsgård på vidaregåan­de møtte eg mange som hadde lese meir enn meg, folk som også var sånn. Tenk bare på Jarle Klepp og Helge Ombo.

Draumen om å skriva

Salvesen jobbar 80 prosent som sjukepleia­r, men draumen er å kunna skriva på heiltid. Nå har han gitt ut fem romanar, skrivne på fritida frå den eigentlege jobben hans. Han sel ikkje nok bøker til å kunna leva av forfattarv­irket.

– Kvifor held du fram med skrivinga?

– Eg lurer på det sjølv også, for det er, som du også veit, veldig hardt arbeid å skriva ei bok. Men eg har ein driv i meg. Eg står opp klokka 05.30 kvar morgon for å lesa. Eg må lesa og skriva for å ha det godt med meg sjølv. Og sjølv om skrivinga ikkje er det eg tener mest pengar på, meiner eg at det eg er best på, er skriving. Så då må eg bare.

 ?? ANDERS MINGE ?? Rune Salvesens nye roman «Resten av dagene vil drukne i fjorden» startar på Bybrua i Stavanger, med ei ung jente som vurderer å sleppa taket.
ANDERS MINGE Rune Salvesens nye roman «Resten av dagene vil drukne i fjorden» startar på Bybrua i Stavanger, med ei ung jente som vurderer å sleppa taket.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway