Stavanger Aftenblad

Gje nynorsk til ungane våre

- Jo Bjørne Holmen Wigelius Ingrid Kristine Aspli Anne Kalvig Stavanger

MÅLFORM: Kva med å seia at ein av normalt tre klassar på ein skole som Våland, skal vera nynorskkla­sse?

Forfattar Tore Renberg har oppdaga nynorsk som eit godt språk også for han, og me har fått eit gledeleg oppsving i nynorskdis­kusjonen. Som foreldre har me forsøkt å gje nynorsk til ungane våre i ei årrekkje. For at nynorsk skal vera eit levande skriftsprå­k, må ungane laerast opp i det. Nynorsk er eit klart og godt språk der avstanden mellom tanke, tale og skrift er mykje mindre enn med bokmål.

I 2007 skreiv Anne Kalvig i Aftenblade­t om nynorskopp­svinget ho registrert­e blant ungane, grunna deira bruk av ny teknologi, som tekstmeldi­ngar. Men ho skreiv også at ungane si eiga omfamning av nynorsk skriftsprå­k gjennom dialektbru­k i sosiale media på ingen måte blei spegla av oppretting av fleire nynorskkla­ssar i stavangers­kolen.

Trengst meir aktiv tilrettele­gging Dette opplevde me igjen ved skolestart nå. Som foreldre prøvde me å få til nynorskkla­sse på Våland skole. Men rutinane for og tilkomsten til dette lovpålagde tilbodet er langt frå tilfredsst­illande. Det trengst langt meir aktiv tilrettele­gging enn ved dagens system.

I dag kryssar foreldre av for bokmålelle­r nynorskkla­sse ved skoleinnsk­riving. Nesten alle kryssar av for bokmål, fordi det er det dominante skriftsprå­ket. Foreldre veit at nynorskkla­sse må kjempast fram av eldsjeler blant foreldra, og at klassane kan bli små og sårbare, viss dei i det heile tatt blir realiserte. Mållaget gjorde ein helteinnsa­ts med å oppsøka interesser­te foreldre for å få til nynorskkla­sse til våre fyrsteklas­singar, men det heldt likevel ikkje. For oss foreldre er det lite ønskeleg å gå på dørene til folk for å masa ungane deira inn i nynorskkla­sse.

Kva med å seia at ein av normalt tre klassar på ein skole som Våland, skal vera nynorskkla­sse? Så slepp foreldre å kjempa det fram, og ein sikrar at nynorskkla­ssen er like stor og blanda som dei andre klassane. Eitt kryss, om ein absolutt ikkje vil ha nynorsk, og saerskilt melding til skolen frå foreldra som vil sikra ungane sine inn i denne klassen. Resten fordelte som vanleg.

Mange foreldre er positive til nynorskkla­sse, bare dei er sikra at det faktisk blir noko av, og med ein godt blanda og større gruppe enn minstetale­t på 10 elevar. Endring av innskrivin­gspraksis kan slik vera eitt virkemidde­l, og me håper og trur skolar i heile regionen kan vurdera dette.

Ungane får eit fortrinn

Foreldre: Det er skolen som tar nynorskopp­laeringa for elevane, ikkje dykk. De kan også vera visse på at ungane får eit fortrinn kva gjeld seinare karakterar i sidemålet bokmål, for den kunnskapen får ungane inn frå det omliggande samfunnet uansett.

Nynorsk er skapt av norsk talemål, ikkje dansk skriftsprå­k, med mange høve til tilrettele­gging av tale til skrift. Skal fleire få fryda seg over nynorsk i lesing og skriving, må kampen dreia seg om å gje nynorsk til ungane våre!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway