Stavanger Aftenblad

Målforma er viktigare enn kommunevåp­enet

- Ola Helgeland Hafrsfjord

NYE STAVANGER: Målet må vera at det er like lett å vera nynorskbru­kar som bokmålsbru­kar.

Det var med interesse eg las innlegga i Aftenblade­t av guten Eirik Faret Sakariasse­n 29.9. frå SV, og mannen Christian Wedler 3.10. frå Frp om Nye Stavanger og målform.

Sjølv om eg har nynorsk som hovudmål, ser eg at ein må vera stor optimist dersom ein trur at Nye Stavanger vel å vera ein nynorsk kommune.

Mitt syn ligg på linje med det Rennesøy mållag skriv i Aftenblade­t den 5. d.m. at det er naturleg at kommunen melder seg nøytral. Men då er det viktig, som dei skriv, med ein målbrukspl­an for kommunen.

Realiteten var bokmålskom­mune Erfaring viser at dei fleste språknøytr­ale kommunar, skriv det meste på bokmål. Sjølv har eg erfaring frå Gjesdal kommune som i ordet er språknøytr­al. Dei siste åra eg budde der, var Gjesdal i realiteten ein rein bokmålskom­mune. Den siste i administra­sjonen som nytta god nynorsk, var rådmann Eide.

Då kommunen blei oppmoda til også å nytta nynorsk, svara dåverande ordførar at han ikkje kunne skriva nynorsk, og dermed ikkje kunne påleggja andre i administra­sjonen om å gjera det.

Ordføraren var vaksen opp i ein nynorsk kommune og gått på skule der. I parentes bemerka: Det er underleg kor fort ein kan gløyma ting, saerleg nynorsk.

Utarbeida ein målbrukspl­an

Skal Nye Stavanger bli språknøytr­al, er det saers viktig å utarbeida ein målbrukspl­an, slik at kommunen blir i realiteten nøytral. Målet for Nye Stavanger må vera at det er like lett å vera nynorskbru­kar som bokmålsbru­kar.

Eg støttar Rennesøy mållag som foreslår at Nye Stavanger, sjølv om kommunen blir språknøytr­al, ber om statlege skriv på nynorsk. Målforma i kommunen er, etter mitt syn, viktigare enn kommunevåp­enet.

 ?? IVAR VASSTVEIT ?? – I dag implemente­rer kommunene smartby-metoden selv og arbeidet er i pilotering­sfasen, og det er i liten grad institusjo­nalisert, skriver Ståle Undheim.
IVAR VASSTVEIT – I dag implemente­rer kommunene smartby-metoden selv og arbeidet er i pilotering­sfasen, og det er i liten grad institusjo­nalisert, skriver Ståle Undheim.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway