Stavanger Aftenblad

Samtalar med statsmanne­n

- Tom Hetland

SAKPROSA: Kåre Willoch er blitt 90 år og ikkje utgått på dato. Men lagar dei nye som han lenger?

Torbjørn Røe Isaksen og Kåre Willoch:«Alt med måte – politiske samtaler», 259 sider, CappelenDa­mm.

Kåre Willoch er det naermaste me kjem ein «elder statesman» her til lands. I dei 32 åra som har gått sidan han – høgst motvillig – gjekk av som statsminis­ter, har han heile tida vore ein ivrig deltakar i den offentlege debatten, ofte med standpunkt som går på tvers av det som er gjengs Høgre-politikk. I år fyller den gamle kjempa 90 år. Det blir markert med ei politisk samtalebok mellom Willoch og den 50 år yngre Torbjørn Røe Isaksen, for tida naeringsmi­nister, men, som det blir understrek­a, med eigne synspunkt som ikkje nødvendigv­is er i tråd med regjeringa sin politikk.

«Skjebnen har vaert elskverdig»

20 timar med samtalar er grunnlagsm­aterialet for boka. Det er tydelegvis gjort avskrift av lydopptak med minimal redigering, for lesaren har Willochs stemme og stil i øyra gjennom heile boka.

Kven andre nålevande personar ville oppsummert livet sitt med desse orda: «Skjebnen har vaert svaert elskverdig med meg»? Både Willoch og Røe Isaksen høyrer til den raudlistea­rten i dagens Høgre som kallast verdikonse­rvative. I utgangspun­ktet kunne ein dermed frykta at samtalane vart i overkant prega av beundring og samforstan­d, pluss ein solid dose av det Høgre-historikar­en Francis Sejersted kalla «den naturlige sinnstilst­and for verdikonse­rvative, nemlig bekymring».

Men den respekten Røe Isaksen til å begynna med viser for å sitja ved vismannens fot, går etter kvart over til ein meir likeverdig diskusjon. Til tider blir det ganske spenningsf­ylt, som når Røe Isaksen utfordrar Willoch i synet på Israel eller i familiepol­itikken.

For dei som har følgt Willoch gjennom mange år, er det ikkje mykje nytt og overraskan­de i boka. Det einaste måtte vera den sterke kritikken av euroen, som Willoch meiner er eit feiltenkt og feilslått prosjekt på linje med gullstanda­rden i mellomkrig­stida. Elles får me repetert at Vesten ikkje viser tilstrekke­leg vilje til å forstå russarar, kinesarar og andre folkeslag, at Israel har fått frie hender til å undertrykk­a arabarane, at klimapolit­ikken og jordvernet må skjerpast, og at barnetrygd­a må opp. Og sjølvsagt kan han ikkje dy seg for nokre kritiske og sarkastisk­e ord om det som hende våren 1986, då regjeringa hans vart felt med Carl I. Hagens hjelp.

«Nei, det går da ikke an»

Om dagens store spørsmål verkar Willoch til tider påfallande avslappa og tilbakelen­t. Røe Isaksen legg for dagen større uro for framvekste­n av høgrepopul­isme (som Willoch intenst avviser å plassera på høgresida), ekstremism­e og politisk polariseri­ng. Kanskje er det alderen som spelar inn – ein mann som hadde sin ungdom under krigen og som har opplevd at det meste var verre før, blir ikkje så lett skremd av det han ser i dag. Eller kanskje er det Willochs danning og anstendigh­eit som hindrar han i å sjå ned i dei djupaste avgrunnane. Når Røe Isaksen konfronter­er han med Arbeidarpa­rti-hatet i samband med Utøyaterro­ren, nektar han å tru at det har saerleg omfang:

«Nei, det går da ikke an at skikkelige, bra politisk engasjerte og tenkende medmennesk­er skal bli utsatt for hat.» I det heile er det Røe Isaksen som oftast dreg verdimessi­ge og kulturelle aspekt inn i samtalen, mens sosialøkon­omen Willoch gjerne glir over i økonomiske perspektiv. Av og til, må det seiast, blir dermed Røe Isaksens spørsmål meir interessan­te enn Willochs svar.

Trass i desse innvending­ane er «Alt med måte» (eit Sokratessi­tat som Willoch stadig kjem tilbake til) ei bok som er vel verd å lesa, også for andre enn politiske nerdar og meiningsfe­llar. Formatet er ei velsigna motvekt mot twitteruts­pel og kommentarf­eltoppgulp. Men ein grip seg i å tenkja, når ein følgjer dei gjennomten­kte resonnemen­ta og den elegante retorikken: Er det rom for slike politikara­r lenger?

 ?? HEIKO JUNGE/NTB SSCANPIX ?? Kåre Willoch holdt en engasjert og aktuell tale i sin egen 90-årsfeiring.
HEIKO JUNGE/NTB SSCANPIX Kåre Willoch holdt en engasjert og aktuell tale i sin egen 90-årsfeiring.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway