Stavanger Aftenblad

Kjell Reianes romandebut­erer

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

BOK: Først var han arkitekt. Så blei han låtskrivar og artist. Og i haust debuterer Kjell Reianes som forfattar, med spenningsr­omanen «Bomben».

– Kvifor i all verda har du begynt å skriva bøker?

– Som de spurde om for åtte år sidan: «Kvifor i all verda begynner du med musikk?» Svaret er at eg er litt på reise, at eg er nysgjerrig. Den gongen var det Janove (Ottesen, svigerson red. merk.) som røska i meg. Denne gongen er det meir tilfeldig.

Før helga slapp Kjell Reianes «Bomben» – den første boka i ein planlagd trilogi om judomeiste­ren Willy Ness, som 20 år gammal drar til USA og etter kvart blir CIAagent. Men boka har eit meir lokalt utgangspun­kt.

– Tanken oppstod tilfeldig mens eg las om Trollpikke­n, som nokon hadde slått ned. Eg snakka med kona om at nokon kunne kasta ei bombe i sprekken på Preikestol­en. Det blei ein tanke eg ikkje klarte å sleppa, seier Reianes.

Steget frå tanke til handling kom etter at Bjørn Moi i Jaeren Forlag ringte og sa at om Reianes tenkte på å skriva bok, så måtte han koma til dei.

– Han sa eg skulle få Tom Hetland (tidl. sjefred. i Aftenblade­t. red.merk.) med på laget. Så då hoppa eg i det, seier Reianes.

Frå song til bok

Sidan har Reianes prøvd seg fram, som han seier.

–Eg har jobba med dette heilt sidan nyttår.

– Det er ekstremt kort tid på å skriva ein roman?

– Det visste eg ikkje. Eg har ikkje skrive romanar før. Eg har bare skrive songar.

Den største utfordring­a blei å skriva langt nok. Når du er van med å skriva songar, stoppa det litt opp etter 20.000 ord.

– Men så sa Tom til meg at eg måtte få inn smak, lukt og farge. Og då kom det meir. Så blei det til det det har blitt. – Og kva har det blitt?

– Eg har mange tankar om dette som eg aller helst vil at dei som les skal skjøna sjølv. Eg har skrive meir på intuisjon enn teknikk.

– Og så skal det bli tre bøker?

– Eg er godt i gang med bok nummer to, og veit kva eg skal skriva om også i bok nummer tre.

– Dermed blir det mindre musikk på deg framover?

– Ja og nei. Eg er godt nøgd med å ha fått laga tre cd-ar. Spelemessi­g har eg nok å ta av.

Reianes har mellom 90 og 100 konsertar i året, skriv heile tida ny musikk, meiner han ikkje treng å laga cd av alt.

– Så dei neste åra vil eg tenkja bøker. Men eg er jo ein novise, har aldri gått og laert å skriva. Så eg prøver å vera audmjuk. Eg skjønar at eg ikkje er Ibsen. Men eg er ganske visuelt anlagt. Og så liker eg å tøysa litt.

Tanken oppstod tilfeldig mens eg las om Trollpikke­n, som nokon hadde slått ned.

Kjell Reianes, arkitekt, musikar og nå og forfattar

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Før helga slapp Kjell Reianes debutroman­en «Bomben».
PÅL CHRISTENSE­N Før helga slapp Kjell Reianes debutroman­en «Bomben».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway