Stavanger Aftenblad

Kven vil i framtida våge å satse på Hareide?

- Berit Helgøy Kloster Hafrsfjord

POLITIKK: Det er fyrste gong ein partileiar køyrer i grøfta det som var partiet sin politiske draum: Nemleg eit sentrumsre­gjering-alternativ.

Det er ingen tvil om at Knut Arild Hareide er ein dyktig politikar, og det må vaera ei fortviling å sjå at dette ikkje viser att på meiningsmå­lingane.

Sjølv har eg vaert med i bystyre og fylkesting. Nå er eg i den største veljargrup­pa til KrF, nemleg kvinner over 60. Det kan vera at minnet er ufullstend­ig, men eg meiner at på fylgjande områda er Hareide nå i ferd med å skrive historie: y Det er fyrste gong ein partileiar kjører eit utspel utan at dei to nestleiara­ne er med. Desse står fast på det løfte partiet gjekk til val på 2017, nemleg at Erna Solberg skal vaere statsminis­ter y Det er fyrste gong ein partileiar utfordrar medlemmene til å vurdere for og i mot partileiar­en midt i ein nominasjon­sprosess for kommuneog fylkesting­sval. I denne prosessen

treng dei samhald ikkje splitting. y Det er fyrste gong ein partileiar køyrer i grøfta det som var partiet sin politiske draum: Nemleg eit sentrumsre­gjering-alternativ. Kven av partia vil i framtida våge å satse på Hareide? y Det er fyrste gongen at ein får regjerings­skifte i stortingsp­erioden utan at det er ei politisk sak som er avgjerande. Eit regjerings­skifte vil få internasjo­nal omtale.

Norge ynskjer alltid å vera i førarsetet for demokrati og politisk stabilitet. Er det KrF verdig å endra på dette?

 ?? HELENE ANDREASSEN ?? – Når universite­tet starter opp med sine første medisinstu­denter, blir det første nye medisinske utdannings­stedet i Norge på over 20 år, skriver Olav Thorsen.
HELENE ANDREASSEN – Når universite­tet starter opp med sine første medisinstu­denter, blir det første nye medisinske utdannings­stedet i Norge på over 20 år, skriver Olav Thorsen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway