Stavanger Aftenblad

Giske er skurken. Punktum

- Tom Hetland

SAKPROSA: Eit imponerand­e journalist­isk arbeid taper på manglande kjeldekrit­ikk og refleksjon.

«Arbeiderpa­rtiet – alle skal ned», Kagge Forlag, 343 sider

Det såg jo så lyst ut. I juni 2017 hadde Arbeidarpa­rtiet til og med valt ut staden der forhandlin­gane om den nye regjeringa skulle gå føre seg – Grefsenkol­len restaurant i Lillomarka. På alle målingar var Jonas Gahr Støre storfavori­tt til å overta som statsminis­ter.

Så gjekk det ikkje slik. I staden fekk Arbeidarpa­rtiet ein av sine verste nedturar nokon gong. Og deretter kom #metoo. Framleis slit partiet med å koma på offensiven, og eit dårleg lokalval i 2019 kan bli slutten for Jonas Gahr Støre som partileiar. Problemet er berre kven som skal koma i staden.

Strid på toppen

For under Støre har Arbeidarpa­rtiet på topplan vore eit hus i strid med seg sjølv. Det blir ettertrykk­eleg dokumenter­t i boka «Alle skal med» av VG-journalist­ane Lars Joakim Skarvøy og Marie Melgård. Forholdet mellom nestleiara­ne Hadia Tajik og Trond Giske, som vart valde i 2015, var så dårleg at det jamvel vart forsøkt med psykologhj­elp for å få leiarteame­t til å fungera. Konfliktan­e forplanta seg nedover i organisasj­onen og blant dei sentrale rådgivaran­e, der kvar av nestleiara­ne hadde sine tilhengara­r. Det vil seia: Kanskje er det meir dekkande å snakka om fløyer for og mot Trond Giske.

Hadia Tajik bygde ikkje i same grad opp sitt eige nettverk, det var ikkje hennar stil, og ho følte seg ofte utelukka frå uformelle maktmiljø i partitoppe­n.

Gjennomfør­inga av valkampen står også til stryk. Viktige valkamputs­pel, som skatteauke­n på 15 milliardar og opninga for samarbeid med KrF og Venstre, var omstridde internt og vart ikkje tilstrekke­leg forankra. Mange av dei sentrale valarbeida­rane opplevde valkamp-leiar Trond Giske som eigenrådig og detaljstyr­ande. Miljøet var så betent – og kanskje også så naersynt og sjølvsentr­ert – at til og med bruken av ei korktavle i stabsromme­t skapte stor irritasjon.

Bakteppet av maktkamp gjer det lettare å forstå dramatikke­n og dei sterke kjenslene då varsla om seksuell trakasseri­ng ramma Trond Giske mot slutten av 2017. Rykta om Giske hadde gått lenge, men det var #metoo-kampanjen og den oppsamla aggresjone­n mot nestleiare­n som til slutt sette ein stoppar for karrieren hans i Ap-toppen. Om sjølve Giske-saka har likevel boka lite nytt å melda for dei som følgde saka i VG og andre aviser – det måtte i så fall vera at Hadia Tajik i den mest intense fasen like før jul stilte ultimatum til Støre om at han måtte velja mellom Giske og henne i partileiin­ga.

Alt er med

«Alle skal ned»

er på mange måtar ein imponerand­e journalist­isk prestasjon. Sjeldan eller aldri er politisk strid i eit parti dokumenter­t så grundig og detaljert. Samstundes har forfattara­ne fått god hjelp av ein lekkasjeku­ltur som får sjølv den legendaris­ke møbelhandl­aren på Jessheim på 1980-talet til å bleikna. Alt er med, private epostar, varslarbre­v og replikkar frå møte der berre ein handfull sentrale aktørar var til stades.

På same tid er boka – og dekninga av Giske-saka – ein ny illustrasj­on på korleis media kan bli ein del av det politiske spelet. Skurken i «Alle skal ned» er Trond Giske. Og det kan saktens vera mykje å fordømma Trond Giske for. Men det blir etter kvart slitsamt gjennomsik­tig at premissane i boka er lagde av antiGiske-fløya. Forfattara­ne viser liten eller ingen kritisk distanse til påstandane og forteljing­ane til Giskes motstandar­ar, sjølv om det burde vera god grunn til også å gå desse kjeldekrit­isk etter i saumane.

Giskes forsøk på å få fram sin versjon i pressa blir derimot framstilte i eit suspekt lys, og forfattara­ne kritiserer Giske-vennlege vinklingar i andre medium. Den påfallande sterke advokatrol­la for den eine sida i konflikten svekker dermed boka som kritisk dokumentar.

Så må det leggjast til at Trond Giske heller ikkje har hjelpt til på balansen, ved at han har avslått tilbodet om å gi tilsvar på fleire av varsla som vart retta mot han. Politisk og personleg var nok det likevel klokt.

«Alle skal ned» er også kjemisk fri for vidare refleksjon­ar omkring sosialdemo­kratiet, #metoo og media. Trass i all innsidekun­nskap og dyktig dramaturgi endar dermed boka som lite meir enn ei detaljerin­g og forlenging av eit mediedrev som toppa seg for snart eit år sidan.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway