Stavanger Aftenblad

Bruk pengar på skulen klokt

-

LEIAR: Det er klokt å bruka pengar på skulemat. Men pengane kan ikkje tappast frå nødvendig opplaering.

Rådmannen i Stavanger vil ikkje bruka 4 millionar kroner på å prøva ut ei ordning der elevane får mat servert på skulen, sjølv om eit fleirtal av politikara­ne har bedt om det.

På Varhaug skule i Hå har dei i mange år hatt eit slikt tilbod. Ein kokk er tilsett på miljøarbei­darpengar, og elevane hjelper til på omgang. Dei serverer brødmat, pålegg, mjølk og frukt. Dei har ikkje kantine, elevane et på skift, ved langbord i mat- og helseromme­t, og i gangane. Skulen har investert i kjølelager og vaskerom, for rundt 100 000 kroner. Dei aller fleste elevane nyttar seg av tilbodet. I 2015 betalte foreldra deira 14 kroner dagen for maten.

«At matbyen Stavanger i matfylket Rogaland ikkje har mat til eigne ungar er skammeleg,» uttalte stavangerp­olitikar Arnhild Skretting (Sp) den gongen, og la til at det i Europa bare er Norge og Albania som ikkje har skulemat.

Seinare fekk Sp og Ap i Stavanger med seg både Venstre og Høgre i eit forslag om å prøva ut skulemat etter modellen frå Varhaug. Så langt er det bare Buøy skule som har gjort dette.

Rådmannen har lagt til grunn at ei slik ordning ikkje skal vera foreldrebe­talt i område med levekårsut­fordringar. Dermed vil det kosta kommunen 4 millionar kroner i året å prøva det ut på tre skular i byen, pengar rådmannen ikkje vil setja av verken nå eller dei fire neste åra.

Det er heilt rett av rådmannen å halda på gratisprin­sippet i Stavanger. Forskjella­ne mellom folk aukar, og heile 10,2 prosent av barnefamil­iane i Stavanger har så lite å leva for at dei blir definerte som fattige.

Å la ei ordning med skulemat vera gratis og gjelda alle elevar, ikkje bare dei som treng det mest, er ein god ting. Det er sosialt å setja seg ned og dela eit måltid, og det er tillitsbyg­gjande at alle får.

Dag Mossige (Ap) føreslår nå at ein gjer dette til ei levekårssa­tsing, slik at skulemat ikkje går utover skulebudsj­ettet.

Storhaug bydel har fått 13 millionar over statsbudsj­ettet til eit levekårslø­ft, mens Stavangers­kulen har kutta i det som var levekårspo­tten, slik at skulane i område med levekårsut­fordringar, får mindre av desse, for at alle skular skal kunna få ein større grunnpott. Rektorane har alt ropt om at det går ut over ekstra opplaering, blant anna til framandspr­åklege.

Skulen er ein viktig arena for å søkja å utjamna forskjella­r mellom familiar, og gi alle barn så godt utgangspun­kt i livet vi klarer. Dei treng både god nok opplaering og god mat.

Politikara­ne må løysa begge deler, men unngå at den eine handa endar med å ta pengar frå den andre i skulen. Det løyser ingenting.

Det er heilt rett av rådmannen å halda på gratisprin­sippet i Stavanger.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Slik kunne ein lunsjtalle­rken på Varhaug skule sjå ut i 2015.
FREDRIK REFVEM Slik kunne ein lunsjtalle­rken på Varhaug skule sjå ut i 2015.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway