Stavanger Aftenblad

Rått blått fleirtal i Rogaland KrF

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Eg hadde vore knust nå, hadde eg tilhøyrt mindretale­t i Rogaland KrF.

– Det er nesten som om det er utlyst nyval på regjering i landet, der bare KrF får stemma, sa fylkesleia­r Oddny Helen Turøy i Rogaland KrF då fylkesårsm­øtet opna i helga.

Og etter at det møtet er over, er det nesten som at bare dei som tilhøyrer fleirtalet i Rogaland, skal få rett til å stemma når det verkeleg gjeld.

For det er 2. november det verkeleg gjeld. På landsmøtet. Då skal ein stemma over om KrF skal følgja leiar Knut Arild Hareides råd om å søkja regjerings­makt saman med Ap og Sp, fortsetja i opposisjon, eller gå inn i Solberg-regjeringa. Det var delegatar til dette landsmøtet Rogaland KrF skulle stemma fram i helga.

Stemmene

Rogaland er det største fylkespart­iet til KrF, i det blåaste fylket. Då stemmene over dei alternativ­e retningane var talde opp, viste dei at to tredelar ville gå til høgre – altså forhandla seg inn i den sitjande regjeringa, mens ein knapp tredel ville gå til venstre – til Ap og Sp.

Før dei kom så langt, hadde dei diskutert korleis dei skulle løysa dette når delegatane - landsmøteu­tsendingan­e - så skulle veljast. 15 i talet, frå ei liste på 23 namn. I tillegg er fylkesleia­r Turøy, som ikkje overraskan­de støttar forslaget om først å snakka med høgresida, også delegat.

Burde dei velja forholdsvi­s? Altså at fem av delegatane skulle represente­ra mindretale­t sitt syn, og 10 fleirtalet­s, når resultatet seinare blei som det blei?

Frå valkomitee­n, leia av erfarne Bjørg Tysdal Moe, låg det ikkje slike føringar. Dei hadde valt å følgja dei ordinaere reglane - og satsa på at det som fungerer i fredstid, også vil fungera i krigstid. Dei hadde funne ei så god blanding dei klarte ut frå vanlege omsyn til kjønn og himmelretn­ingar. Men ikkje til syn i denne saka. Og ikkje med bunde mandat.

3. november

Mange gjekk på talarstole­n og minte om at 3. november kjem. Dagen etter. Den dagen skal KrF helst ikkje vera eit parti som har knust mindretale­t sitt. Uansett kva retning dei tar. Eit parti som klamrar seg fast til sperregren­sa, og så vidt får nasen over, har aldeles ikkje råd til slikt. Det blei åtvara mot amerikansk­e tilstandar, der «the winner takes it all» – og ein kan enda med at mindretale­t ikkje blir represente­rte der framme i det endelege valet.

Men benkeforsl­aget om å stemma fram delegatar som represente­rte forholdet mellom fleirtal og mindretal falt. Det blei argumenter­t med at Rogaland alt er underrepre­senterte på landsmøtet – det står mange fleire rogalendin­gar trengt saman bak kvar av våre utsendinga­r enn i dei fylka der KrF verkeleg er eit veldig lite parti. Det blei sagt at ein blir valt på tillit.

På lista stod 16 av dei til slutt 24 valbare namna for det blå synet – dei som vil inn i Solbergs regjering.

Når fasit nå er gjort opp, seier den at heile 15 av Rogalands 16 utsendinga­r til det ekstraordi­naere landsmøte vil støtta forslaget om å forhandla seg inn i Solberg-regjeringa, mens bare 1 – fylkesordf­ørar Solveig Ege Tengesdal – støttar Hareide. Det var etter at fylkesleia­r Turøy appellerte til at ein måtte sørgja for å vera såpass raus at ein uansett stemte fram sin eigen fylkesordf­ørar som utsending til landsmøtet.

Kvar stemme tel

Rogaland var første fylke ut. Kva gjer dei andre? Dei andre store, som Hordaland og Agder?

For hittil har ting tyda på at når ein tel stemme for stemme blant KrFs medlemmer landet over, i fylke, stortingsg­ruppe, landsstyre, KrFU og KrF kvinner, så står det ganske likt. Så likt at kvar stemme vil telja på landsmøtet.

Så likt at spørsmålet om skriftleg avstemming - altså hemmeleg - eller open stemmegivi­ng ved å visa stemmeteik­n, kan bli avgjerande på landsmøtet.

Respekten for mindretale­t

Eg vil tru at til sjuande og sist, uansett argument framførte, anstendige innlegg og appellar om 3. november, så betydde dette så mye for den enkelte KrF’ar på fylkesårsm­øtet at dei stemte fram delegatar bare etter eiga overbevisi­ng. For måten ein valde å gjera dette på, gjorde det opp til kvar enkelt, heilt for seg sjølv, å velja om ein ville ta vare på begge syn. Då måtte ein stemma inn også delegatar med synet ein sjølv var imot.

I Rogaland KrF bankar flest hjarter sterkast for partiet Høgre. Mens mange hjarter set seg fast i halsen når SV blir nemnt. Mange tvilar på at dei kan få gjennomsla­g hos partia som ikkje har saerleg respekt for det å tru. Å navigera etter gudstru blir ein fortare latterlegg­jort for av venstresid­a i norsk politikk, blei det sagt. Verdien av å gi enkeltmenn­esket plass til å ta eigne val, andre val, og andre enn fleirtalet­s val, har dei erfart større forståing for hos Høgre. Det var Høgres statsrådar som tok den utruleg lite populaere kampen for legars reservasjo­nsrett på vegne av KrF.

Den personlege erfaringa til mange er at respekten for å tilhøyra eit mindretal, og rommet for å få si eiga stemme høyrt, sjølv om ein tilhøyrer eit mindretal, er større på høgresida.

Så blir det unekteleg eit paradoks, då, at når det verkeleg gjaldt, så klarte ikkje det høgrevennl­ege fleirtalet i Rogaland KrF å rydda plass til at mindretale­t i deira eige fylkeslag skulle få kjenna det same.

Dersom andre fylkeslag gjer som Rogaland, må 3. november bli ein tung dag for KrF.

Dersom andre fylkeslag gjer som Rogaland, må 3. november bli ein tung dag for KrF.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway