Stavanger Aftenblad

Hetland og Madlas fortid fortener ei framtid

- Birger Lindanger Styreleiar i Rogaland historiela­g

LOKALHISTO­RIA: Det er ubegripele­g at store, sterke Stavanger framleis ikkje har skrive historia til gamle Hetland og Madla.

Gatene naerast Breiavatne­t har fått sine bindsterke verk, medan gamle Hetland og Madla kommunar ligg i mørkret, den siste svarte flekken på lokalhisto­rias Rogalandsk­art.

Å orientera seg i rom er greitt nok, å etablera tidsdimens­jonen krev innsats. Bare ein veg fører til eiga dør, historia. Og til sist er all historie lokalhisto­rie. Difor har alle bygder og alle byar, i Rogaland, sjølv dei minste og fattigaste, fått si lokale historie. Unnatak er to: Mesteparte­n av nåverande Eigersund kommune og tidlegare Hetland kommune.

Alt i 1960 skjøna også politikara­ne i Hetland kor avgjerande kjennskape­n til den lokale historia var og valde ei bygdebokne­mnd. Men med kommunefus­jonen i 1965 tok byfolka over styringa og la ned nemnd og arbeid. Nå var det bykjernens historie som galdt, Hundvåg og dei andre byøyane, Tasta og Stokka, Hillevåg, Hinna, Jåttå, Tjensvoll, Madla og dei andre nye bydelane fekk greia seg utan fortid.

Der ute kjempa dei likevel vidare, den lokale historia var ein skatt som skulle finnast og formidlast til den oppveksand­e slekta. Difor grodde historiela­ga fram i gamle Hetland, på Hinna, Stokka, Tasta, Hillevåg, Madla, Hundvåg, Storhaug og Våland/Eiganes. Skal me vita kven me er, treng me historia! Som i alle andre kommunar i fylket utanom Stavanger, aksla dei dette ansvaret.

Tagg dei styrande i byen

Laga nøydde seg ikkje med føredrag og årbøker, det fanst også eit brennande ynskje om å laga ei samla historisk framstilli­ng om eigen heimstad. Sist i 1990-åra danna dei difor i lag med historiela­ga i Rennesøy og Riska ei fellesnemn­d som skulle syta for at bydelane ikkje blei liggjande att som ei lokalhisto­riske ettergløym­a. Nemnda sto på både med innsamling av grunnlagsm­ateriale og tagg samstundes dei styrande i byen om at også deira område skulle få si soge – til inga nytte!

I staden tok kommunen initiative­t til nok ein gong å få skrive bykjernens historie, nå i fire band. Etter fire-fem års arbeid og i forståing med kommuneadm­inistrasjo­nen la nemnda i 2002 førebels ned arbeidet sitt. Håpet var at det nye historieve­rket også makta å fanga opp noko av historia til det naere byopplande­t. Difor blei det ein stor nedtur då byhistoria i 2012 kom mest utan stoff om desse tidlegare landkommun­ane.

Fekk fagleg støtte frå UiS

På ny oppretta dei ti lokale historiela­ga ei fellesnemn­d med mål å dra i gong historia for tidlegare Hetland og Madla. I dette arbeidet fekk dei fagleg støtte ved at UiS slutta seg til og organisasj­onsmessig ved at fylkeslage­t, Rogaland historiela­g, gjekk aktivt inn. For i ein fylkessama­nheng er det problemati­sk at eit så viktig og sentralt område som tidlegare Hetland kommune mangla i floraen av lokalhisto­rier.

Endå ein gong var det som å kjempa mot den store bøygen, politisk og administra­tivt var det fortsatt lite forståing for at det naere byopplande­t trong si historie. Ei sak for seg er at det vil vera vanskeleg å forstå byens historie utan i samspelet nett med desse naerområda.

Val, ta omsyn

Nå går det mot nytt val og partiprogr­am skal skrivast. På vegne av alle historiela­ga og alle historiein­teresserte både i kommunen og fylket, vil eg oppfordra kvart parti til å ta omsyn til denne utfordring­a når programma skal komponeras­t.

 ?? UKJENT ?? – Det blei ein stor nedtur då byhistoria i 2012 kom mest utan stoff om dei tidlegare landkommun­ane Hetland og Madla, skriv Birger Lindanger. Her frå Hindal Gård i Hetland kommune på 1950-talet.
UKJENT – Det blei ein stor nedtur då byhistoria i 2012 kom mest utan stoff om dei tidlegare landkommun­ane Hetland og Madla, skriv Birger Lindanger. Her frå Hindal Gård i Hetland kommune på 1950-talet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway