Stavanger Aftenblad

Nesten alle bispekandi­datane er lokale

- Birgitte Flote birgitte.flote@ aftenblade­t.no

STAVANGER: Fire av dei fem kandidatan­e til stillinga som biskop har lokal tilknytnin­g eller arbeidserf­aring frå Stavanger bispedømme. Professor meiner det er viktigare no enn ved tidlegare bispeval.

Stavanger bispedømme­råd la i går fram fem kandidatar til stillinga som biskop. På nyåret skal Kirkemøtet ha tilsett Ivar Braut sin arvtakar.

– Eg synest lokal tilknytnin­g nokre gongar kan overdrivas­t, men i dette tilfellet betyr det at ein får folk som kan gå rett inn i tenesta. Det trur eg det er behov for no etter lang tid utan ein fast biskop, seier Knut Holter, professor ved VID Vitenskape­lige Høyskole.

Marta Botne er den einaste kandidaten som ikkje har budd og jobba i Stavanger-regionen, men seier til kirken.no at ho har familiaere røter i Ryfylke. Tre av kandidatan­e jobbar i dag i Stavanger bispedømme: Helge S. Gaard er prost i Karmøy, Håkon Kessel er sokneprest i Raege menighet og Anne Lise Ådnøy er domprost i Stavanger, men for tida konstituer­t biskop. Alf Petter Bu Hagesaethe­r har tidlegare jobba som kapellan i Stokka menighet i Stavanger.

– Eg synes dette er ei sterk liste, alle namna er solide. Dei har god og allsidig bakgrunn, og alle vil kunne gjere ein god jobb som biskop. Eg vil tru det er Gaard og Ådnøy som står att til slutt. Gaard fekk mange stemmer ved førre val. Ådnøy var ikkje kandidat då, men er kjent gjennom å ha fungert som biskop.

– Må vere samlande

Marie Klakegg Grastveit, leiar i Stavanger bispedømme­råd, seier dei ikkje har lagt vekt på det lokale perspektiv­et i val av kandidatar.

– Når biskopen skal gå i gang, vil det vere ein fordel med lokal erfaring. Samtidig vil det også vere positivt å få ein frisk pust inn.

Det viktigaste har vore å få breidde, både teologisk og i form, det vil seie i leiarstil og liknande.

– Det er viktig at der er kandidatar både for dei som går i bedehus og dei som går i domkyrkja. Etter nokre harde og tøffe år i kyrkja er det også spesielt viktig at biskopen er samlande, seier ho.

Tidlegare leiar i Kirkerådet, Svein Arne Lindø, trekk fram Helge Gaard som ein kandidat med tradisjone­lt konservati­v ståstad og Anne Lise Ådnøy som ein meir liberal kandidat.

– Alle kandidatan­e er erfarne. Eg meiner erfaring som kyrkjelyds­prest er spesielt viktig, seier han.

– Kunne vore meir spenstig Professor Knut Holter etterlyser enda meir breidde.

– Kanskje kunne ein vore endå meir spenstig med ein kandidat eller to som var litt

 ?? JARLE AASLAND ?? Helge S. Gaard.
JARLE AASLAND Helge S. Gaard.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway