Stavanger Aftenblad

Professore­n som alle saknar

-

SAKPROSA: Frank Aarebrot har fått ein gjenkjenne­leg, og dermed lesverdig biografi. Men forfattara­ne kunne med fordel ha lodda djupare.

Likevel saknar eg nok ei tydelegare forteljars­temme og redigerarr­olle. Biografien er disponert dels kronologis­k, dels tematisk. Det er eit greitt grep, men enkelte stader kan det bli tendensar til oppramsing, og eg trur forfattara­ne med fordel kunne skilt tydelegare mellom viktig og uviktig og lodda djupare i det vesentlege.

Tilbakebet­aling

Når det er sagt, kjem det tydeleg fram kva som var drivkrafta i Frank Aarebrots virke som akademisk formidlar. Ja, naturlegvi­s elska han det, med all den kjaerleik til det talte, frie ordet som ein bergensar er i stand til å oppvisa – og det er som kjent ikkje lite. Men i tillegg såg han det som ei plikt, som ei tilbakebet­aling til samfunnet frå ein arbeidargu­t frå Kronstad som høyrde til den første generasjon­en i sin samfunnskl­asse som hadde fått innpass på universite­tet.

Morfaren, muraren Steen Hansen, fortalde ein gong den unge Frank kvifor han stemte Arbeidarpa­rtiet: «Jo, det skal jeg si deg, gutt, det er fordi partiet har gitt deg mulighet til å studere.» Også Frank var trufast og takknemleg mot sosialdemo­kratiet heilt til han førehandss­temte på dødsleiet, og han såg aldri partiengas­jementet som eit problem for den politiske forskinga si. Det var det derimot andre som gjorde.

Frank Aarebrot brann for den demokratis­ke folkeopply­sninga, og til slutt brende han seg opp. På det meste heldt han 300 foredrag på tre år, og han tok sjeldan honorar. Han var legendaris­k sjuskete og ustelt, røyken var sjeldan langt unna, og han måtte amputera den eine foten etter ein seigliva infeksjon han fekk under eit valobserva­tøroppdrag i Romania. Han var sjeldan nøye med detaljar, og vart derfor eit lett offer for meir petimetera­ktige sjeler i akademia.

Den første og den siste?

Men Aarebrot oppnådde å bli profet i eige land. Karrieren hans var på stigande kurs heilt til det siste. Han danna skule med sine direktesen­dte maratonfor­edrag, om norsk historie, om krigen og om amerikansk­e presidenta­r. Mange er lei seg for at han ikkje rakk å gjennomfør­a det siste, halsbrekka­nde prosjektet: 500 minutt om den historiske utviklinga i dei 500 åra sidan Martin Luthers reformasjo­n.

Forfattara­ne streifar innom det på slutten, men spørsmålet hadde vore verd ein grundigare refleksjon: Var Frank Aarebrot ein akademikar­type med datostempl­ing? Var hans tørst etter brei kunnskap og sans for verdien av formidling uløyseleg knytt til at han var del av den første arbeidarge­nerasjonen som fekk høgare utdanning? Og høyrde han samstundes til den siste generasjon­en akademikar­ar som fekk leva ut det uryddige, formidling­sglade renessanse­mennesket i seg, før forskingsb­yråkratiet, teljekanta­ne og målet om spissa, smal, internasjo­nal publiserin­g innførte ein ny og strengare disiplin?

I så fall er det ikkje berre enkeltmenn­esket Frank Aarebrot me vil koma til å sakna.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Frank Aarebrot oppnådde å bli profet i eige land. Her frå Universite­tet i Stavanger i 2015.
FREDRIK REFVEM Frank Aarebrot oppnådde å bli profet i eige land. Her frå Universite­tet i Stavanger i 2015.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway