Stavanger Aftenblad

Listhaugs karakterdr­ap

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: For Sylvi Listhaug går politiske skiljelinj­er mellom gode og dårlege menneske. Dei gode er dei som er einige med henne.

Det finst ting Sylvi Listhaug seier som ikkje mange nok andre har sagt. Og det finst ting Sylvi Listhaug seier, som det finst sterke grunnar til å la vera å seia. Begge deler viss ein ønskjer ein opnare og meir sakleg politisk debatt i landet.

Sylvi Listhaug konfronter­te den pakistansk-canadiske teologen Muhammad Tahir-ul-Qadri då han besøkte Norge og spurte han om han verkeleg var for steining som straffemet­ode og dødsstraff for blasfemi. Ho fekk aldri svar. Men det står respekt av at ho spurde.

Dei andre

I boka «Der andre tier» snakkar ho blant anna om meiningspo­litiet i Norge, som «har skjenket seg selv retten til å definere hvilke standpunkt som er riktige eller gale, moralske eller umoralske og innenfor eller utenfor». Dei er «avisredakt­ører, politikere, pr-folk, forfattere, skuespille­re, musikere og teaterfolk, mennesker som plasserer seg selv på en pidestall og føler seg bedre enn alle andre».

Eg er einig med Listhaug i at vi er altfor like kvarandre i norske avisredaks­jonar. Og at vi altfor ofte spring i flokk og diskuterer med likesinna. Ho har også rett i at den aukande fattigdomm­en i Norge i svaert stor grad heng saman med innvandrin­g, i Oslo er 8 av 10 familiar som lever under fattigdoms­grensa, innvandrar­familiar. Halvparten av all sosialhjel­p i Norge går til innvandrar­ar. Det gir ikkje meining å snakka om barnefatti­gdom utan å ta med dette.

Sterkast lar eg meg riva med når Sylvi Listhaug skildrar besøka sine i flyktningl­eirar i Tyrkia og Kenya. Når ho skildrar kor mange vi kunne hjelpa, hadde vi brukt meir pengar der. Og, som eg les Listhaug, ikkje berre for å halda dei gåande i leirane og borte frå oss, men for å gi dei utdanning, helsehjelp, tryggleik – eit betre liv enn dei hadde før. Ho skildrar opprørt kor urettferdi­g og tilfeldig dagens system er, og kor dyrt det er å hjelpa dei som klarer ta seg fram til landet vårt, og som ikkje nødvendigv­is er dei svakaste og mest utsette.

Eg lyttar. Og vil gjerne ha meir. Men ikkje av det som kjem: «Ikke alle tenker slik. For å vise hvor godt et menneske han var, reiste SV-leder Audun Lysbakken i august 2015 ned for å hjelpe til på Lesvos. Han sto der nede og belaerte nordmenn om hvordan vi også måtte ’stille opp’.»

Dei med tvilsam moral

Listhaug sjølv reiser altså som oppriktig interesser­t i sak, Lysbakken med ein egoistisk, nedlatande agenda. Når Flyktningh­jelpens Jan Egeland ikkje er einig med henne, sjølv om han også har besøkt slike leirar, finn ho inga anna forklaring enn at han ikkje bryr seg om flyktninga­ne som blir igjen der.

«For de innvandrin­gsliberale later det likevel til å vaere viktigere å se seg selv i speilet og få bekreftet at man er god. Jeg tror det er grunnen til at de tviholder på et system de selv ser at ikke fungerer», skriv ho.

Det går dessverre igjen og igjen og igjen i heile boka: Er du ueinig med Sylvi Listhaug, er det fordi du er eit dårlegare menneske. Alle som er ueinige med henne i sak, tillegg ho utan å blunka ein egoistisk, naersynt agenda. Dei vil framstå som gode, dei har økonomiske interesser i at ting blir som dei blir, eller er bare opptekne av seg og sitt:

«Samtidig tror jeg mange har inntrykk av at hun er svaert opptatt av sitt eget image og ofte stiller opp i regisserte fotoseanse­r», skriv ho om Aps Hadia Tajik. Og kommentere­r på neste pust sin eigen påstand som ugjendrive­leg faktum – difor kan Tajik risikera å framstå som ei som prøver å gi seg ut for noko anna enn ho er.

Og Listhaug sjølv? «Jeg ser ikke på politikken som bare imagebyggi­ng, for meg er det ramme alvor.»

Kritikken

Andres kritikk av henne blir nemnt, og stort sett kontant avvist: «Det har vaert mange som har hevdet at jeg bare har bidratt med retorikk og ikke levert resultater. Det er feil.» Eller: «Mine kritikere ville ha det til at jeg med begrepet ’godhetstyr­anniet’ la meg ut med mennesker som hadde en god vilje og ønsket å hjelpe. Slik var det selvsagt ikke.»

Heller ikkje Facebook-innlegget som til slutt felte henne som statsråd, er det nokon grunn til å kritisera henne for: At det i det heile tatt blei kobla opp mot 22. juli, skuldast kynisk strategi frå Ap si side.

Det største karakterdr­apet

Ikkje nokon stad opnar ho for at dei som er ueinige med henne i sak, kanskje oppriktig meiner at andre løysingar er betre for land og folk. I staden begår ho det eine karakterdr­apet etter det andre. Dei andre er kyniske, opptekne av å framstå som gode – helst betre enn folk flest. Dei brukar offerrolla som hersketekn­ikk, blankpoler­er imaget sitt og forsvarar eigne økonomiske interesser.

Til slutt blir alt dette til eitt einaste, stort karakterdr­ap: På Listhaug sjølv. I si eiga bok framstår ho som heilt utan evne og vilje til å setja seg inn i meiningsmo­tstandarar sine måtar å tenkja og handla på, og heilt utan evne og vilje til å tilleggja andre menneske gode intensjona­r viss dei er ueinige med henne.

Politiske skiljelinj­er går for henne mellom gode og dårlege menneske. Dei gode er einige med henne. Dei dårlege er ueinige med henne. For i hennar verd – i alle fall i hennar bok – finst der ingen andre grunnar til å vera ueinig med henne enn at du har dårlegare moral.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway