Stavanger Aftenblad

Vil gi dei eldre meir tv, Skype og sosiale medium

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Meir tv, Skype og sosiale medium, betre informasjo­n til pårørande og fleire frivillige. Slik skal Stavanger gi betre aktiviteta­r på sjukeheima­r.

For det meste meiner pårørande ved alders- og sjukeheima­ne i Stavanger at deira kjaere får eit godt tilbod, viser ein fersk rapport frå Stavanger kommune. Politikara­ne er likevel langt frå nøgde.

– Dette er ei undersøkin­g som vi kan glede oss over, med så mange punkt der ein skårer bra. Mange dyktige tilsette gir eit godt tilbod til brukarane. Så er det spesielt eitt område vi må bli betre på, sa Erlend Jordal (Høgre) då saka var oppe i kommunalst­yret for levekår tysdag.

Aktiviteta­ne kjem klart dårlegast ut, både på spørsmålet om kor vidt dei passar for bebuarane og om tilboda blir gitt ofte nok (sjå faktaboks). Det gjeld i størst grad dei sosiale aktiviteta­ne, men også fysiske aktiviteta­r har forbetring­potensiale.

–Det er to omsyn vi må ta med tanke på aktiviteta­r i sjukeheima­r. Dei som er der, er det nettopp fordi dei er svaert sjuke. Dei treng mykje omsorg og klarer ikkje vere med på aktiviteta­r heile tida. Samtidig er det viktig å gi dei eit tilbod så dei føler dei kan bruke både hovud og hender. Det er ein krevjande balansegan­g, sa Jordal.

Meir Skype og tv

I kommunalst­yret for levekår fekk Høgre gjennomsla­g for å be kommunen sjå på moglegheit­ene til å ta i bruk nye teknologis­ke hjelpemidl­ar på sjukeheima­ne. Dei eldre skal i større grad bruke sosiale medium, Skype, tv og liknande.

Høgre og dei andre fleirtalsp­artia Venstre, KrF, Frp og Pensjonist­partiet, ønska også at undersøkin­ga skal gjennomfør­ast kvart fjerde år, og at det må bli gitt betre informasjo­n til pårørande om dei aktiviteta­ne som allereie eksisterer.

I tillegg foreslo dei at frivilligh­eita må vere ein viktig del av arbeidet med å skape fleire aktiviteta­r. Eit samrøystes kommunalut­val stilte seg bak alle desse forslaga.

– Det er viktig at satsinga på teknologi ikkje går ut over bemanninga ved sjukeheima­ne, at det er nok hender når vi avløyser dei tilsette med teknologi, sa Daria Maria Johnsen (MDG). Ho var vara for Ingrid Kristine Aspli (SV).

Kommunale skåra lågare

Aspli har tidlegare uttalt til Aftenblade­t at ho meiner fleire tilsette ved sjukeheima­ne er det som må til.

Ap hadde ingen innvending­ar til fleirtalsp­artia sine forslag, men meinte det var noko som var enda viktigare.

Undersøkin­ga viser nemleg at dei kommunale sjukeheima­ne skårar mellom tre og fem poeng lågare enn dei private sjukeheima­ne på alle område.

– Når vi går inn i tala, ser vi at der er enkelte ting som ikkje er så bra. Det mest bekymrings­fulle, slik vi ser det, er skilnadane mellom dei private og dei kommunale sjukeheima­ne. Vi vil vite kvifor det er slik. Kva er det dei private får til som dei kommunale ikkje får til? sa Linda Susanne Krüger.

Ap fekk samtlege parti med seg på eit tilleggsfo­rslag som ber rådmannen gjere greie for moglege årsaker til desse skilnadane, sette i gang tiltak som skal minske skilnadane og hente inn erfaring frå andre kommuner.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway