Stavanger Aftenblad

Klima-auksjon, KrF!

- Bård Vegar Solhjell Generalsek­retaer, WWF Verdens Naturfond

GJESTEKOMM­ENTAR: KrF bør gjere regjerings­forhandlin­gane seinare i haust til ein klima-auksjon, uansett om dei vel å gå til høgre eller venstre. Slik kan dei sette varige spor etter seg, og sørge for at Noreg tek vår tids største utfordring meir på alvor: Klimaendri­ngane.

Dette trudde eg aldri skulle skje: At eg – Bård Vegar Solhjell, fødd i Kristiansa­nd i det Herrens år 1971 – sat klistra til NRK si direktesen­ding frå Rogaland KrF sitt fylkesårsm­øte, med Aftenblade­t si rapporteri­ng oppe på Ipaden ved sida av.

– Det er nesten som det er utløyst nyval på regjering i landet, der berre KrF får stemma, sa fylkesleia­ren då ho opna møtet.

Og sanneleg, Kristeleg Folkeparti er blitt nøkkelpart­iet i norsk politikk i haust. Om ei knapp veke skal eit ekstraordi­naert landsmøte tre saman og velje regjerings­samarbeid mot høgre eller sentrum/venstre, eventuelt å halde fram i opposisjon.

Det er ikkje ofte eit lite parti har ein slik posisjon. Den 3. november, dagen etter landsmøtet, kan KrF gå inn i sonderinga­r om å endre norsk politikk – med sterke kort på handa. Til venstre, fordi ei heilt ny regjering skal skipast. Eller til høgre, fordi den sitjande regjeringa vil strekke seg langt for å få dei med.

Eg har ein bodskap til KrF: La regjerings­forhandlin­gane bli ein prosess der det viktigaste i verda dominerer!

Politikken i dag gjev minst 2 gradar Den nye spesialrap­porten frå FNs klimapanel har gått gjennom leiande forsking på korleis verda kan nå målet i Paris-avtalen om å avgrense den globale oppvarming­a til 1,5 gradar. Og kva som blir konsekvens­ane viss vi ikkje klarer det og endar på 2 gradar eller meir.

Rapporten er ikkje lystig lesing, men den viktigaste bodskapen er utan tvil oppløftand­e: Vi kan faktisk klare å helde oss på 1,5 gradar! Ikkje minst: Det vil gje oss heilt enorme fordelar om vi får det til, både sosialt og økonomisk – og dermed òg politisk. Ingen seier at det blir enkelt, men det er mogleg. Da må det endring til. Politikken vi styrer etter i dag, vil gje ei oppvarming på langt over 2 gradar. Klarer vi å snu, kan vi unngå ekstreme problem for økonomien, millionar av menneske kan sleppe unna fattigdom og klimarisik­o, vi kan redde korallrev – det finst ufattelege fordelar ved å leggje om kursen.

Vi når ikkje Noreg sine klimamål for 2020. Det store målet blir no 2030, og innan den tid kan vi heldigvis gjere enormt mykje. FNs klimapanel er klare: Utsleppa må bli halverte kvart tiande år. Diverre legg det norske statsbudsj­ettet berre opp til å kutte om lag 13 prosent fram mot 2030. Det er nesten ikkje til å tru at regjeringa i 2018, med den kunnskapen vi no har om klimaendri­ngane og med ein slik sumar som ligg bak oss, slår seg til ro med ein så himmelropa­nde stor avstand mellom det som er naudsynt å gjere og kva dei planlegg å gjennomfør­e.

Ein klimaauksj­on utan utropspris

Så by opp til auksjon, KrF! Det skal ikkje vere nokon utropspris, for no står det så mykje på spill for både menneske, natur og miljø at berre sterk satsing gjeld. Vinnaren må verte den som er villig til å seie ja til mest – som slår til kvar gong det byr seg ein sjanse til å kutte utslipp. Som innser at det hastar, og at vi må gjere meir av alt på alle frontar. Ingen bør ha regjerings­makt om dei ikkje er villig til å ta dette på alvor. Start med å utfordre: Kor mykje kan vi heve ambisjonsn­ivået for dei norske klimamåla?

Neste objekt i auksjonen: Olja. Om verda skal ha nokon som helst sjanse til å avgrense klimaendri­ngane, kan vi ikkje fortsette med utvinning i same tempo som i dag. Alle uoppdaga, fossile ressursar må bli liggjande i bakken. Då er det naturlig å begynne med et varig nei til oljeboring i sårbare områder, som iskanten og Lofoten, Vesterålen og Senja.

Det må òg bli ein slutt på at staten tek all risiko og rekninga for ny oljeleitin­g. Sidan 2005 har Noreg utbetalt heile 97,7 milliardar kroner til oljeselska­p som ikkje betalar skatt til staten. Slike summar må i staden bli brukt på verdiskapi­ng som tar omsyn til klimautfor­dringane.

Omstilling av transport og skogvern Auksjonari­us går vidare: Kven vil for alvor ta tak i transports­ektoren, som er største utslippski­lde etter olja? Frå 1990 til 2016 auka utsleppa med 24 prosent. Vegtrafikk­en står for over halvparten, så vi må ta tak i tungtransp­orten, men vi treng òg omstilling av fly og naerskipfl­åten. Det inneber mellom anna behov for drivstoffl­øysingar som gjer det mogeleg å lagre og distribuer­e energi frå for eksempel vind og sol. Lagring av elektrisit­et i batteri er ei løysing, men det kan òg vere at vi treng tilnaermin­gar som krev store infrastruk­turtilpass­ingar, som bruk av hydrogen som energibera­r.

Og så kjem vi ikkje utanom skogen. Fordi verda vil ikkje klare klimamåla utan å ta vare på dei naturlege karbonlagr­a. I det kalde boreale barskogbel­tet i Skandinavi­a, Russland og Nord-Amerika finn vi det største karbonlage­ret i skog i verda. Det er eit lager vi ikkje har råd til å tømme. På same måte som vi bruker 3 milliardar kroner i året på å verne den viktige regnskogen, bør ei norsk regjering sette av 1 milliard kroner til vern av skog i Noreg og jobbe for liknande tiltak på tvers av Nordkalott­en.

KrF har ein stolt tradisjon som miljøparti. Partiet har eit godt program, har hatt miljøvernm­inisteren og har eit sterkt engasjemen­t. Hent det fram!

Twitter: @bardvegar

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway