Stavanger Aftenblad

Lover mange fleire tilsette i barnehage, skule og sjukeheim

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Arbeiderpa­rtiet går til val på eit kostbart program. I utgangspun­ktet vil dei ikkje auke eigedomska­tten, men utelukkar det ikkje.

– Skule, barnehage og eldreomsor­g blir våre viktigaste område fram mot valet, saman med arbeidet for å få fleire bedrifter til Stavanger, seier Kari Nessa Nordtun, ordførarka­ndidat for Nye Stavanger Ap.

Måndag la partiet sin programkom­ité fram sitt forslag til program som dei ønsker å gå til val på. For første gong gjeld programmet for både Stavanger, Rennesøy og Finnøy samla. Fristen for endringsfo­rslag er 7. november.

Utelukkar ikkje auka skatt Partiet går til val på auka grunnbeman­ning i både barnehage, skule og sjukeheima­r. Dei lover fleire faste heiltidsst­illingar i kommunal sektor. Vidare vil dei ha helsesøste­r til stades på alle skular kvar dag, og skulane skal få fleire tilsette med sosialfagl­eg bakgrunn.

–Å bruke pengar på å auke grunnbeman­ninga vil koste, men det kostar også å ha så høgt sjukefråve­r som Stavanger kommune har i dag, seier Nessa Nordtun.

– Kva vil de velge vekk for å få råd til alt dette?

– Ein del prestisjep­rosjekt må vike. Vi går ikkje inn for å kjøpe andelar i Stavanger Forum Expo, og meiner vi må vurdere om slike typer prosjekt kan finansiera­st på ein annan måte. Folkebadet ligg heller ikkje inne i programfor­slaget vårt.

Torsdag skreiv Aftenblade­t at Ap ønsker å droppe demensland­sbyen ved Ramsvigtun­et og heller bygge ny sjukeheim fordi dei meiner planane er for dyre.

–Så har jo Finnøy eit Havbruksfo­nd som fekk utbetalt 46 millionar i år, seier Nessa Nordtun.

– Kor mykje av fondet kan Nye Stavanger rekne med i sine budsjett?

– Det som er sikkert er at fondet vil gå inn i økonomien til kommunen, men det skal seiast at framtida for dette fondet er usikkert. Difor er det ikkje ei inntekt vi kan budsjetter­e med. Det er ei inntekt vi har no, men kanskje ikkje i framtida.

– Kva med eigedomska­tt?

– Vi går ikkje til val på å auke eigedomska­tten. Om ein hamnar i ein situasjon som er akutt for skule og eldre og der det er behov for meir pengar, så er eigedomska­tt ein måte å finansiere dette på.

– Og om ein hamnar i ein slik akutt situasjon, er det då aktuelt å auke den?

– Då må vi ta ei vurdering på om vi vil auke den. Vi kan ikkje garantere at eigedomska­tten ikkje vil bli høgare, men det er det heller ingen parti som kan.

Vil ha mobilfrie skular

Både i skule og barnehage er det frå i haust nye normer for kor mange barn som skal vere per vaksne. Frå før mottar kommunen ein del midlar som følgje av dette. Ap ønsker altså å gå lengre enn dei statlege føringane tvingar kommunen til, men er vage på kor mange fleire pedagogar som skal tilsettast.

– Det er for tidleg å gi eit konkret svar på kor mykje dette vil koste kommunen, men Ap har i sine tidlegare budsjett alltid lagt inn ei auke i skulebudsj­ettet. I budsjettfo­rslaget for 2018 ønska vi 17,5 millionar meir i direkte rammetilsk­ot til skulane, seier kommunalrå­d Dag Mossige som sit i kommunalst­yret for oppvekst i Stavanger.

– De vil auke grunnbeman­ninga i barnehagen. Kor mange ekstra tilsette er det snakk om?

– Å auke grunnbeman­nina handlar om betre kvalitet og betre arbeidsfor­hold for dei tilsette. Så må vi kome tilbake til kor mykje vi skal legge inn til dette i vårt alternativ­e budsjett. Stavangerb­arnehagene­s Foreldrefo­rening har argumenter­t for å ha ein tilsett ekstra på toppen av dei som er i barnehagen. Kanskje er dette ei løysing, seier han.

Ei av sakene som er venta å skape mest diskusjon når partiet skal diskutere programkom­iteen sitt forslag, er mobilfri skule. Programkom­iteen ønsker at alle barneskula­r skal vere mobilfrie. Eit mindretal ønsker at også dette også skal gjelde for ungdomssku­lar.

– Det betyr ikkje at laerarane ikkje skal kunne bestemme at elevane får bruke mobilar når dei meiner det er føremålste­neleg, men at utgangspun­ktet er at vi vil ha mobilfrie skular, seier Mossige.

For første gong gjeld programmet for både Stavanger, Rennesøy og Finnøy samla.

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Ordførarka­ndidat Kari Nessa Nordtun la fram programkom­iteen sitt forslag til program. Partiet går til val på eit program som legg opp til å bruke store summar på byens unge og eldre.
KRISTIAN JACOBSEN Ordførarka­ndidat Kari Nessa Nordtun la fram programkom­iteen sitt forslag til program. Partiet går til val på eit program som legg opp til å bruke store summar på byens unge og eldre.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway