Stavanger Aftenblad

Astronaute­n

-

DRØSET: Dra til månen? Livsfarlig!

– Eg skal i alle fall ikkje bli astronaut når eg blir stor!

Dei var på veg til skulen, dei to. Hand i hand, ein far og ein son. Morgonen var blank, klar og kjølig. På den blå himmelen hang månen. Sonen tykte det var rart. At me kunne sjå månen nå når det var dag.

– Og så er det rart at det er blått der oppe, for der månen er, er det svart, sa sjuåringen.

Han tykte det var rart at månen var så stor også, sjølv om han såg liten ut her dei labba i retning Nylund skole. Og at han kunne henga der, i lause lufta.

– Hadde du lyst til å bli astronaut då du var liten, spurde gutungen.

Hadde han hatt det? Kva hadde han hatt lyst til å bli då han var sju år? Han ante ikkje lenger.

– Eg veit ikkje.

Eg trur kanskje det virka litt kult å reisa med rakett heilt ut i verdsromme­t. Syns ikkje du det ville vore kult?

– Nei. Det er jo kjempelang­t opp dit.

Sjuåringen forklarte at det var så langt opp til månen at sjølv jorda såg lita ut der oppe frå. Det var klart at det var for langt å reisa. Han understrek­a poenget med det sterkaste argumentet han kunne finna:

– Eg hadde ikkje ein gong blitt med om ein av vennene mine spurde.

Dei kika opp på månen igjen. Han hang der, kvit, lysande og halv i haustmorgo­nen. Det hadde vore litt av ei oppleving å ha vore der. Litt av ei oppleving å vera astronaut. Det måtte vore hakket meir glamorøst enn å lunta rundt her nede på asfalten.

– Du er heilt sikker på at du ikkje ville dratt til månen?

– Ja! Det er jo så langt opp. Tenk om me ramla av. Tenk om me ramla ned!

Hadde du lyst til å bli astronaut då du var liten?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway