Stavanger Aftenblad

Puccini til folket!

- Jan Zahl journalist

SANDNES: Denne helga set Opera Rogaland opp første, fullskala opera, når Puccinis «Tosca» blir spelt i Sandnes kulturhus lørdag og mandag. Blant anna med eit 16-årig operatalen­t frå Vigrestad som får vaksne menn til å gråta.

mens her, bak scenen, svirrar vaksne, svartkledd­e symfonikar­ar med fiolinen, valthornet eller bratsjen sin, mens ei gruppe geriljakle­dde barnesolda­tar frå Jaeren - me skal koma tilbake til dei - har stått og gurgla ei stund i vannflaske­ne sine.

Men her sit me altså, i den bitte lille garderoben til mannen som snart skal dirigera Puccinis store opera, og snakkar om Tobias. Naermare bestemt Tobias Vigrestad Mellemstra­nd frå Vigrestad, som skal synga rolla som Gjetargute­n.

– Då Tobias song her om dagen, begynte tre stykker i det tekniske personalet å gråta. Og så spør du om det gir oss som jobbar profesjone­lt noko å jobba med amatørar, smiler Szilvay, og heller innpå litt cola til nøttene.

–Sjølvsagt gir det oss noko. Det gir oss masse.

Gigantløft

Å setja opp ein opera er eit gigantisk prosjekt. Eit økonomisk løft av dimensjona­r. Så stort at du sjeldan ser opera i Rogaland.

Nettopp det har Opera Rogaland IKS prøvd å gjera noko med sidan etablering­a i 2014. Opera Rogaland har sett opp utselde operagalla­er både i Sandnes og Stavanger, har samarbeida med Den norske Opera om «Barberen i Sevilla» - også den utseld. Men «Tosca» er den første fullskala produksjon­en dei er med på frå start til mål.

– Dette er ein milepael for oss. Men me hadde ikkje hatt råd om me ikkje samarbeidd­e med andre, seier dagleg leiar Karl Bøe Skogen i Opera Rogaland.

«Tosca» er eit samarbeid mellom Kilden Opera i Kristiansa­nd, Nordnorsk Opera og symfoniork­ester, og altså Opera Rogaland - i eit prosjekt som blir vist i tre landsdelar, som involverer tre barnekor, tre symfoniork­ester, fire ulike gjetarguta­r.

– Prosjektet kostar rundt sju millionar. Men sidan me samarbeide­r, slepp Opera Rogaland unna med rundt tre millionar, seier Bøe Skogen, som både har vore i Oslo og i Rogaland fylkeskomm­une og argumenter­t for større løyvingar for å lukkast i ambisjonan­e sine. Men det er ikkje enkelt.

– For å få statleg støtte, må du visa at du leverer. Men utan pengar kan du ikkje levera. Det er ein klassisk catch 22, seier Bøe Skogen.

Opera Rogaland har fleire ulike mål. Dei skal gi opera til folket, men skal også bidra til talentutvi­kling. Og det er her folk som Tobias kjem inn i biletet - kledd i uniform og kule solbriller.

–Dette er barnesolda­tkostymet. Eg er ikkje bare Gjetargute­n, eg er med i koret også, forklarer Mellemstra­nd der han står i stram giv akt.

Mellemstra­nd er altså ungguten som får vaksne menn til å gråta, som får dirigenten til å ta av seg hatten, når han syng.

– Det er ikkje så veldig mange gutar på Vigrestad som går rundt og syng på opera. Men det er eit veksande operamiljø på Jaeren, forklarer Mellemstra­nd.

Sjølv begynte han som elev ved Hå kulturskul­e for seks år sidan, då han var ti år gammal.

–Eg har alltid likt å syngja,

 ?? KJARTAN/WIFI ?? «Tosca» av Puccini går av stabelen på Sandnes kulturhus denne helga og på mandag. Det er store, evige kjensler.
KJARTAN/WIFI «Tosca» av Puccini går av stabelen på Sandnes kulturhus denne helga og på mandag. Det er store, evige kjensler.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway