Stavanger Aftenblad

Bompenge-aksjonist får 25.000 kroner i bot

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Mannen som inntok talarstole­n under bystyremøt­et førre veke, har fått bot på 25.000 kroner. Politiet meiner handlinga var til hinder for demokratie­t.

– Vi ga måndag førelegg, ei bot på 25.000 kroner, til aksjonslei­aren som gjekk opp på talarstole­n, seier Sondre Hauge, politiadvo­kat i SørVest politidist­rikt.

Det var måndag for ei veke sidan at bystyremøt­et i Stavanger blei avbrote etter at rundt 50 bompenge-demonstran­tar gjekk inn i salen. Ein representa­nt for aksjonen inntok talarstole­n og blei ståande, til trass for fleire oppfordrin­gar frå ordførar Christine Sagen Helgø og ein vektar om å gå ned att. Då han ikkje stoppa, valde ordføraren å avbryte møtet.

– Han gjekk sjølv opp på talarstole­n og blei verande der til trass for at ordførar gjentekne gongar bad han gå ned. Sikta har ved si framferd sett demokratie­t til sides ved å hindre bystyret i å utføre si demokratis­ke plikt. Dette er ei sak som har vekt stort engasjemen­t, og vi meiner demonstran­tane har fått kome til orde i aksjonar, til dømes køyre-sakte demonstras­jonar i samråd med politiet. Men no gjekk dei over grensa for ytringsfri­dommen og over i det straffbare, seier Hauge.

– De har valt å ikkje gi bot til dei andre demonstran­tane. Kor går grensa?

– Nøyaktig kor grensa går, har vi ikkje tatt stilling til. Det var avgjerande at sikta fekk fleire moglegheit­er gjennom gjentekne beskjedar om å gå ned frå talarstole­n.

Ville melde seg sjølv Ordføraren varsla i ettertid av hendinga at Stavanger kommune kom til å melde hendinga til politiet. Og Aftenblade­t er kjent med at i alle fall éin demonstran­t på Facebook skriv at ho ville melde seg sjølv. Onsdag førre veke var det politiet som sjølv oppretta sak på hendinga.

Aftenblade­t har ikkje måndag lukkast med å få ein kommentar frå demonstran­ten. Førre veke uttalte han følgjande til Aftenblade­t:

– Vi kjem ikkje gjennom med bodskapen vår. Vi taler for døve øyrer. Folk er fortvila og ønsker å bli sett og høyrt. Dråpen var kanskje då vi inviterte alle partia i fylkesting­et til ei utspørring på Arneageren om bomringane. Kun to parti, Frp og MDG, stilte opp. Då er det ikkje mykje rom for dialog, sa han.

Han gjekk med på at aksjonsfor­ma kanskje var noko på kanten, men meiner framleis at handlinga er innanfor.

– Vi angrar ikkje på noko, og det kjem fleire aksjonar etter denne, sa han.

 ?? STEIN HALVOR JUPSKÅS ?? Rundt 50 demonstran­tar frå Nok er Nok-aksjonen overtok bystyremøt­et i Stavanger førre veke. No har ein av demonstran­tane mottatt bot.
STEIN HALVOR JUPSKÅS Rundt 50 demonstran­tar frå Nok er Nok-aksjonen overtok bystyremøt­et i Stavanger førre veke. No har ein av demonstran­tane mottatt bot.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway