Stavanger Aftenblad

Fekk du med deg nordlyset?

-

Det skjer sjeldan, men natt til i går kunne ein sjå nordlys i Rogaland. Denne veka startar med klare og uvanleg varme dagar.

– Veka startar med milde dagar. Mange stader, spreidd over heile Rogaland, vil temperatur­en ligg på mellom 8–9 grader. Det skuldast eit høgtrykk i området aust for oss som kjem over Russland, sier Mette Skjerdal, meteorolog ved Meteorolog­isk institutt.

Normaltemp­eraturen i Stavanger for november er 4,8 grader. Onsdag, som blir vekas mildaste dag, ligg vi an til å få ein temperatur på oppimot 12 grader både i Stavanger, Sauda og Egersund - altså spreidd utover store delar av fylket.

– I går til og med onsdag vil det kome litt sol innimellom, men det vil nok vere meir skya enn sol, seier Skjerdal.

Sjølv om det for det meste er opplett, vil det lengst sør og langs grensa mot Agder kunne kome noko nedbør. Samtidig vil det blåse ein del, spesielt på kysten sør for Obrestad. Der kan vindstyrke­n kome oppimot stiv kuling.

 ??  ?? I går kunne du se nordlyset i Rogaland.
I går kunne du se nordlyset i Rogaland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway