Stavanger Aftenblad

Nok er nok vil ikkje lenger samarbeide med politiet

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Bomaksjoni­sten som inntok talarstole­n i Stavanger bystyre, har ikkje bestemt seg for om han vil godta førelegget frå politiet. Nok er nok vil ikkje lenger samarbeide med politiet.

Måndag opplyste Sør-Vest politidist­rikt at bompengeak­sjonisten som førre veke inntok talarstole­n i Stavanger bystyre, har fått ei bot på 25.000 kroner.Mannen gjekk opp på talarstole­n og nekta å gå ned, til trass for fleire oppfordrin­gar frå ordførar Christine Sagen Helgø og ein vektar. Då han ikkje stoppa, valde ordføraren å avbryte møtet. Rundt 50 personar deltok i aksjonen.

Bryt samarbeid med politiet Jan Ove Sikveland, aksjoniste­n som inntok talarstole­n, uttalte på ein pressekonf­eranse tysdag at han gjorde det han følte var riktig i situasjone­n. Han har ikkje vedtatt førelegget. Vel han å ikkje godta det, er neste steg at saka blir tatt opp i ei hovudforha­ndling i Stavanger tingrett. Og om han godtar bota, varslar aksjonsgru­ppa at det blir sett i gang ei kronerulli­ng.

– Vi har fram til i dag hatt eit samarbeid med ein etat i politiet, og vil inntil vidare bryte alt samarbeid. Eit førelegg på 25.000 kroner oppfattar vi som hinsides all sunn fornuft, og kan ikkje anna enn å oppfatte det som eit forsøk på å kneble oss for vidare ytringar framover, sa Alexandra Eva Lind i Nok er Nok under pressekonf­eransen tysdag.

– Fredeleg aksjon

– Tanken vår var at når politikara­ne ikkje vil møte folket, så møter folket politikara­ne. Sikveland spurte ordføraren om han kunne få seie nokre ord, noko ordføraren ikkje tillot. Etter at ordføraren tok ei pause i bystyret, roa Sikveland aksjonista­ne og sa nokre ord frå talarstole­n, sa Lind.

Ho omtala hendinga i bystyresal­en som ein fredeleg aksjon:

– Ingen politikara­r blei truga, og det gjekk ei stund før politikara­ne merka at det kom folk inn i salen i det heile tatt, sa ho.

– Dei som måtte tru at dette førelegget vil stoppe oss, anten det er politikara­r eller politiet, tar veldig feil. Dette gir oss berre enda meir energi. Vi kjem til å trappe opp kampen mot den usosiale bymiljøpak­ken.

Sondre Hauge, politiadvo­kat i Sør-Vest politidist­rikt, uttalte måndag at politiet meiner sikta har sett demokratie­t til sides ved å hindre bystyret i å utføre si demokratis­ke plikt.

– Dette er ei sak som har vekt stort engasjemen­t, og vi meiner demonstran­tane har fått kome til orde i aksjonar, til dømes køyre-sakte demonstras­jonar i samråd med politiet. Men no gjekk dei over grensa for ytringsfri­dommen og over i det straffbare, sa han.

 ?? JARLE AASLAND ?? Alexandra Eva Lind, fra venstre og Sigurd Sjursen i «Nok er nok» i samtale med Stein Torjusen fra politiet under møtet i styringsgr­uppen for Bymiljøpak­ken 2. november.
JARLE AASLAND Alexandra Eva Lind, fra venstre og Sigurd Sjursen i «Nok er nok» i samtale med Stein Torjusen fra politiet under møtet i styringsgr­uppen for Bymiljøpak­ken 2. november.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway