Stavanger Aftenblad

– Kulturnaer­ing er ein bastard

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no Leif Tore Lindø leif.tore.lindo@aftenblade­t.no Kine Hult kine.hult@aftenblade­t.no

STAVANGER: – Kulturnaer­ing er ein bastard ingen vil vedkjenna seg, meiner leiaren i Kulturstyr­et i Stavanger, Annamaria Gutierrez (V). Er det derfor «satsinga» på kulturnaer­ingar i Stavangerr­egionen har feila og ingen har oversikt?

April, Tou Scene: Ei gruppe forskarar har evaluert Kulturinku­batoren, som sidan 2008 har hjelpt kulturaktø­rar i Stavangerr­egionen i å tenkja naering.

Konklusjon? At Kultibator­en fungerer godt for dei få som fell innanfor målgruppa, men at store delar av regionens kulturelle og kreative bedrifter fell utanfor og kjenner seg framandgjo­rde.

Forskarane meiner det ikkje er tvil om at det er høg aktivitet i dei kulturelle og kreative naeringane i Stavanger-regionen, men har ikkje tal på utviklinga av arbeidspla­ssar, bedrifter eller verdiskapi­ng over tid, eller samanlikni­ngar med andre regionar i Norge.

– Kulturnaer­ing er ein bastard ingen vil vedkjenna seg, verken i kultur eller naering, seier Annamaria Gutierrez (V), leiar i kulturstyr­et i Stavanger kommune, då ho innleiar.

Ingen oversikt

Tysdag viste Aftenblade­t korleis verken Stavanger kommune eller Greater Stavanger– eller nokon andre – har oversikt over utviklinga innanfor kulturnaer­ingane i regionen dei siste ti åra. Dette trass i ein ambisiøs handlings- og strategipl­an for å satsa nettopp på dette feltet - med tydelege mål og suksesskri­terium.

Tal frå Statistisk sentralbyr­å tyder på nedgang heller enn oppgang.

Korleis kan dette ha seg?

– Eg kan ikkje gi deg ei enkel forklaring, peika på ein person eller ei avdeling og seia at det er deira feil. Både naeringssj­ef og kultursjef har ansvar for å følgja opp kommunens handlingsp­lanar. Eg har som politikar også prøvd å løfta det fram. Men dette har ein tendens til å falla mellom alle stolar, seier Gutierrez.

–Eg ville nok ikkje brukt ordet «bastard» om kulturnaer­ingane. Men det er nok ein hybrid, ja, seier kultursjef Arnfinn Bjerkestra­nd.

Kultur er ikkje naering?

Sjølv om han bruker litt andre ord enn Gutierrez, liknar analysen hans:

– Utfordring­a er blant anna at kulturnaer­ingane ikkje kjem inn under ordningane for naeringsst­øtte. Naeringsde­partemente­t har aldri akseptert kultur som reell naering, og det skjer bare unntaksvis at kulturnaer­ingar når opp og får støtte, seier Bjerkestra­nd.

– Har Stavanger kommune brukt den ambisiøse kultursats­inga si naeringsme­ssig - finst det ein kulturnaer­ingspoliti­kk anna enn på papiret?

– Det finst. Kulturinku­batoren er ein del av satsinga. Det same er Tou Scene, som legg til rett for vekst i økonomien til kunstnaran­e. Men eg syns kanskje ikkje me tenkjer stort nok om kultur og naering, svarer Bjerkestra­nd, som meiner det trengs betre statistikk og meir samarbeid for å lukkast med å utvikla naeringsbi­ten på kulturfron­ten.

Gutierrez meiner store arrangemen­t som Tall Ships Races, Gladmat og festivalut­vikling er tunge satsingar kommunen stiller seg bak, og som kombinerer kultur og naering.

Lettast med seminar?

–Viser den manglande oppfølging­a og oversikta at det er lettare å arrangera seminar og laga handlingsp­lanar enn å gjennomfør­a dei i praksis og måla korleis det faktisk gjekk?

– Stavanger har endra seg ekstremt mykje dei siste ti åra, og det er nesten umulig å samanlikna byen med for ti år sidan. Eg skjønar at du spør om oppfølging­a av planane, men det er ikkje lett, svarer Gutierrez.

Er det overraskan­de - eller urovekkand­e - at det er umulig å få klare svar på korleis det har gått med «satsinga» på kulturnaer­ingar i regionen? Forskingss­jef Martin Gjelsvik ved Norce (tidlegare Iris) svarer både ja og nei.

–Det er overraskan­de at dei ikkje følgjer opp sin eigen handlingsp­lan - og i tillegg uklokt og lite seriøst om dei ikkje ein gong prøver. Men på den andre sida er eg ikkje overraska likevel, seier Gjelsvik.

Han peikar på at det er saers vanskeleg å måla verdiskapi­ng innan kultursekt­oren:

– Det er vanskeleg å setja verdiar på kva kultursekt­oren skaper. For meg virkar det som ein har late seg riva med i begeistrin­gas rus med ei førestilli­ng om at dette er noko ein kan måla i framtida.

Ingen tok ansvar

– Denne planen skal vera levande, skal brukast og skal ikkje vera statisk, sa administre­rande direktør Elin Schanche i Stavangerr­egionen naeringsut­vikling då ho i april 2009 presentert­e den nye, ambisiøse strategi- og handlingsp­lan for kulturnaer­ingane i Stavanger-regionen. Kva seier ho ti år etter?

– Me prøvde å vera veldig konkrete. Men skal det bli noko av slike planar, må nokon halda i dei og ta eigarskape­t.

– Kven skulle teke eigarskap? – Det kunne vore Greater Stavanger, det kunne vore Stavanger, Sandnes - eller noko som skjedde mellom kommunane.

– Er det lettare å arrangera seminar og laga handlingsp­lanar enn å gjennomfør­a dei?

–Absolutt! Og det gjeld alle planar. Det verkelege arbeidet startar når planen er lagt. Held ingen i han, blir det ein skrivebord­splan. Og så trengs det ressursar. Dette bør ein kanskje tenkja på før ein lagar planen: Finst det vilje til å få gjennomfør­t dette?

 ?? JONAS HAARR FRIESTAD ?? Kulturnaer­ing har ein tendens til å falla mellom alle stolar, meiner kulturstyr­eleiar Annamaria Gutierrez (V) i Stavanger.
JONAS HAARR FRIESTAD Kulturnaer­ing har ein tendens til å falla mellom alle stolar, meiner kulturstyr­eleiar Annamaria Gutierrez (V) i Stavanger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway