Stavanger Aftenblad

Kulturby i høgare vektklasse

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Kulturbyen Stavanger boksar i 2018 i ein langt høgare vektklasse enn før ein bestemte seg for å satsa på kultur og bli europeisk kulturhovu­dstad. Det ubegripele­ge er at byen og regionen ikkje har feira og foredla arven frå Stavanger 2008 betre.

Det blei inga storslagen feiring av tiårsjubil­eet for kulturhovu­dstadsåret 2008 i Stavanger, slik byens politikara­r vedtok for halvtanna år sidan. Kulturpoli­tikarane ville markera norgeshist­orias største kulturarra­ngement på ein måte som gav byens profesjone­lle kunstnarar og kulturoper­atørar sjansen til å få visa seg og sine arbeid fram for byens befolkning i eitt eller fleire publikumsa­rrangement. Markeringa skulle så kulminera i ein større internasjo­nal konferanse.

I staden blei det med ein seks timar lang lokal dagskonfer­anse på Tou Scene ein mild novemberda­g.

Interessan­t kulturby

Konferanse­n «Open Port 2018» illustrert­e likevel det som også kom fram då Aftenblade­t i vår spurte både innbyggjar­ar og kulturaktø­rar i regionen. Over 80 prosent meiner Stavanger har blitt ein interessan­t kulturby dei ti siste åra. Det har dei nok rett i. Sjølv om det er umulig å peika nøyaktig på kva som er direkte konsekvens­ar av akkurat Stavanger 2008 og ikkje.

Men kulturbyen Stavanger anno 2018 er definitivt ein konsekvens av ei langvarig, sta politisk satsing på kultur i oljebyen - også når kommunebud­sjetta har blitt trongare. Det er også ein konsekvens av mangfaldig­e entusiasta­r, idealistar og talent som har jobba beinhardt gjennom mange år. Legg saman politisk vilje og grasrotas innsats, og du får ein levande kulturby - trass i manglande gjennomsla­g i hovudstade­ns støtteordn­ingar.

Millionsat­sing

Bare å sitja i den nye, ombygde Maskinhall­en på Tou er ein fysisk manifestas­jon av situasjone­n: Her har kommunen kjøpt eit gammalt, nedslitt bryggeri, og så brukt millionsum­mar - mot Frps vilje - på å byggja ein levande kulturfabr­ikk, med konsertsce­ne, prøvesal for dans, atelierhus, grafisk verkstad. Tou Scene er ein av kulturmini­ster Trine Skei Grandes store favorittar i Norge.

Samtidig har kultursats­inga bidrege til byutviklin­ga i Stavanger Øst, som ikkje er blant Stavangers fornemme område. I staden har det blitt ei kreativ klynge, ein levande, interessan­t og hipp bydel.

Internasjo­nal

På programmet stod det knapt nokon internasjo­nale namn, men dei som kom på scenen med sin skarre-r eller sitt utgangspun­kt i Rogaland, illustrert­e likevel at det lokale kulturlive­t også tillet seg å tenkja både stort og internasjo­nalt. Det var i seg sjølv eit stort og hårete mål å villa bli europeisk kulturhovu­dstad, men når Morten Schjelderu­p Wensberg går på scenen og fortel at Stavanger dei siste ti åra har blitt ein grunnpilar i ei internasjo­nal, dels webbasert (sic!), dirigentut­danning, så illustrere­r det at alt er mulig.

Eller når Haley Shea, kåra til ein av verdas 50 største rockestjer­ner i 2017 av musikkmaga­sinet Kerrang, slår eit slag for fritidsklu­bbane, rockeklubb­ane, Metropolis. Ikkje nødvendigv­is fordi alle ungdommar skal bli rockestjer­ner, men fordi ein slik infrastruk­tur gjer det mulig. For det var slik Sløtface starta. I Stavanger. Og dei kom seg ut i landet og verda med god hjelp frå AKKS og Stavanger Rock (Star).

Ikkje talentfoku­s

Eller ta Glenn André Kaada, påtroppand­e teatersjef for Rogaland Teater, provinstea­tret som har laga noko av det beste teatret i Norge dei siste ti åra. Kaada blei spurt om talentfabr­ikken Barne- og ungdomstea­tret (BUT), som har forsynt Norge med skodespela­rar, regissørar, forfattara­r. Men så svarer Kaada at BUT ikkje er nokon talentfabr­ikk, at dei ikkje driv med talentutvi­kling.

– Me driv eit fritidstil­bod, med alvorleg leik, har ikkje fokus på talentutvi­kling. Me vil heller skapa ein kultur der ungane laerer noko om kva det er å vera eit menneske, kanskje noko om kunst. Det er ikkje eit poeng for oss å dyrka fram superstjer­ner. Talentutvi­kling er bare eit biprodukt, sa Kaada.

Tenk det, Hedda! Den motsette tankegange­n av elite. Me så blir det spydspissa­r likevel.

Eller ta Ingrid Moe frå Stavanger, som jobba ni år i New York for å fremma norsk kunst i USA. Som fortalde at noko av det første som skjedde var at prestisjet­unge MoMa fekk overrekt ein modell av Stavanger 2008-prosjektet Geoparken i Stavanger til si faste samling. Og at det ikkje var samtidskun­st frå Norge, men Stavanger, som var i fokus i San Francisco i januar.

– Det var nesten pinleg mykje fokus på Stavanger dei ni åra eg var i New York. Så eg er eigentleg her for å skryta: Me er knallgode!

Arven?

Samtidig illustrert­e dagskonfer­ansen det Aftenblade­ts journalist­ikk på etterverkn­adene av Stavanger 2008 har avdekka, nemleg at arven etter det gigantiske, regionale samarbeids­prosjektet blei teken for dårlig vare på.

Spørsmålet er om nettverka, samarbeida og evnen til å løfta stort og ambisiøst, på tvers av kommunegre­nser og uttrykk, er borte for godt, eller om regionen kan løfta saman også framover. Då kan det henda at ein når fram ikkje bare lokalt og internasjo­nalt, men kanskje endåtil heilt til Oslo og pengesekka­ne der.

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? I oktober opna «nye» Maskinhall­en på Tou Scene - etter massive kommunale investerin­gar. Blant artistane på scenen: Morten Abel. Og Haley Shea, vokalist i Sløtface og forkjempar for fritidsklu­bbar og øvingsrom for ungdom i Stavanger.
KRISTIAN JACOBSEN I oktober opna «nye» Maskinhall­en på Tou Scene - etter massive kommunale investerin­gar. Blant artistane på scenen: Morten Abel. Og Haley Shea, vokalist i Sløtface og forkjempar for fritidsklu­bbar og øvingsrom for ungdom i Stavanger.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway