Manisk om depresjon
TEATER: Intellektuell tekst og manisk form gjer det vanskeleg å føla med i Sarah Kanes sjølvmordsdrama «04:48 Psykose» på Rogaland Teater.
Rogaland Teater, Intimscenen: «04:48 Psykose» av Sarah Kane. Omsett av: Jon Fosse. Regissør: Eline Arbo. Scenograf og kostymedesign: Katja Ebbel Fredriksen. Musikalsk ansvarlig: Thijs van Vuure. Lysdesign: Karl Oskar Sørdal. Dramaturg: Michael Evans. Maskør: Jill Tonje Holter. Med: Ragnhild Tysse, Ingrid Unnur Giaever, Svein Solenes.
Sarah Kane fekk aldri sett sitt siste teaterstykke framført. Kort tid etter å ha fullført manuset til «04:48 Psykose» tok ho livet sitt, bare 28 år gammal.
Nesten halvtanna år seinare hadde stykket urpremiere i London, i juni 2000. Då skreiv The Guardians teaterkritikar Michael Billington blant anna dette om kritikarens dilemma: «Korleis i all verda gir du ei estetisk vurdering av eit 75 minuttar langt sjølvmordsbrev?» Til gjengjeld kan Billington prisa seg lukkeleg over at han slapp å trilla terning...
Deprimert kvinne
«04:48 Psykose» handlar om ei ung kvinne som lir av tunge depresjonar – slik Kane også gjorde. Manuset har ikkje konvensjonelle sceneinstruksjonar eller karakterar, og har dermed blitt løyst på mange ulike vis når det har blitt sett opp på scenen.
På Rogaland Teater har regissør Eline Arbo valt å bruka tre skodespelarar som illustrerer tre ulike stadium i livet til den unge kvinna. Ragnhild Tysse er 28-åringen som slit med å finna sin plass i livet, Ingrid Unnur Giaever spelar hennar fiktive ungdomsfortid, Svein Solenes hennar fiktive framtid.
Stykket har knapt med konvensjonell dramaturgi - bortsett frå at det jo ender dårlig. Teksten er fragmentarisk og er eigentleg hovudkarakterens dialog med seg sjølv, der ho vekselvis er innom psykologsamtalar og reflekterer over enorme spørsmål rundt liv, død, meining, kjaerleik.
Intellektuell dame
Men det er altså eit djupt intellektuelt og språkmektig menneske som snakkar. Ho driv med ganske så avansert analyse, tidvis i poetiske vendingar. Dette krev analytisk distanse frå henne sjølv - men det skaper samtidig ein distanse til meg som sjåar. Det heile blir meir rasjonelt og analytisk enn emosjonelt og rørande.
Samtidig er problemet med å skriva ned store tankar rundt enorme spørsmål at det skal mykje til for å seia noko nytt, originalt, noko me aldri har sett, høyrt eller tenkt før. Det er også saers vanskeleg å unngå å bli pretensiøs.
For eksempel: Mot slutten spør den deprimerte unge kvinna «Hvordan er jeg?» og får til svar: «Negasjonens barn.» Jaha? Det høyrest djupt ut, men kva betyr det?
Manisk dame
Tungt deprimerte menneske er per definisjon ekstremt sjølvopptekne – noko som kan gjera det ganske tungt for omgjevnadene. Så også her. Alt handlar om hovudpersonens manglande evne til å elska, la seg elska, leva, døy.
Men regissør Arbo har valt å leggja stemningsleiet i brorparten av oppsetninga i eit ganske manisk leie. Skodespelarane er sterkt sminka, fargane i den enkle scenografien er skrikande oransje bak dei enorme forhenga av plaststrimlar, skodespelarane er maniske i mykje av spelet, saerleg Tysse er imponerande fysisk på scenen.
Men eg blir sitjande og lura på om eg hadde følt meir om dei hadde vore i eit lågare stemningsleie og meir nedtona spel. Depresjonen blir ikkje meir overtydande av å bruka høg stemme og store fakter.
Til gjengjeld gjer det desperate, nesten sinte uttrykket i brorparten av stykket at dei rolige partia fungerer desto betre i kontrast. Skodespelarane spelar og syng, til tider styggfint. Interessant nok treff noko av det musikalske tyngre emosjonelt, som hiphopnummeret midtvegs.
Mot slutten roar det seg, og forma blir meir dempa. Då følte eg endeleg meir med den deprimerte kvinna som ikkje vil leva lenger.
Men eg blir sitjande og lura på om eg hadde følt meir om dei hadde vore i eit lågare stemningsleie og meir nedtona spel.