Stavanger Aftenblad

Skal me gå på vatnet?

- Andreas Haarr Prest

Men Jesus gjekk på vatnet, og Peter gjekk nokre få steg ein gong. Så tenkjer eg at for min del er det ikkje å gå på vatnet som er det store og det eg skal satsa på. Sannsynleg­vis er det heller andre steg Jesus vil at eg skal ta.

Jesus gjekk på vatnet

Det er ikkje til å undrast over. Klart han kunne gå på vatnet. Han er jo Guds son. Jesus gjorde mange ting som me ikkje ganske kan skjøna og forstå med tanken. Men alle undera Jesus gjorde viser jo at han var annleis. At han kom frå Gud og hadde ei ganske spesiell oppgåve her hjå oss. Og folk såg det Jesus gjorde og folk høyrde orda han sa, og dei undrast: Kven er dette som gjer slikt og seier slike ord? Det er dette Bibelen vil ha sagt noko om, kven er han denne Jesus som gjer og seier så mykje undarleg. Me undrast på om det går an å gå på vatnet. Bibelen svarer på kven han er, han som kan slikt.

Peter gjekk på vatnet

Peter var fiskar. Han hadde vore på Genesarets­jøen mange gonger før. Sjøen hadde av og til sterke kastevinda­r, så det kunne vera farleg. Denne gongen me les om nå hadde laeresvein­ane alt vore på sjøen i mange timar i sterk motvind. Og det var i den fjerde nattevakta det skjedde, altså ein gong mellom klokka 3 og 6 om morgonen. Dei støkk og vert redde når dei får sjå Jesus koma gåande. Dei trur det er eit gjenferd, eit spøkelse. Jesus snakkar med dei og dei forstår kven som kjem til dei. Då er det at Peter prøver seg på å gå på vatnet. Det går godt ei stund, men når han vert merksam på uveret rundt, då søkk han og må få hjelp av Jesus til å koma seg opp i båten. Legg merke til resultatet av det heile. Alle sa om Jesus: «Du er sanneleg Guds Son».

To steg i dag

Så trur eg ikkje at eg vert kalla av Jesus til å prøva meg på å gå på vatnet i dag. Den gongen høyrde det med som ei av dei mange opplevinga­ne slik at dei alle skulle oppdaga at Jesus var Guds Son. Då tenkjer eg at det er to steg for oss i dag som er like utfordrand­e. Det første er at me og skal ta det eine steget i retning Jesus. Han som er alt. Han som kan alt. Han som held oss oppe. Han som er liv og frelse. Det er han me skal halda oss til når livet kjem med sterke motvindar. Jesus sa «Kom» til Peter den gongen, han seier det same til oss i dag. Så tenkjer eg at det er eit andre steg og i dette for oss, og det er det steget me skal gå til naboen eller nokre andre som treng ein neste. Me skal gå frå møtet med Jesus, baerande med oss noko av hans kjaerleik og omsorg til menneska rundt oss. Så veit eg ikkje kva som er mest skraemande, å gå eit steg i retning Jesus eller til naboen. Bibelordet i dag seier noko om at Jesus uansett er like i naerheten av oss, klar til å retta ut si bergande hand.

SØNDAGSTAN­KAR: Eg har aldri gått på vatnet. Ikkje trur eg at eg kjem til å gjera det heller.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway