Stavanger Aftenblad

–Meir akseptert å kjøpe brukt

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

RANDABERG: I åtte år har to søstre arrangert bruktmarkn­ad med leiker, kle og utstyr til born. Dei har merka ei tydeleg endring.

– Dei første åra vi arrangerte dette, merka vi at det nok var litt uvant å kjøpe brukt. No er det meir akseptert, vi ser at det har blitt ein trend. Spesielt unge mødre fortel at dei kjøper brukt fordi dei er miljøbevis­ste, seier Anne Brit Westby.

I 2010 bestemte ho og søster Annette Rygg Kjerstad seg for å starte ein barnebrukt­marknad på Randaberg. Begge fekk barn på same tid og hadde ikkje så mange å arve frå.

– Etterkvart gjorde vi det også for å kvitte oss med eigne ting. Det begynte å hope seg opp i kott, kjellar og garasje, seier Rygg Kjerstad.

Laurdag blei Randaberg barnebrukt­marked arrangert for 15. gong. Marknaden blir arrangert to gongar i året, haust og vår.

Leitar etter julekjolen

Laurdag morgon står menneska tett i tett utanfor Randaberg forsamling­shus. Køa går heilt ut på vegen. Dei som står fremst møtte klokka 9, ein time før det opna.

– Vi ser blant anna etter kle til den lille som er på veg. Og så har vi tenkt å kjøpe julekjole til Ragna, seier Helene Søndenaa Sleveland, som står midt mellom Ragna (4) og Askil (6).

– Kjolen skal vere kvit, seier Ragna.

Inne i forsamling­shuset finn ein klede, sko, leiker og utstyr til barn og unge i alderen 0 til 14 år. Medan det før var mest småbarnsfo­reldre som kom, er det no ein del ungdommar som reiser åleine på shopping.

Dei første åra var det dessutan mest folk frå Randaberg og Stavanger som deltok. No har arrangøran­e merka seg at det er stadig fleire som reiser eit stykke.

Inger Marit Holm Svela og Jan Terje Tveit har reist frå Egersund med vesle Morten Tveit (1 år og 4 mnd). Paret var blant dei første som fekk kome inn.

– Vi vann ein Facebook-konkurrans­e der premien var å kome først inn. Dei andre kom jo like etter, men vi fekk likevel røska med oss eit par ting, seier Jan Terje Tveit.

Han står litt i bakgrunnen medan sambuaren leitar gjennom store dungar med kle. Så går dei vidare til eit langt bord dekt av leiker.

– Vi var her i fjor også, før Morten var fødd. Då fann vi blant anna eit reint og fint babynest som kosta 150 kroner. Dei dyraste av desse kan koste over tusen kroner om ein kjøper nytt.

70.000 kroner til barneheima­r Utanfor er det framleis kø klokka 11. Inne er det så fullt at arrangøran­e kun slepper inn nye når nokre har gått.

I fjor var det registrert over 1000 besøkande, i år venta arrangøran­e enda fleire. 50 personar er selgarar og fastset sjølv prisen på varene. Selgarane får ein stor del av fortenesta. Overskotet går til to barneheima­r i Colombia og Kenya. I fjor blei overskotet på 70.000 kroner.

Damene frå Randaberg har ingen stor organisasj­on i ryggen, Randaberg Barnebrukt­marked er registrert som ein eigen medlemsorg­anisasjon i Brønnøysun­dregistren­e. Då dei starta var dei ti venninner som selde. Det har blitt veldig mykje større på desse åra.

– Det er viktig at utvalet er godt heile dagen, også for dei som kjem seint, seier Rygg Kjerstad.

Søstrene har den fulle kontrollen, går litt ut i gangen og sjekker at alt går greit med betalinga, går innom kafeen der det er sal av kake, gjaerbakst, kaffi og brus, stikk hovudet ut med sjokolade til alle som framleis står i kulda og ventar. No går dei mellom radene og rettar på kjoler, bukser og jakker, sørger for at alt ser fint ut.

– Det er litt som Finn.no live, berre at du slepp å køyre rundt på dørene for å hente alle tinga du kjøper brukt.

Gosia Salwin og sonen Antek (6) står med ein pose full av klede og leiker, er snart på veg ut.

– Vi har blant anna funne vinterdres­s og vottar. Det er veldig praktisk å kome hit, men ein må passe seg så det ikkje blir for mykje, sier Salwin.

Overskotet går til to barneheima­r i Colombia og Kenya. I fjor blei overskotet på 70.000 kroner.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? – Mange merker kostar tusen kroner når ein kjøper nytt. Det er mykje pengar å spare på å kjøpe brukt, seier Jan Terje Tveit. Saman med sonen Morten Tveit og sambuar Inger Marit Holm Svela har han reist frå Egersund for å handle brukt på Randaberg.
FREDRIK REFVEM – Mange merker kostar tusen kroner når ein kjøper nytt. Det er mykje pengar å spare på å kjøpe brukt, seier Jan Terje Tveit. Saman med sonen Morten Tveit og sambuar Inger Marit Holm Svela har han reist frå Egersund for å handle brukt på Randaberg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway